Blå kappestrid i Fredrikstad

25.5.07

For fyrste gong på tre år arrangerte Forsvaret ein av sine største idrettstevlingar.

PUBLIKUMSFAVORITT: Det er ingen tvil om kva tevling Fredrikstad-publikummet likte best. Her kjempar marinens minemannskap ein bitter kamp. Foto: ANDREAS STEINNES BJERKNES.
PUBLIKUMSFAVORITT: Det er ingen tvil om kva tevling Fredrikstad-publikummet likte best. Her kjempar marinens minemannskap ein bitter kamp. Foto: ANDREAS STEINNES BJERKNES.


Det fekk Fredrikstad sine innbyggjarar oppleve då marineflåten fortøydde i hamna, og 400 sjøfolk deltok på årets marinemeisterskap den andre veka i mai. Gjennom tre harde tevlingsdagar sjarmerte sjøfolket både seg sjølv og publikum, og den 48. marinemeisterskapen blir så visst ikkje den siste.
– Eg trur folket i Fredrikstad sit igjen med eit positivt inntrykk av oss etter meisterskapen, seier sjefen for Kysteskadren, flaggkommandør Håkon Tronstad.

Vakte oppsikt. Så positivt at han alt har varsla besetningane om å skjerpa konkurranseinstinktet: Til neste år bles marinen i gong ein ny meisterskap. Dei fleste fartya segla inn til Fredrikstad fredag 4. mai, til strålande vêr og lovnadar om ein flott meisterskap. At fartya vakte oppsikt i lokalbefolkninga var tydeleg, dei to minejaktfartya KNM Måløy og KNM Karmøy fekk besøk av meir enn 2500 personar under opne skip-arrangement dei to påfølgjande dagane.
 
Kulturhelg. På opningsdagen fekk både besetningar og innbyggjarane i Fredrikstad mogelegheit til å høyre Kongelege Norske Marines Musikkorps. Korpssjef Truls Sanaker fortel at det er viktig å vise mangfaldet i marinemusikken.
– Vi spela tradisjonelle militære marsjar på brygga ved KNM Narvik, før storbandet vårt, med Odd Rene Andersen og Jorunn Erdal framføre førestillinga «Ray Charles in concert», fortalde han.
Storbandkonserten vart halde i historiske omgjevnadar i det gamle militære området i Gamlebyen med over 1000 frammøtte.

Tautrekking. Etter ei helg med opne skip, konsertar og sosialt samvêr blei etterkvart merksemda retta mot idretten.
– At det igjen vert arrangert ein slikt meisterskap er både spanande og særs gledeleg. Fysisk fostring er ei føresetjing for at vi skal kunne drive ei operativ marine, fortel Håkon Tronstad.
– Mykje av fokuset i dag ligg på høgteknologiske løysingar, med opplæring og bruk, og difor er det spesielt viktig at vi får denne marinemeisterskapen som skaper blest omkring fysisk fostring og kan motivere alle til å leggje innsats i å trene.
Det var tautrekkinga i gågata som viste seg som den store publikumsidretten: Høgt tempo, kraft og viljestyrke prega konkurransen, og medan enkelte lag tok seg enkelt vidare, hadde andre meir enn nok med å koma seg heilskinna til neste runde.

Informerte sine eigne.
Gjennom heile meisterskapen hadde rekrutteringsoffiserar frå Sjøforsvarets skoler stands.
– For oss er Marinemeisterskapen ei mogelegheit til å spreie informasjon om den utdanninga vi tilbyr ved Sjøforsvarets skoler, seier orlogskaptein Kristin A. Andersen.
Ho er overtydd om at mange av fartya sine besetningsmedlem treng ei oppdatering på dagens mogelegheiter i Sjøforsvaret.
– Det er viktig for oss å vere synlege også overfor publikum, og det er særs viktig å nå fram til ungdomen. Vi er veldig nøgde med oppslutninga, og har faktisk snakka med ein del ungdom heilt ned i 14-årsalderen, fortel Andersen.

PÅ BRYGGA: Mineryddingsfartya KNM Måløy og KNM Karmøy fekk besøk av 2500 personar på ope skip-arrangement langs brygga i Fredrikstad. Foto: ANDREAS STEINNES BJERKNES.
PÅ BRYGGA: Mineryddingsfartya KNM Måløy og KNM Karmøy fekk besøk av 2500 personar på ope skip-arrangement langs brygga i Fredrikstad. Foto: ANDREAS STEINNES BJERKNES.


Siste for KNM Narvik. Det gjekk raskt fram av premieutdelinga at Marinens jegervåpen hadde sett sitt preg på meisterskapen. Med siger i seks av elleve øvingar vann jegervåpenet generalinspektøren sin pokal med god margin. Det var likevel KNM Narvik som fekk dei største ovasjonane frå tribuna. Med siger i tautrekking og hiveline, og ein andreplass i meisterskapen samanlagt, kan den tradisjonsrike fregatten leggje til kai i Horten med æra i behald. Fregatten vann også ein publikumspris, utdelt av Fredrikstad kommune til det fartyet som på best måte hadde satt eit positivt preg på bybildet.

ANDREAS STEINNES BJERKNES

Marinemeisterskap
– Arrangert for 48. gong.
– Generalinspektøren sin pokal gjekk til Marinens jegervåpen.
– Publikumsprisen gjekk til fregatten KNM Narvik sitt mannskap.






Idium Portalserver 3.0idium webpublisering