![]() |
|
MÅ VERA PÅ LAND: Målsettinga til NorTG er 45-59 seglingsdøgn i året. Det kan dei sjå langt etter i tida som kjem. Her er staben
før helgefri. FOTO: VIDAR HOPE.
|
Dei raudgrøne ambisjonane om å segle i nord, er kraftig redusert etter at Forsvaret har teke fram sparekniven. Dystre spådomar om neste års øvingskutt vekker uro i den taktiske leiingsstaben i Kysteskadren.
– Politikarane vil ha oss i nord, men når midlane ikkje står i høve til dei politiske ambisjonane, må vi gjere det beste ut av det, seier kommandør Henning Amundsen, stabssjef i Norwegian Task Group (NorTG).
Mistar kompetanse. Det som etter planen skulle bli den nordnorske øvinga Flotex blei redusert til miniøvinga «Marinens høstøvelse». Ein samla styrke på 650 personar fekk etterlengta treningstid saman langs vestlandskysten i oktober, men langt frå det optimale. Meir kutt enn dette vil tære på kompetansen hos marinemannskap, meiner kommandørkaptein Inge André Utåker i NorTG.
– For ungt befal som kjem frå sjøkrigsskulen og befalsskulen er det viktig å få erfaring frå trening til sjøs. På denne øvinga er det fleire som ikkje eingong har vore nord for Frohavet (Sør-Trøndelag, red. anm), fortel han i pausen mellom dei to øvingsvekene.
Han tek fram vêr- og kystforhold i nord som eit ypparleg øvingsområde.
– Held dette fram, risikerer me lågare kompetansenivå over heile fjøla.
Fire døgn. NorTG har styrt den samansette styrken frå kommandofartøyet KV Andenes. Treninga har føregått måndag til fredag gjennom to veker, med fri i helga. Det taktiske leiingsstaben sitt mål er 45-59 seglingsdøgn i året.
– Me ligg an til fire døgn med optimal trening i 2008, og det får me i restane etter som skulle bli vinterøvinga Cold Response.
– Kva betyr dette for Sjøforsvaret?
– At vår evne til å drive taktisk leiing høgst sannsynleg blir dårlegare. Ein skulle jo tru at det ville bli lettare å oppretthalde ambisjonsnivået i dag, når me har mange færre fartøy, men det blir faktisk redusert.
Må kaste loss. Då F kom om bord på kommandofartøyet gjorde NorTG-staben seg klare for frihelg. Henning Amundsen påpeiker at marinestyrken har fått eit relativt godt treningsutbyte langs Vestlandet, til trass for reduseringane.
– For å få fartøy til å jobbe saman, må me kaste loss. Me får jo ikkje utnytta potensialet ved å liggje til kai. Sånn sett har me gjort det beste ut av situasjonen og fått til eit godt program for besetningane, seier han.
![]() |
|
MINIØVING: Stabsoffiserane Utåker (til venstre) og Amundsen påpeiker at marinestyrken har fått relativ god samtrening gjennom
øvinga «Marinens høstøvelse». FOTO: VIDAR HOPE .
|
Segler saman. Ubåtjakt, minerydding og generell overflatekrigføring. Dette er stikkord Utåker summerer opp.
– Me har også hatt med fregattane KNM Fridtjof Nansen og KNM Roald Amundsen. Dei har sine eigne testprogram, men me har involvert dei i eit enkelt taktisk spel for å sjå om utstyret held mål, forklarar han.
– Det handlar om å segle saman med andre fartøy. Me prøver å integrere dei, sjølv om dei ikkje er operative, seier Amundsen.
I tillegg til sparing i eige farvatn, har Forsvaret også redusert i styrkebidrag til Nato-styrken Nato Response Force og operasjon Active Endeavour.
NorTG, som har ambisjon om å vera klar for internasjonale operasjonar i 2011, meiner dette året skal gå greitt. Verre er det med spareåret 2008.
– Får me ikkje betre treningsutbyte, og får me ikkje vera på havet, så rotnar me til kai, fortel Henning Amundsen.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
«Marinens høstøvelse»
– 650 meinige, matrosar og befal deltok på reserveløysinga «Marinens høstøvelse».
– Styrken skulle etter planane ha vore i Nord-Noreg på den etablerte øvinga Flotex.
– «Marinens høstøvelse» byrja i Sør-Trøndelag og haldt vidare fram mot Hordaland og Haakonsvern.
– NorTG leia øvinga på havet med ein redusert stab.
– Einingar frå alle våpen i Kysteskadren deltok, samt fregattane KNM Fridtjof Nansen og KNM Roald Amundsen.




Skriv ut
Tips en venn