Forsvarsforum
Anmeldelser
Tips en venn6.2.2008Sara Blædel: «Grønt støv»
355 sider
Hr Ferdinand
2007
Ung krim
Louise Rick er den nye heltinna
vår, etterforskar i København-politiet.
Ho og journalist-venninna
Camilla jobbar frå kvar sin kant
for å oppklåre fleire storbymord.
Narkotika og narko-bakmenn er
sentrale i soga. Unge Sara Blædel
fekk prisar for denne debuten, og
det forstår vi godt. Men noko
framandt er det, i alle høve
samanlikna med den hardkokte
stilen som vanlegvis pregar dagens
kriminalromanar. Louise (og
Sara) ser mykje lysare og lettare
på livet enn til dømes Val
McDermids og Minette Walters
heltar. (eb)
Sara Blædel:
«Kall meg
prinsesse»
310 sider
Hr Ferdinand
2007
Net Chat Love
I pakt med tida: Dei som satsar
på å finne kjærleiken, eller i alle
fall den delen av han som handlar
om sex, via internettet, ja dei
må vere budde på problem. Vi
som er for gamle til slikt slepp
unna. Det skjer bestialske valdtekter,
gjort av menn som på
nettet har gitt seg ut for å vere
både snille og gode. Venninna
Camilla er mellom dei som freistar
lukka i cyberspace, når
Louise Rick blir sett på saka.
Betre enn «Grønt støv». (eb)








