Blind meister

04.12.07

Militærnektaren måtte innsjå nederlaget då blinde Eivind Knudsen prosederte for første gongen. Og norsk rettshistorie har fått eit nytt kapittel.

HISTORISK: Eivind Knudsen er den første blinde som har prosedert ei sak for det norske rettsvesenet.
HISTORISK: Eivind Knudsen er den første blinde som har prosedert ei sak for det norske rettsvesenet.


På tiltalebenken i Nordre Vestfold tingrett sit ein ung militærnektar som ikkje har møtt opp til førstegongstenesta. Rett over står 28 år gamle Eivind Knudsen og les opp påtalemyndigheitene sitt syn på saka, med fingertuppane. Han er i ferd med gi norsk rettshistorie eit nytt kapittel: den første blinde juristen som nokosinne har prosedert ei sak i det norske rettsvesenet. Knudsen er i heimbyen Horten, han er i ferd med å vinne si første sak, og han har begge beina godt plassert på bakken. 
– Det finns jo atskilleg meir avanserte saker, men det er ei oppleving å få representera Generaladvokaten og påtalemyndigheiten, fortel Knudsen.

GJORDE INNTRYKK: Forsvarar Helge Hjetland (til venstre) var ein av mange som blei imponert då Knudsen debuterte i Nordre Vestfold tingrett. Foto: ARNE FLAATEN.
GJORDE INNTRYKK: Forsvarar Helge Hjetland (til venstre) var ein av mange som blei imponert då Knudsen debuterte i Nordre Vestfold tingrett. Foto: ARNE FLAATEN.


Sjølvstendig. I sommar byrja han i den nye jobben hos Generaladvokaten,  på Karl Johans gate. Inne på Knudsens kontor ligg blindestokken på hattehylla, juristen kjenner kontorlandskapet.
– Eg er ein sjølvstendig person som stort sett greier meg åleine. Det er berre småting eg treng hjelp til, som å lese interne referansenummer her på kontoret.
Eit lesebrett kopla til datamaskinen, ein blindeskriftprinter og ein scanner. Lesebrettet får fram tekstlinjene frå dataskjermen i blindeskrift, og Knudsen kan surfa på Internett.
– Eg kan lese alt så sant det er tekstbasert. Lovdata, politiet sine intranettsider og Gule Sider har mange treff på min maskin.
– At eg er her hos Generaladvokaten, er faktisk heilt tilfeldig. Eg fekk anbefalt jobben av ein kjenning. Her får ein jo jobbe med jus i praksisperioden, det er det ikkje alle som får. Ganske mange brukar tida på å sette over kaffien.
Ein skal nemleg ha prosedert fire saker for å bli advokat. Knudsen ligg an til å nå dette før nyttår.
– Ein får med andre ord god erfaring. Faktisk så visste eg ikkje at det fanst militær påtalemyndigheit, det er jo eit smalt område. Men det går rett inn i kjernen av strafferett. Det er ikkje så avansert det me held på med, men me er mykje i retten.

LESEBRETT: Krigsadvokaten har utstyret i orden. – Med lesebrettet får eg med meg alt som er tekstbasert på data, seier han.
LESEBRETT: Krigsadvokaten har utstyret i orden. – Med lesebrettet får eg med meg alt som er tekstbasert på data, seier han.


Dyktig i faget. Jusstudia starta for snart åtte år sidan, men det var strengt tatt ikkje advokat Knudsen skulle bli.
– Etter gymnaset flytta eg til Lillehammer for å ta eit år på Nansenskolen og førebu meg til å bli forfattar. Året før tok eg rettslære, og eg fekk interesse for faget. Samstundes tok mor mi 1. avdeling jus. No har eg lagt forfattardraumen på is, enn så lenge, fortel han.
Ifølgje generaladvokat Arne Willy Dahl har Knudsen funne seg godt til rette i advokatyrket.
– Han er eit positivt tilskot i miljøet her. Mykje godt humør og dyktig i faget sitt, og så greier han seg stort sett på eigehand, fortel Dahl.
– At eg er blind er ikkje eit så stort handikapp i dette yrket, jus er trass alt eit tekstfag. Gjennom studia har eg fått bruke data på eksamenar, og då eg skulle levere inn oppgåver, var det berre å trykke dei ut. I jobben har eg det utstyret som trengs, fortel 28-åringen, som har vore blind sidan fødselen.
– Kva forhold har du til Forsvaret?
– No er det jo høgaktuelt med forsvarsstudia, men akkurat den vågar eg ikkje å snakka om. Eg er oppteken av at me har eit godt forsvar. I den daglege kontakten me har med ulike avdelingar rundt om i Forsvaret er det ofte vanskeleg å finne fram i jungelen deira. Folk bytar jo jobb heile tida.
– No er jo ikkje Generaladvokatens kontor ein del av Forsvaret, men påtalemyndigheitene. Det er ein uformell tone her, og folk er på fornamn med kvarandre, me er jo berre sju tilsette, fortel han.

Blei dømd. – Kva tilbakemeldingar fekk du frå kollegar i Horten?
– Domaren og meddomarane var nok ikkje førebudd på at det skulle koma ein blind krigsadvokatfullmektig frå påtalemyndigheitene. Og forsvararen til den tiltalte var ganske overraska over at eg greidde å gå rundt i salen og levere ut dokumenta på eigehand.
– Korleis gjekk det med den tiltalte?
– Han blei dømd i tråd med aktor sin påstand, men han har framleis ein teoretisk moglegheit til å anke, det trur eg ikkje han gjer.
Før jul skal Krigsadvokaten i retten igjen, denne gong i Oslo tingrett. Og skal me tru Knudsen, held han fram som Generaladvokatens mann så lenge som mogleg.
– Ingen ville blitt lukkelegare enn meg viss eg kan bli her til eg fyller 70 år, seier Eivind Knudsen.

VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: MARIUS KNUTSEN

Fakta
– General- og krigsadvokatane er rådgjevarar for Forsvaret i straffe- og disiplinærsaker og utgjer den militære påtalemyndigheita.
– Dei er likevel ikkje ein del av Forsvarets organisasjon, men tilhøyrer Justisdepartementet.
– Embetets historie strekk seg tilbake til 1646. I dag er Generaladvokaten og krigsadvokatane for Sør-Noreg samlokalisert i Oslo, medan krigsadvokatane for Nord-Noreg har kontor i Tromsø.
– Embetet har høg kompetanse innan fagfelta krigens folkerett, operasjonell rett og militær rett.
– Generaladvokaten og krigsadvokatane er såleis førebudd på å kunne aktorere krigsforbrytarrettssaker. 
Kjelder: Wikipedia og Forsvarsnett
Idium Portalserver 3.0idium webpublisering