Hard sjø for Skjold

04.12.07

MTB-våpenet gjev ikkje opp draumen om Skjold, men slit med motivasjonen.

PROBLEMET: Her er båten Forsvaret ikkje vil ha. Til våren avgjer Stortinget om Skjold likevel skal få ei framtid med norsk flagg. FOTO: JANE’S FIGHTING SHIPS.
PROBLEMET: Her er båten Forsvaret ikkje vil ha. Til våren avgjer Stortinget om Skjold likevel skal få ei framtid med norsk flagg. FOTO: JANE’S FIGHTING SHIPS.


– Vi visste at Skjold-klassa skulle komme under streken i forsvarsstudia. Det var heller overraskande at Forsvarspolitisk utval trakk dei same konklusjonane. For mange tærer på motivasjonen når analysen fortel at nasjonen Noreg ikkje har bruk for Skjold, fortel kommandørkaptein Lars Flostrand i MTB-våpenet.
På Haakonsvern i Bergen går kvardagen tilsynelatande som før, sjølv om Skjold-debatten har nådd sitt høgdepunkt i media dei siste vekene. Mannskapa som skal ta i mot dei seks nye missiltorpedobåtane, førebur seg som best dei kan.
– Besetninga stiller spørsmål, men det er mykje mindre støy enn forventa. Vi har noko handfast på verftet i Mandal, vi veit at det fungerer, at dette er høgteknologi som kan bli eit viktig verktøy i marinen, seier kapteinløytnant Gunnar Beisland, skipssjef på KNM Skudd.

Kjempeskandale. I forsvarsstudia vert det anbefalt å ta ut dei seks nye missiltorpedobåtane. I dagane som kom var det fleire som meinte at Forsvaret og Stortinget hadde blåst fem milliardar kroner rett ut vindauga. Forsvarspolitisk talsmann Bjørn Jacobsen (SV) var ein av dei få som gjekk imot å vedta milliardprosjektet då Stortinget tok avgjerda i juni 2003. Han har ikkje endra sitt syn.
– Investeringa var ei kjempeskandale. Problemet i Noreg er at vi aldri diskuterer kva vi skal forsvare før vi går inn for eit nytt investeringsprosjekt. Forsvaret greier heller ikkje ein gong bli samde om kva dei vil, seier han. 

Blei lurt. Jacobsen meiner Noreg har eit godt nok sjøforsvar i den nye kystvakta, med nye fartøy og helikopter. Skjold-prosjektet blei prakka på Forsvaret, hevdar han.
– Eg synes synd i Forsvaret som er blitt lurt av lobbyistane til NHO, LO og Umoe, som har hatt sin eigen agenda. Desse aktørane har så til dei grader utnytta Forsvaret, seier Jacobsen.
I forsvarsstudia står det at Skjold-klassa er utvikla primært for kystnære operasjonar i ei antiinvasjonsrolle for å kunne senke store overflatefartøy med langtrekkande sjømålsmissil. Gjennom studia meiner Forsvaret at fregattar, ubåtar og kampfly kan gjera denne jobben.
Leiaren av Stortingets forsvarskomité, Jan Petersen (H), er ikkje samd i den analysen.
– Vi må hugse på at Sjøforsvaret har hatt missiltorpedobåtar i mange år. Eg vil åtvare folk mot å sjå på Skjold-klassa som eit problem, for det er økonomi dette handlar om. Vi driftar MTB-ar i dag, spørsmålet er om vi skal halde fram med dette også i framtida, seier Petersen.

KALD KRIG? Gunnar Beisland, Lars Flostrand og Fredrik Borgmann forstår ikkje alle argument som har blitt brukt mot Skjold-prosjektet. FOTO: VIDAR HOPE.
KALD KRIG? Gunnar Beisland, Lars Flostrand og Fredrik Borgmann forstår ikkje alle argument som har blitt brukt mot Skjold-prosjektet. FOTO: VIDAR HOPE.


Verktøy. Lars Flostrand kjenner seg ikkje att i framstillinga av Skjold-klassa som eit kald krig-verktøy. Han meiner Skjold er eit reiskap som er aktuelt også for framtida – i fredstid, krise og krig.
– Det er mange år sidan vi slutta å tenke kald krig. Skjold-klassa er ein heilt annan kapasitet enn dei gamle MTB-ane i Hauk-klassa.
– Det går på uthald; Skjold kan vera i operasjonsområdet over tid, i kystnære strok som fregattane ikkje kan operere i. Fartøya har gode sensorar til å drive overvakning både på overflata og i luftrommet, og Skjold kan koma raskt til stade.

Ikkje sjølvkritikk. Tre forsvarssjefar gjekk imot milliardinvesteringa før Stortinget nesten einstemmig gav Umoe Mandal klarsignal til å byggje.
– Eg er også skeptisk til at det har blitt laga ein fin liten landsby på Haakonsvern i Bergen, to seglingsdøgn frå Nordområda, seier Bjørn Jacobsen.
– Skjold er der innan 12 timar?
– Det stemmer sikkert, men vi har ein ny, moderne kystvakt som kan gjera ein god jobb på havet.
Jan Petersen meiner marinen aldri kan bli stor nok i forhold til havområda Noreg rår over.
– Kan Stortinget ta sjølvkritikk for at Forsvaret ikkje har fått nok pengar i forhold til strukturen?
– Vi må ha eit forsvar i balanse og vi må finne ei kompromissløysing med dei andre stortingspartia, slik at budsjettet blir noko høgare, men vi tek ikkje sjølvkritikk. Vi har løyvd nok pengar i forhold til drift og sjølve prisen på prosjektet. Diskusjonen må bli om vi skal løyve meir.

Nato-ettertrakta. Orlogskaptein Fredrik Borgmann i MTB-våpenet påpeiker at Skjold-klassa er ynskja av Nato for internasjonale operasjonar frå 2009. Det vart stadfesta på ein internasjonal MTB- og korvettkonferanse i Bergen i november. 
– Det er stort behov for mindre fartøy i Nato. Alliansen har sett at større fartøy som fregattar som jobbar saman med mindre fartøy, er ein suksess. Det såg vi under UNIFIL-operasjonane i Libanon tidlegare i år. 
For tida byggjer Tyskland, Polen og Sverige nye kystkorvettar.
– Eg er overraska over at det har blitt snakka om kald krig i denne debatten. Det er naturleg å operere frå kystlinja og ut til fregattane på havet. Dette har Nato og FN sett, seier Lars Flostrand.

VIDAR HOPE vh@fofo.no





Idium Portalserver 3.0idium webpublisering