![]() |
Forsvarets forum retter: I den trykte utgaven inneholder portrettintervjuet med viseadmiral Jan Eirik Finseth dessverre feil, noe redaksjonen beklager. Portrettintervjuet er gjengitt korrekt i denne nettutgaven.
På slutten av 60-talet kunne ein finna unge Jan Eirik Finseth langt inni ein typisk nordnorsk skog, med ein bjeffande hund framfor seg og ei ladd rifle i handa. Medan tenåringen gjekk gjennom upløgd mark, tenkte han kanskje på dei måtehaldne besteforeldra som han respekterte så inderleg. Dei som aldri klaga på noko som helst, men tenkte positivt. Eller på faren som var yrkesoffiser i Hæren. Eller veslebror Geir Tore.
Har ingen planar. I dag sit Finseth på eit splitter nytt kontor med tre tunge stjerner på kvar skulder og panoramautsikt mot flaggskipet i Bjørvika – Operahuset. 53-åringen tenkjer tilbake på ungjentene han jakta på. Den gongen han hadde tid til slikt.
– Eg må få meg ein hobby som ikkje tek for mykje tid. Men det må samstundes vera interessant. Eg må sjå resultatet av det eg gjer, seier han i kjend stil.
Me har akkurat spurt sjefen for Forsvarsstaben om han er i mål no. Sånn karrieremessig.
– Eg trur nok at dette er siste post. Eg har ingen vidare planar, i alle fall. Forutan om å vera meir saman med familie.
Så han skal trappa ned?
– Det er rart med det, men du tenkjer alltid i etterkant som menneske.
Det er like rart for ein skribent som har følgt admiralen frå Lenvik på Senja gjennom eit lite tiår. Fyren me var livredde for då me var inne til førstegangstenesta. Den bestemte offiseren som heva peikefingeren og stilte strenge krav til offiserar og mannskap for fysisk form. Han fekk til slutt heile sjøforsvaret i trening. Han hugse godt alle dei leiare som gjorde dette mogleg. Han verkar lettbeint, roleg og avslappa her han sit på Akershus festning som forsvarssjef Harald Sunde sin stedfortredar.
– Det er sjølvsagt ting som irriterer meg. Som når det er gjort eit vedtak, der involverte partar har blitt tatt med til råds, og det likevel kjem ein diskusjon i etterkant. Då blir eg forbanna. Men me nordlendingar har ein tendens til å snakka direkte og bli forbanna. Det går som regel fort over. Eg trur folk rundt meg lever godt med det, altså.
Må tenkja positivt. Den tidlegare generalinspektøren for Sjøforsvaret har vore sjef for Forsvarsstaben i eit drygt år. Og utfordingane, eller problema som det heiter i det sivile liv, har dukka opp som perler på ei snor. Men dette har viseadmiralen erfaring med.
– Eg er oppteken av å tenkja positivt, så får andre vurdera om eg gjer det. Om ein tenkjer på det negative, vil ein få medarbeidarar som er sure og forbanna, seier han.
Finseth likar å preike. Han merkar knapt at strålar frå ettermiddagssola skyt fart innover Bjørvika utanfor kontorvindauga. Me får høyra om konsertane han ikkje har fått tid til å gå på. Om favorittar som rockebandet Jethro Tull, visesongar Ole Paus eller generell klassisk musikk. Å vera viseadmiral et opp mesteparten av tida hans, seier han. Det var andre tider då han gjekk på Führungsakademie der Bundeswehr i Hamburg saman med Harald Sunde. No i haust møtte han gamle kullkameratar på fest i den tyske forsvarsbyen.
– Tida i Hamburg var heilt suveren. Det var knallhardt arbeid og tysk nøyaktigheit, smiler han.
Seinare flytta trebarnsfaren og kona Eline tilbake til Noreg. Det blei Asker.
– Eg har budd der i to periodar. Det einaste økonomien tillét då me kom tilbake var eit rekkjehus i Asker.
Finseth kom tilbake igjen etter tre nye år utanlands – i London. Han gjorde på nytt askerbøring av seg, kjøpte sitt eige hus, fekk jobb i sentralstaben på Forsvarets overkommando på Huseby og tok etter kvart over plan- og logistikkavdelinga.
![]() |
Like lang sjøteneste. Sidan den gongen har opprykka kome med jamne mellomrom. Sjef for Sjøforsvarets skolar i Bergen, sjef for Landsdelskommando Nord-Norge på Reitan. Og så blei han til slutt generalinspektør. Det var ikkje alle som hadde sans for at ein kystartillerist fekk akkurat den jobben.
– Men det gjekk ganske greitt. Eg hadde jo den same nautiske utdanninga som mange av dei andre. Og det viste seg faktisk at eg hadde like lang sjøteneste og. Men for dei eldste, pensjonistar særleg, var det nok ei spesiell oppleving at ein med bakgrunn frå Kystartilleriet kom inn. Då eg fortalte om sjøteneste, var det mange som bytte meining, noko eg syntes var merkeleg.
Korte lukkerus. Etter eit svært kort vikariat som sjef for Fellesoperativt hovudkvarter, i viseadmiral Jan Reksten sitt fråvær, fekk nordlendingen til slutt opprykket til viseadmiral. Lukkerusen av opprykk skal visstnok gå over ganske kjapt.
– Å få opprykk gir lukke over dei første to vekene. Etterpå er det knallhardt arbeid. Og i staten vert du ikkje løna økonomisk med store lønnshopp, så det er jobben i seg sjølv som er drivkrafta. Når eg køyrer til jobben, får eg ikkje lyst til å ta ein u-sving og køyra heim til Asker. Då gassar eg heller på, forklarar han.
Finseth møter utsikta til operaen klokka kvart på sju om morgonane. Og han blir ofte på kontoret til klokka er fem eller seks på ettermiddagen. Stikk i strid med ordren han gjev sine tilsette.
– Når det gjeld overtidsarbeid, har me hatt ein god dialog med hovudverneombodet. Meirforbruk av overtid skal ned til eit minste minimum. Me kan rett og slett ikkje basere verksemda på mykje overtid. Det er heilt uaktuelt å bryta lovar og reglar som gjeld for arbeidslivet, buldrar han.
Ta eigne val. Ein av viseadmiralen sine kollegaer i Forsvarsstaben er veslebroren Geir Tore i operasjonsavdelinga. Men at faren deira jobba i Hæren, hadde ingenting med sønene sine val om å bli offiserar. 53-åringen såg for seg ei framtid som jurist. Så dukka moglegheita på Sjøkrigsskolen i Bergen opp. Og så anbefalte han det vidare til veslebror.
– Eg trur at barna mine har sett kor tøft offisersyrke kan vera med mykje hard jobbing og beordringar gjennom faren sin, så eg trur ikkje dei slår inn på same yrkesval. Men dei har nok ikkje blitt skremde, eg har berre aldri oppfordra dei til å søke Forsvaret. Eg vil at dei skal ta sine eigne val, seier Finseth.
Det er litt sårt det der. Med barna. Han fekk aldri følgt dei skikkeleg opp. Verken på skolen eller på fotballtreningane. Elin tok seg av den jobben, og ho gjorde ein god jobb, meiner han. Hungeren etter meir fritid lurer bak fasaden til den snauklipte viseadmiralen. Livet er ikkje som den gongen då han gjekk på gymnaset med sin forgjengar Arne Bård Dahlhaug.
– Å vera generalinspektør er ein heftig jobb. Men å vera sjef for Forsvarsstaben er ikkje mindre heftig. Ein bruker opp mesteparten av tida si på jobb, og det går ut over tida med familien, seier han.
Men han greier ikkje heilt å gi slepp på oppgåvene på Akershus festning heller. Mannen som uttalte at Noreg skulle ha Europas mest moderne marine innan 2010, har sett seg nye mål. No er det snakk om eit av Europas mest moderne forsvar. Han snakkar som ein pastor når han kikar inn i framtida – med dei nye materiellinvesteringane som luskar rundt neste sving.
– Eg skal ikkje seia at me får Europas beste forsvar, for då blir eg vel halshogd. Men det blir ikkje langt ifrå. Hovudomstillinga i Forsvaret er ferdig innan dei neste to åra. Då har me teke steget frå mobilisering til innsatsforsvar fullt ut.
Finseth har og byrja tenka ut korleis vernepliktsordninga kan sjå ut om nokre år.
– Verneplikta er grunnpilaren i det vesle, norske samfunnet. Me må bli flinkare til å utvikla det vidare. Me må tilpassa verneplikta dagens høgteknologiske nivå. Og på sikt, anten me vil det eller ikkje, må verneplikta omformast, differensierast. Ho må skapast på nytt i ein eller anna form som me ikkje kjenner til. Me har eit for lite land til at me kan verva fullt ut. Verneplikta må difor stå som eit fundament.
Og dei vernepliktige skal sjå bra ut i uniform. Omgrepet proper og Finseth heng godt saman. Det er det fleire av oss som hugsar frå førstegangstenesta.
– Sjølvsagt er det mykje som kan gjerast betre, men ungdomen har blitt bra. Dei som kanskje er verst, er befalet. Folk som ikkje er nøgne med antrekket, irriterer meg. Det er jo vår identitet. Det er det skattebetalarane ser på. Ein skal sjå skikkeleg ut, tordnar han.
Blir trøytt. Finseth har eit og anna å seia om dagens velferdssamfunn. Tenk om landsfader Einar Gerhardsen hadde vore her no.
– Han sa at «berre me greier å få velferda opp slik at alle har eit hus og ei god inntekt dei kan leva av, så stoppar kriminaliteten og folk blir gladare og meir fornøgde». Oss menneske er ikkje sånn. Dessverre.
Men besteforeldra hans tenkte annleis. Og det er bodskapen til Finseth.
– Eg blei fortalt at ein ikkje skulle syta og klaga over ting, men vera fornøgde med det me hadde. Mykje av det den generasjonen lærte oss, er dessverre vekke i dagens samfunn. Og det beklagar eg. Me har det utruleg godt. Kanskje me er mette?
– Er du mett?
– Så lenge det er gøy og meiningsfullt, er eg tilfreds. Men også eg blir trøytt av og til.
– Så då får me kanskje ein Finseth som forsvarssjef i framtida likevel?
– Eg trur du aldri vil sjå forsvarssjef Finseth. Eg har fått så mykje tillit no. Å få denne jobben her er eg svært godt fornøgd med. Meir enn fornøgd – om det er mogleg.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN
Namn: Jan Eirik Finseth
Fødd: 31. august 1956
Stad: Lenvik, Senja
Sivil status: Gift med Elin, tre barn
Aktuell: Sjef for Forsvarsstaben
Milepålar
10 år: Bur i forsvarsbygda Heggelia i Målselv. Jaktar i skogen med eigen hund. Jaktar etterkvart også på jenter. Usikkert kva han lukkast best med.
20 år: Med friskt mot flyttar han til Bergen og blir kadett på Sjøkrigsskolen i Laksevåg. Klatringa mot admiralsstjernehimmelen er i gang.
30 år: Giftar seg med Eline og blir far til ei dotter. Går på militærskole i Hamburg saman med forsvarssjef Harald Sunde.
40 år: Blir kommandør og tiltrer stabsoffisersstilling i Forsvarets overkommando i Oslo. Buset seg i Asker med kone og tre barn.
50 år: Blir Kjell-Birger Olsen sin etterfølgjar som generalinspektør for Sjøforsvaret. Set i gang med omfattande omstrukturering i forsvarsgreina.




Skriv ut
Tips en venn