![]() |
|
FEM I FINALE: Ovanfrå og ned: Sig Sauer P266, Heckler & Koch P30, Baretta PX4, Glock 17 gen. 4 og Smith & Wesson M&P. Foto:
TORBJØRN LØVLAND
|
Når det britiske forsvaret skal kjøpe 23 000 nye pistolar, går dei grundig til verks. Fem finalistar var med i dei avsluttande testane i Porsanger.
– Vi starta med elleve typar, men så forsvann nokre undervegs. No har vi fem pistolar att i finalen, og i april skal det endelege
valet gjerast, seier underoffiser Mark Murray frå test- og utviklingsavdelinga i det britiske infanteriet.
Han har leidd pistoltestinga i ekstrem varme i Arizona, i jungelen i Brunei, i klimakammer i Storbritannia og altså ved avslutninga
i kalde Porsanger.
– Vi gjer brukstestar og har ingen instrumentering. Her i Porsanger blir det fyrt av 14 000 skot på pistolbana – av vanlege
Royal Marines. Briller og skotsikker vest er ekstra vern om noko skulle skje, seier Murray.
Han er påpasseleg med ikkje å framheve nokon av kandidatane. Han nøyer seg med å røpe at det har vore ein og annan klikk,
og at alle data blir journalførte i den 180 sider tjukke rapporten han snart skal levere. Deretter skal ei gruppe avgjere
kva slags pistol som skal erstatte Browningen dei neste 20 åra. Browning har anar frå første verdskrig, men modellen britane
brukar, er frå midten av 60-talet.
Alle fem kandidatane brukar vanleg 9 mm standard ammunisjon, men vekta varierer frå 600 gram (Glock) til 950 (Sig). Det kjem mellom
anna av at fleire produsentar nyttar kunststoff i produksjonen.
– Vi britar brukar pistolen til langt meir enn berre sjølvforsvar, soldatar flest har dobbel væpning. Pistolen er eit viktig
våpen opp til 25 meters avstand. Også pistolhylsteret er ein viktig del av testen, særlig no i kulda. Pistolen må sitje godt,
utan å sitje for godt fast, og hylsteret må ikkje bli for stivt. Vi har også med oss pistoltypar med «double action» – avtrekk
med eller utan å spenne hanen, forklarar Murray.
Bane A2 på Porsangmoen ga gode forhold for arktisk skyting. Når det blir kaldt, brukar krutet litt lengre tid på å brenne opp. Det
kan bety at skyttaren får krutslam i andletet – rett og slett fordi det brenn etter at kula er ute av det korte løpet. Ekstrem
varme kan likevel vere meir problematisk:
– Blir det veldig kaldt, er det mogeleg å tilføre våpenet varme. Men du har liten sjanse til å kjøle ned ein overoppheta
pistol i tropiske omgjevnader. I USA var vi oppe i 51 varmegrader, fortel han.
Målet til britane er å få ut dei første pistolane allereie i desember. Om det blir tyske Sig Sauer, tyske Heckler & Koch,
italienske Baretta, austerrikske Glock eller amerikanske Smith & Wesson er uvisst. Den britiske hæren har frå før 5000 Sig
pistolar, men det skal ikkje ha nokon innverknad på valet no.
TORBJØRN LØVLAND tl@fofo.no
Noreg fornyar Glock
Noreg skal no modernisere mange tusen Glock P80, som har vore i bruk i nærare 30 år.
– Vi har ingen planar om å byte ut Glocken, men vil få montert nytt sikte, underbeslag og tre ulike grep, fortel major Tord
Lindelid ved Hærens våpenskole.
Med oppgraderinga av Glocken
blir det mogeleg å setje på lykt med integrert, synleg laserpeikar.
– Med sjølvlysande sikte blir pistolen lettare å bruke i mørkret, seier Lindelid, som reknar med at moderniseringa vil ta
eit års tid.
– Tradisjonelt var pistolen eit sjølvforsvarsvåpen for offiserar og ikkje stridande personell. No har stort sett alle i internasjonale
operasjonar dobbel væpning – pistol og tohåndsvåpen, seier løytnant Øystein Lütcherath,
instruktør i hand- og avdelingsvåpen ved Hærens våpenskole.



Skriv ut
Tips en venn