![]() |
|
VINTER TIL SJØS: I februar fann den taktiske øvinga NorTG stad om bord på KNM Roald Amundsen. I mars deltar fleire av dei
same styrkane under Cold Response. Foto: VEGARD GRØTT
|
Sjøforsvaret sin generalprøve til storøvinga Cold Response går under namnet NorTG1. Gjennom ei veke i februar har det taktiske leiingsapparatet
Norwegian Task Group (NorTG) drilla dei fleste marineavdelingane saman med aktiv øvingsverksemd. Stabssjefen i NorTG, kommandør
Henning Amundsen, ser på øvingsdagane som verdifulle og nyttige.
– For første gong er heile NorTG-staben samla på eit fartøy frå den nye Nansen-klassen. Trass i at det manglar ein del ting
før alt er på plass, ser det fantastisk bra ut, seier han.
Intensivt. Til vanleg nyttar NorTG kystvaktfartøyet på KV Andenes som kommandoplattform. Men med eit sjøforsvar i stadig utvikling har
NorTG-staben no teke i bruk det moderne systemet til Nansen-klassen.
– Øvingsarbeidet om bord på KNM Roald Amundsen har fungert bra. Som evig optimist er eg hundre prosent sikker på at samarbeidet
vert ein suksess i framtida, meiner stabssjefen.
Øvinga NorTG1 er den første av i alt fire store øvingar som Amundsen og staben hans skal delta på i år. Kommandøren presenterer
to punkt som står i høgsetet under NorTG1.
– At heile staben får gjort seg kjend med dei nye fregattane, er svært positivt for det vidare arbeidet. Det er mykje å ta
tak i, og me lærer litt av kvarandre for kvar dag, seier han.
– For det andre brukar me denne øvinga til å trena på komplekse situasjonar der det fort vert eit intensivt tempo. Me skal
stilla godt rusta til Cold Response, legg han til.
![]() |
|
GENERALPRØVE: Dei aller fleste marineavdelingane blei drilla under NorTG også innafor sanitet. Foto: VEGARD GRØTT
|
Fundament. Sjølv om NorTG-staben styrer øvingsaktiviteten frå fregatten KNM Roald Amundsen, samkøyrer staben fleire marineavdelingar
under øvinga. I tillegg til Fregattvåpenet stiller Minevåpenet, Undervannsbåtvåpenet, Marinens logistikkvåpen og Taktisk
båtskvadron, som er ein del av Marinens jegervåpen på øvinga.
– For å få best mogleg utbytte av øvinga er det viktig at alle våpna deltek. Øvinga samkøyrer oss på ein god måte fram mot
Cold Response, meiner Amundsen.
Skipssjefen på KNM Roald Amundsen, kommandørkaptein Hans Petter Midttun, deler Amundsen sitt syn på det nye samarbeidet. Han
meiner det er spanande og positivt.
– Det er svært viktig at NorTG kan koma om bord på fregatten for å utføra arbeidet sitt her. Denne øvingsveka vert eit fundament
som me kan byggja vidare på, seier han.
Merkedag. Ettersom det nye samarbeidet er rykande fersk, har ikkje partane heilt sett saman suksessoppskrifta enno. Starten ser lovande
ut, men det må framleis ein del ting på plass før alt kan fungera optimalt, meiner Midttun.
– Ein kvar relasjon byggjer på nærleik og tillit. På sikt trur eg at det nye samarbeidet kan bidra til at NorTG kan konsentrera
seg meir om leiing og mindre om teneste. Me prøver etter beste evne å tilby våre tenester slik at NorTG-staben kan gi arbeidet
sitt full merksemd, og ikkje noko anna, seier skipssjefen.
– NorTG1 har vore ei god og lærerik øving. I tillegg har han fått fram eit nytt og spanande samarbeid mellom oss og NorTG.
Det er ein aldri så liten merkedag for historiebøkene, slår Midttun fast.
Fakta
■ Norwegian Task Group har til dagleg ansvaret for det sjøgåande operative leiingselementet på taktisk nivå. Denne gruppa
kan leia ei gruppe fartøy som er sett saman for å løysa ei eller fleire oppgåver i fred, krise og krig.




Skriv ut
Tips en venn