Forsvarsforum

HV tar saluttansvar

Eigne kurs skal sørgje for at Forsvaret unngår slurvete saluttering.

Tips en venn6.2.2008Då folk reagerte på slurvete saluttering
i samband med feiringa av
prins Sverre Magnus sin fødsel, var
det nok. Det første kurset vart held i
fjor av Artilleriets offisersforening i
Kongsvinger. Ei helg i mai small dei
gamle kanonane nok ein gong.
– Ein stor suksess, meiner kursleiar
Svein Rune Hoksrød i
Heimevernet (HV).
I år som i fjor var det 36 personar
som gjennomførde saluttkurset. Dei
fleste deltakarane er anten vernepliktige
eller offiserar i HV. Det er
Forsvaret som er ansvarleg for saluttering
på seksten av festningane
rundt omking i landet. Dermed har
dei teke over for dei ulike foreiningane
som sjølv har drive saluttering.
– Heimevernet har ansvaret for ti
av festningane, medan Sjøforsvaret
og Hæren skal sørgje for saluttering
på høvesvis fire og to festningar, seier
Hoksrød.
Salutteringa følgjer dei offisielle
flaggdagane og viktige storhendingar,
og er tufta på gamle tradisjonar.
Men det er ikkje heilt ufarleg å vere
kanonoperatør. Derfor har tryggleiken
alltid hatt høgaste prioritet.
– Med den førre ordninga, då diverse
foreiningar skaut med desse
kanonane, var tryggleiken ikkje god
nok. Men no får vi folk som er trena
til å ta hand om salutteringar, fortel
han.
Det trengs to eller tre personar for
å avfyre saluttar med festningskanonane.
Éin har i oppgåve å telje kor
mange skot som er blitt avfyrte.
Ifølgje Hoksrød er den kongelege salutten
på 21 skot den vanlegaste, og
det var ein slik som blei gjennomført
på 17. mai.

THOMAS GRAMSTAD