Forsvarsforum
Ei bru til krigshistoria
Dugnadsglade eldsjeler har brukt ti år på å omgjere Tellevik kystfort
til eit krigsmuseum. No kan dei glede seg over støtte frå Bergen kommune.
til tre millionar kroner – til før kommunen vakna.
– Me hadde ikkje hatt sjanse til å halda fram med dette arbeidet utan dei midlane me no er vorten lova frå kommunen. Det var eit vera eller ikkje vera. Det seier styreleiar Dag Bjørnar Mjelde i stiftelsen Tellevik kystfort.
300 000 kroner får stiftelsen til neste år.
– Ein god start, seier Mjelde, utan å leggja skjul på at han håpar på meir i framtida. Men fyrst vil han freista å lokka midlar ut av Hordaland fylkeskommune.
– Viktig krigshistorie
Men kva er det som gjer at ei handfull eldsjeler står på i så mange år, utan støtte, for eit gammalt kystfort frå krigen?
– Det bur om lag 50 000 menneske i området her. Tellevik kystfort er ein viktig del av krigshistoria til Åsane
og områda rundt. Dette fortet er det einaste som er igjen av sitt slag i Bergen. Me meinar det er viktig å
ta vare på dette. Særleg når ein ser kor historielause mange av dagens unge og vaksne er. Kystfortet her ute er ein stor ressurs i så måte, no når det er sett i stand, meiner Dag Bjørnar Mjelde og Olav Helvig. Helvig sit òg i styret for stiftelsen, som tel om lag 200 medlemmar og har hatt ei handfull dugnadseldsjeler. Det har vore mykje slit og hard jobbing for å få kystfortet i stand slik det er i dag. Mjelde og Helvig synes likevel det har vore verdt kvar ein time.
– Idealet i dag er jo å tena pengar til seg sjølve. Ikkje å gjera noko for det offentlege. Me har snudd litt på flisa og
tatt ansvar. Med god innsats har me gjort dette skikkeleg, seier dei to, utan å klara å skjula at dei er stolte over arbeidet dugnadsgjengen har gjort sidan 1995.
– Drivkrafta har vore at historia er så uendeleg viktig å ta vare på. Når ikkje det offentlege gjorde det, så måtte me
gjera det. Men heldigvis har det offentlege no sett verdien av det arbeidet me har lagt ned. Dessutan er det fint å kunna gje noko tilbake til dei som kjempa under krigen. Me har hatt med oss nokre krigsveteranar. Dei har gjort
inntrykk, fortel Mjelde.
10 000 vitjande
I fjor var rundt 10 000 skuleborn, turistar og andre på vitjing på Tellevik kystfort. Det utan at det har vore ordna
opningstider eller anna.
– Me har hatt eit prinsipp om at kjem det folk innom når me er her, så skal me vise dei rundt. Det same gjeld når skuleklassar eller andre har tatt kontakt med oss. I løpet av dette året håpar me å få til meir ordna opningstider
og eit tettare samarbeid med Industrimuseet på Salhus, som ligg like ved her. Med nye økonomiske midlar trur me det skal kunna gå, fortel Mjelde. Det viktigaste no er likevel å få på plass eit ekserserhus. Dei hadde fyrst fått tilgang på eitt, før Riksantikvaren satt foten ned for flytting av det. No har Forsvaret tilbode ein tilsvarande
bygning frå 1941. Einaste som manglar er ei godkjenning frå Riksantikvaren om flytting frå Korsneset ved Flesland.
Ho kan vera lika rundt hjørnet.
– Me håpar og trur det skal gå i orden. Eit slikt museumsbygg er veldig viktig å få på plass. Der kan me ha ymse utstillingsgjenstandar, samt at det vert eit litt større lokale å ha gjestane våre i. No har me bare bunkersane som
er under tak. Ekserserhuset vil gje eit enda betre heilskapsinntrykk og gjera Tellevik Kystfort til eit ypparleg turistalternativ til Fløibanen, Bryggen og dei andre tradisjonelle attraksjonane i Bergen, seier Mjelde og Helvig.
JOSTEIN MATRE
FORT FOR FOLKET. Olav Helvig (f. v.), Sigfinn Vik og Dag Bjørnar Mjelde håpar fleire tek turen til Tellevik når dei no får meir ordna opningstider. Der får ein blant anna sjå Draugenmonumentet. FOTO: JOSTEIN MATRE
LITT AV EIT ANLEGG. Desse apparata er blant dei utstilte krigsminna på Tellevik. FOTO: JOSTEIN MATRE








