Fall for Sverige

23.2.10

Den allierte vintertreninga i Noreg har i år så stort omfang at 400 nederlandske Marines og ein mindre helikopterstyrke måtte ty til svenske snøfonner og skibakkar.

 

UTFOR: Det gjeld å byrja i dei små bakkane erfarte nederlendare på øving i Sverige. Foto: TORBJØRN LØVLAND
UTFOR: Det gjeld å byrja i dei små bakkane erfarte nederlendare på øving i Sverige. Foto: TORBJØRN LØVLAND


Oppimot 11 000 utanlandske soldatar skal i løpet av året trene og øve på norsk jord. For første gong må Noreg av kapasitetsomsyn la ei større alliert avdeling få vintertreninga si i Nord-Sverige.

Aukande. Det er mangel på forlegning som gjer at 400 nederlandske Marines og ein mindre helikopter­styrke i år får vinterutdanninga si åtte veker i Arvidsjaur.
– Som gode EU-medlemmer har vi eit politisk direktiv om å tilby slik trening. Men Sverige er ikkje så stor som Noreg på dette feltet, eg vil tippe at vi i løpet av året har maksimalt 1000 utanlandske soldatar på trening i Sverige. Aktiviteten er aukande, seier oberst Ulf Persson, som er ansvarleg for utanlandsk trening ved det militære hovudkvarteret i Stockholm.

På kurs. Oberstløytnant Jarst de Jong har vore eit dusin gonger i Noreg for å øve vinterkrig. No er han sjef for 1. Marinebataljon av Royal NL Marines og for første gong på svensk jord:
– Her har vore mykje snø og mange kuldegrader. Og det er naudsynt for oss å trene i arktiske område; på klima-, terreng- og vinterutfordringar. Både mentalt og fysisk kan det vere krevjande. Om det er Noreg eller Sverige, speler mindre rolle, kanskje er konkurranse bra. Vi har 40 års erfaring frå Noreg og kjem nok tilbake, seier bataljonssjef de Jong.
Halvparten av soldatane hans går på ski for første gong. Tre dagar får dei grunnleggjande skitrening i Vittjokk alpinanlegg. Etter ski- og overlevingskurset følgjer eit par veker vinterkrig før det heile avrundast med ei bataljonsøving. Soldatane bor i telt bortsett frå i helgane – då trekkjer dei inn til Armeens Jägerbataljon sine varme kasernar og deltar i utelivet på byen.
– Klarer vi oss i arktisk klima, kan vi operere overalt i verda. Kulda hjelper på disiplinen fordi det fort straffar seg ikkje å ta vare på seg sjølv eller utstyret. Sverige har jo ikkje fjell, og vi har ingen fjære i Arvidsjaur, men det betyr ikkje så mykje, seier de Jong, vel vitande om at han driv arktisk trening litt sør for Polarsirkelen.
Beltevognene dei bruker, er henta frå lager i Noreg, og både isbading, fallskjermhopping og enklare amfibie­operasjonar inngår i treninga i Sverige. Dei eldre soldatane er ganske flinke på ski, og alle lærer fort, mellom dei 21 år gamle Nick van Egmond, som har litt slalåmerfaring frå før:
– Eg har vore tre år i Marines, men dette er første turen til Skandinavia. Det er kaldt  og flott her – vi merka kulda under overlevingskurset, fortel Egmond, som held på å grave ut ei snøhole.

SNØHOLE: Nick van Egmond graver seg plass i snøhola i Arvidsjaur. Alle foto: TORBJØRN LØVLAND
SNØHOLE: Nick van Egmond graver seg plass i snøhola i Arvidsjaur. Alle foto: TORBJØRN LØVLAND


Mange soldatar. Noreg har tradisjonelt førebudd seg på å ta imot britar og nederlendingar annankvar vinter; desse er dei største brukarane av norsk terreng. Men ein avtale mellom den norske og den nederlandske hæren (Army Cooperation Initiative) fører til at det no fleire år i trekk kjem mange hollandske soldatar til Noreg.
– Det er eit veldig stort volum på alliert terning og øving i Noreg. Men behova er ikkje dei same kvart år, og vi skal no gjere ein studie for å kartleggje behov og kapasitetar, seier oberst Bror Myrvang, som er sjef for felles øvingsavdeling (J7) ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Eldre forlegningar. Interessa for å øve eller trene i Noreg har vore stor i mange år, og det er mykje meir enn sjølve vinterøvinga som freistar. Med det allierte treningssenteret (ATS) klarer ein å spreie aktivitetane meir over tid, ikkje berre til den klassiske perioden med kaldt vêr. I juni vil til dømes 1000 belgiske fallskjermsoldatar trene i Porsanger.
– Når vi har aktivitetar halve året, er vi nøgde, for det er mykje som skal følgjast opp. Men eg føler vi enno har kapasitet til ein monaleg auke av den allierte treninga i Noreg, dersom vi ønskjer det, seier sjef ATS – oberstløytnant Lars Sundnes.
ATS rår over 1800 senger i Harstad, Evenes og Porsanger, og dei har i tillegg eit samarbeid om å bruke kasernar på Bardufoss.
– Dersom Noreg hadde vært villig til å bruke pengar på å ruste opp eldre forlegningar, kunne vi ha vore meir attraktive for allierte avdelingar. Her på Bardufoss er fleire kasernar i forfall. Dei skulle ha vore pussa opp for å bli eit fullgodt tilbod som òg ville komme våre eigne soldatar til gode. Den militære leiinga nøler med å ta naudsynte avgjerder, og difor nøyer Forsvarsbygg seg med reint naudvedlikehald, påpeiker major Børge Eilertsen, som er ansvarleg for å leggje til rette for alliert verksemd på Bardufoss flystasjon.
Frå FOH får han ikkje nokon lovnad:
– Eg vil ikkje konkludere med at noko skal rustast opp før vi har sett skikkeleg på saka. Kasernar er ikkje det einaste som vert etterspurde; materiell og nærleik til skytefelt er også viktig, seier Bror Myrvang.
Han er klar på at Noreg skal ta imot allierte for å gjere dei kjende med norsk klima og geografi og for å kunne utveksle røynsler med våre styrkar. Det er også viktig for Noreg å ha store nok styrkar på øvingane til å få to skikkelege parti. Dessutan er det flott for Noreg å by Nato godt øvingsterreng så lenge aktivitetane ikkje blir ei for stor belasting for sivilsamfunnet.
SVENSK SNØ: Oberstløytnant Jarst de Jong og bataljons­adjutant Martin de Jong valde i vinter Sverige.
SVENSK SNØ: Oberstløytnant Jarst de Jong og bataljons­adjutant Martin de Jong valde i vinter Sverige.


Ikkje konkurrent. Også svenskane slit med å vere eit godt vertskap:
– Det er eit politisk motiv å utnytte ledige kasernar og skytefelt, men gjestande avdelingar ynskjer ei anstendig vertsstøtte. Vi har gode skytefelt, men det er ikkje alltid like lett å stille med svensk personellbistand fordi soldatane også er borte når avdelingar blir lagde ned, påpeiker oberst Ulf Persson (bildet).
Han håper Sverige ikkje blir sedd på som ein konkurrent i Noreg:
– Det er meir snakk om samarbeid. Norske soldatar øver også fleire gonger i året i Sverige, vi har tett samarbeid om flyøvingar på Nordkalotten, og til sommaren skal det vere ei stor, internasjonal flyøving i Norrland. Og det var eit norsk ønske om å få gå inn på svensk territorium med Cold Response i år, noko regjeringa svara ja til, poengterer oberst Persson.

Snø er snø. Nederlands forsvarsattaché, med Skandinavia som område, oberstløytnant Peter Teeuw, seier lakonisk at snø er snø, anten det er i Noreg eller Sverige, men at Noreg skal vere hovudsamarbeidspartnar. Noreg har også lettare tilgjenge til sjøen, slik at treninga kan bli meir komplett for alle våpen og typar materiell i overgangen land - sjø.
– Etter Cold Response med 1500 soldatar kjem vi også seinare i år til Noreg med eit par tusen soldatar. Då er gode forlegningar eit poeng. Vi kan sjølvsagt bu ei veke eller to i telt, men «hotell i skogen» i seks veker er ikkje bra nok for profesjonelle soldatar. Det er ikkje usannsynleg at vi kan investere pengar i norsk infrastruktur, men då må vi også kunne stole på at vi får komme hit kvart år, påpeiker forsvars­attaché Teeuw.
Med 3700 hollendingar i Noreg i 2010 er Nederland den viktigaste gjesten vår. Talet er ekstra høgt på grunn av den tidlegare nemnde ACI-avtala, som gjeld til 2012.

LIGHT GUN: Briten Liam Pohs synes det er kaldt å øve i Setermoen skytefelt.
LIGHT GUN: Briten Liam Pohs synes det er kaldt å øve i Setermoen skytefelt.

Kulde kostar britane flesk

Britane som i vinter har trena i Nord-Noreg, ser ikkje på Sverige som noko alternativ. Der får dei ikkje samspelet mellom kyst og innland.
 
Det kan bli under 20 kuldegrader i høglandet i Skottland, men artilleristane frå 29. Commandoregiment drar helst til Nord-Noreg for å få komplett vintertrening.
– Ja, vi merkar kulda når vi vaknar i soveposen etter ei natt utan fyring i teltet. Vi må dessutan bruke tynne hanskar når vi handterer kanon og ammunisjon. Eg har berre vore eit halvt år i regimentet, så dette er mitt første besøk i Noreg. Men eg har ein ok jobb som toar på kanonen, og det var flott å kjøre ski i alpinbakken under den innleiande vintertreninga, fortel 19 år gamle Liam Pohs.
Sola har gått ned denne kalde februardagen i Setermoen skytefelt, og kanonlagførar – det heiter bombarder på engelsk – Stephen Anderson – kommanderer karene inn i den varme beltevogna når han ser at dei begynner å fryse. Eller han ber dei springe litt. Bataljonen hadde i vinter to frostskadar  som førte til at soldatane måtte reise heim. 23-åringen har vore fem år i den britiske hæren og reknar med å halde fram til han fyller 40:
– Det er ikkje på grunn av løna, men fordi det er interessent å reise rundt med avdelinga og oppleve noko nytt. Eg har vore to periodar i Afghanistan, men Noreg er det desidert kaldaste landet eg har besøkt. Då går alt så mykje tregare, og kulda har også litt innverknad på granatbanen.

Dyrt, men bra. Dei britiske artilleristane bur i telt fem dagar i veka. I helgane er det innkvartering i kasernar. Etter to månader i Noreg set dei kursen heimover. Då vil også ei gruppe ha vurdert vinterutstyret til britane med tanke på oppdatering.
– Sjølv om det kan bli kaldt og fuktig i Skottland, er det ingen ekte vinter. Noreg har dessutan ei interessant kystlinje. Det er snø i kombinasjon med sjø som er viktig, alt anna kan vi trene heime, fortel major Steve Fraser. Han har vore mange gonger i Noreg på vintertrening og er no nestkommanderande i 29. Cdo.
Dei har brukt Noreg sia 70-talet, tidvis kvart år. Innsatsen i Afghanistan frå 2002 har gjort at 29. Cdo har reist til Nord-Noreg berre annakvart år. Og kva det blir til i framtida, vil Fraser ikkje seie noko om. Britane er – som oss – opptekne av kostnadene.
– Det er dyrt å dra til Noreg. Men no fekk vi også med oss Cold Response, og det er ein god kombinasjon for å trene felles prosedyrar. Store øvingar er sjeldan kost heime i Storbritannia. Og alternative stader for å drive vintertrening blir gjerne Nord-Amerika, det kostar flesk. Sverige er ikkje noko godt alternativ. Den dagen vi reiser heim frå Afghanistan, blir operasjonar i kaldt klima framleis ein lærdom vi må tileigne oss, forklarer major Fraser.

Samarbeider godt. Dei seks soldatane i kanonlaget til Stephen Anderson søkjer inn i beltevogna når det blir lange opphald i skarpskytinga. OP-ane observerer målområdet og kjem med tilbakemelding til kommandoteltet, som i neste omgang ber kanonlaget justere siktet for å treffe. Ein taua kanon kan verke litt primitiv ved første augekast, men siktemidla er oppgraderte.
– Vi er sjølvforsynte med det meste, og har eit godt samarbeid med nordmennene. Og du kan skrive at Noreg er eit populært land å øve i, avsluttar major Fraser.

TORBJØRN LØVLAND tl@fofo.no


■ Joint Warfare Center i Rogaland er ei treningsavdeling for Nato. Her vert dei fellesoperative hovudkvartera øvde i kommandostrukturen og dei to ISAF-hovudkvartera. Ofte er mange hundre befal samla på Ulsnes, men alt går føre seg som dataspel, der deltakarane skal trene på å ta dei rette avgjerdene. Årleg er rundt 3500 utlendingar innom Ulsnes, det utgjer i sum 28.000 øvingsdøgn.

 

NB!

■ Utanlandske soldatar frå over 20 nasjonar står for mellom 200 000 og 250.000 tenestegjerande dagar i Noreg i 2010.

 

NB!

■ Forsvaret definerer trening som utdanning, mens ei øving gjerne er ein manøver med fleire nasjonar. 

 

 

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering