![]() |
|
LURT TIL SKOGS: Ida Marie Bjørgul (midt i biletet) synes hinderbaneløypa var tyngst, men frustrasjonen kom ikkje før i den
søvnlause natta.
|
– Dette er primitivt, men effektivt, fortel eliteløpar Anne Margrethe Hausken (31).
Saman med 24 andre o-løparar og fem trenarar kravlar ho seg over den haustkalde myra ved Rena leir. På ein teig står ein treffsikker snikskyttar, svolten på å få lasersikta inn ein o-løpar.
Natta i førevegen måtte orienteringslandslaget tåla utan søvn. Einaste matbiten dei har fått det siste døgnet, er ein liten pose med frukostblanding for eit par timar sidan. Det var ikkje dette som var planen?
– Det var litt frustrerande i natt, men det har teke seg opp igjen no, seier juniorløparen Ida Marie Bjørgul (19).
VM i Trondheim. O-løparane var i utgangspunktet kalla inn til ei samling på eit hotell ved Gardermoen. Der skulle dei trena saman gjennom helga og sjå fram mot verdsmeisterskapen i Trondheim i 2010. Slik blei det ikkje.
– Dette kom som ei stor overrasking på alle, seier generalsekretær Bjørnar Valstad i Orienteringsforbundet.
– Me fekk dei inn i ein buss, køyrde opp til Rena og overlat løparane til militæret. Løparane har ikkje peiling på programmet, dei veit heller ikkje kor lenge dei må vera ute i felt, fortel den tidlegare verdsmeisteren.
Dårlege sportslege resultat har fått o-leiinga til å tenkja i større banar. Valstad meiner Forsvaret har det som trengs for å heva prestasjonsnivået i landslagsgruppa.
– I dag er tre–fire nasjonar framfor oss, men når me skal delta i VM på heimebane, skal me vera desidert beste nasjon. Ein suksessfaktor er sterk lagand kor me miksar unge og eldre løparar i éin gjeng, seier han.
– Og då kjem Forsvaret inn?
– Me kom i kontakt med Krigsskolen, og dei laga eit skikkeleg godt program for oss. Ingen er flinkare på dette enn Forsvaret, meiner han.
Rett i kjellaren. Dei 25 o-løparane er junior- og eliteløparar, i tillegg til utviklingsgruppa som er imellom dei to. På Rena er dei delt inn i tre blanda grupper som skal kjempa mot kvarandre. Med frykt for skadar er tradisjonelle militærøvingar tona ned.
– Me kan jo ikkje køyre dei rett ned i kjellaren heller, og me skal ikkje skremme dei vekk. Eg trur me har funne ein fin balansegong, seier Valstad.
Anne Margrethe Hausken har vore med i gamet lenge. I tillegg til å vera o-løpar leiar ho utøvarkomiteen i Olympiatoppen.
– Me er såpass primitive at me synes dette er gøy. For oss som driv med toppidrett er alltid konkurranseinstinktet til stade. I ein sånn setting med miksing av løparar får me utfordra dei mentale eigenskapane som trengs for å bli best, sjølv om me i orienteringssporten er individualistar, seier ho.
Øystein Kvaal Østerbø (26) har ikkje vore i Forsvaret før. Halvvegs i hinderbaneøvinga ser han lyst på situasjonen.
– Me får trena på møtet med det ukjente, og det er noko me alle har godt av. Her får me ein peikepinn på kva kroppen tålar, seier han.
Junioren Ida Marie Bjørgul synes øvingane er harde nok.
– Det var ikkje dette eg hadde sett for meg då me kom til Gardermoen. Så langt har hinderbaneløypa vore best og hardast, men eg får ikkje håpe det blir verre enn dette, fortel ho.
Tøff og smart. Generalsekretær Bjørnar Valstad meiner det skal gjera litt vondt medan dei er midt oppi det. Gevinsten får dei seinare.
– Det er når dei har fått dette på avstand, dei vil få god bruk for denne erfaringa. Gjennom desse dagane får dei sett sine mentale eigenskapar på prøve.
Sportssjef Gøran Andersson utelukkar ikkje at o-landslaget tek opp att tråden frå Rena ved eit seinare høve.
– Det er berre fire–fem av desse som har vore gjennom førstegangsteneste, dei er vande med å ete kvar fjerde time og dei søv regelmessig. Med denne øvinga får me eit anna nivå på det mentale, samstundes som me gjer noko gøy. Orientering er for tøffe og smarte utøvarar, og for å bli verdsmeister, lyt ein vera tøff, seier han.
– Viss eg skal setje fingeren på noko her, så må det bli det altfor flotte vêret me har, seier svensken med eit smil.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: KLARA SOFIE LUDVIGSEN
O-løparanes harde program
– Ein torsdag møter landslaget til samling på Gardermoen. Etter eit par timar er dei på veg til Rena i buss.
– Forsvaret tek over styringa og utøvarane kler seg opp i uniform. Krigsskolen køyrer diverse øvingar heile natta gjennom.
– Fredag morgon er det kort frukost før nye øvingar skal gjennomførast.
– På ettermiddagen trur deltakarane at dei skal heim. Dei bli i staden køyrt til Terningmoen for å ta del i nye aktivitetar.
– På kvelden lagar dei ny overnattingsstad og får etter kvart nokre få timar søvn.
– Laurdag natt/morgon er det nye aktivitetar, blant anna skyteøving, før finaleøvinga.
– Samlinga vert avslutta laurdag ettermiddag.



Skriv ut
Tips en venn