Frå frysepunkt til kampheite

26.3.10

Konflikten mellom Georgia og Russland vert skildra som frosen, men er ikkje meir fastlåst enn at striden lett kan blusse opp igjen.

 – Forklaringa på kvifor dei frosne konfliktane i Georgia bikka over i krig i 2008, må ein søkje på begge sider, forklarer forskar Julie Wilhelmsen i Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
– Russland har lenge nørt opp under konfliktane ved å støtte utbrytarrepublikkane moralsk og militært og ved å dele ut russiske pass til sør-ossetarar og abkhasarar. På georgisk side er det særleg presidenten sin anti-russiske retorikk og politikk som har medverka  til den uheldige utviklinga, meiner ho.

Pro-vestleg Georgia. Dessutan påpeikar ho at president Mikhail Saakasjvili aldri har klart å skape ein inkluderande visjon om kva Georgia kan vere og kva for føremoner det kunne ha for abkhasarar og sør-ossetarar å tilhøyre denne staten. Saakasjvili og hans regime har hatt ei svært pro-vestleg orientering, ikkje minst har dei pressa på for Nato-medlemskap. Det har provosert Russland. Da Saakasjvili overtok som president, lova han å løyse Abkhasia- og Sør-Ossetia-problema, men har berre forsterka kravet om at dei to provinsane skal tilhøyre Georgia.
– Om det i det heile tatt finst ei løysing, er det nok avhengig av eit regimeskifte i Georgia, seier Wilhelmsen, som også har vanskeleg for å sjå landet som naturleg Nato-medlem.

Utlendingar på dør. Uroa i Abk­hasia og Sør-Ossetia har utspringet sitt i sovjettida. Så lenge Sovjet­unionen bestod, vart nasjonalisme og sjølvstendetankar hos minoritetsgrupper nærmast undertrykte. Etter at Berlinmuren fall og det vart vakling i sovjetregimet, kom motsetnader til overflata. Abkhasia ville ha tilbake gamal status som republikk. Sør-Ossetia ville slutte seg til «sin bror i nord» – og samtidig tilhøyre Russland. Det braut ut kampar i begge provinsane på byrjinga av 90-talet. Dette førte til flyktningstraumar av georgiarar.
– Våpenkvile, lokale fredsstyrkar og FN-styrkar og OSSE-observatørar fryste konflikten på den tida. Etter krigen i Georgia for snart to år sidan er både FN og OSSE (Organisa­sjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) kasta på dør, fortel Nupi-forskaren.
Nå speler det internasjonale samfunnet ei svært avgrensa rolle, det er Russland som dominerer. Begge dei to områda det er strid om, har fått russisk godkjenning som sjølvstendige statar. I kjølvatnet av det vert det inngått avtaler om russiske militærbasar der.
Frå vestleg hald får Russland kritikk for ikkje å ha følgt fredsavtalen og trekt styrkane sine ut av Georgia. Samtidig ser det ikkje ut til at vestlege land er villige til å setje makt bak kravet om å overhalde fredsavtalen. Det er lite truleg at Russland vil trekkje seg tilbake frå sin posisjon så lenge dei meiner denne er ein siger i kampen om påverknad i dei tidlegare sovjetområda.

Symbolsk verdi. – For Georgia har Sør-Ossetia sterk symbolsk verdi, og dei vil ikkje oversjå at georgiarar er fordrivne. Abkhasia er viktig for Georgia av dei same grunnane og er dessutan militærstrategisk viktig.
– Ingen av dei to sjølvstyrte områda vil vere levedyktige som sjølvstendige statar. Dei vil vere avhengige av russisk støtte for å overleve, fortel Wilhelmsen.
Ho er ikkje sikker på om dei to utbrytarprovinsane vil tykkje det er greitt å vere prisgitt russisk makt.  
– Georgia på si side kan ikkje stole på at USA og Vesten vil halde handa si over landet på kostnad av den tilnærminga til Russland ein prøver å få til. I 2008 var president Saakasjvili altfor utålmodig og hadde for stor tru på vestleg støtte.
 
JAhN RØNNE jr@fofo.no

 

Georgia

■ Folketal: 4 615 800
■ Storleik: 69 700 km² (Abkhasia: 3900 km², ­
Sør-Ossetia: 8660 km²)
■ Styringsform: Republikk
■ Partane: Georgia, Russ­land, Abkhasia, Sør-Ossetia
■ Bakgrunn og utvikling:
Ca. 1800: Vert ein del av Russland.
1918: Sjølvstendig stat.
1921: Vert tvinga til å bli sovjetrepublikk.
1930- og 1940-tallet: Stalin-utrenskingar.
1956 og 1978: Anti-russisk opprør.
1989: Sovjetiske sikkerheitsstyrkar går brutalt laus på demonstrantar.
1991: Folkeavrøysting, og erklæring om sjølvstende. Sviad Gamsakhurdia vert president, men er svært diktatorisk. Sør-Ossetia erklærer seg sjølvstendig (frå Georgia) etter nærmast ein borgarkrig. I desember bruker opposisjonen i Tbilisi makt for å få presidenten avsett.
1992: Gamsakhurdia flyktar. Eduard Sjevardnadse vert innsett som statssjef. Georgiske styrkar inn i delar av Abkhasia.
1993: Georgiske styrkar vert drivne ut av utbrytarrepublikken.
1994: Abkhasia proklamerer regionen som uavhengig stat.
1995: Sjevardnadse vert vald til president.
2003: Arbeid med oljerørleidning gjennom Georgia startar.
2004: Mikhail Saakasjvili vert vald til president.
2008: Georgisk åtak på separatistrørsle i Sør-Ossetia utløyser open militær konflikt mellom Russland og Georgia.
2009: Forsøk på militærkupp for å avsetje Saakasjvili. 

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering