![]() |
|
STORT BEHOV: – Skal me få full effekt av den nye marinen, lyt ein ha logistikkstøtte der ein er, seier prosjektleiar Christian
Irgens. Foto: VIDAR HOPE
|
Sjøforsvaret ville i utgangspunktet ha to nye logistikkfartøy – eitt mindre som skulle understøtte kystnære operasjonar og eit større til havgåande fartøy. Det minste har blitt lagt på is. På nyåret har prosjektgruppa som skal utarbeide kravdokument vore i ein hektisk innspurt. Det nye fartøyet skal nemlig understøtta alle Sjøforsvaret sine operative våpen.
– Me er i ferd med å ferdigstilla kravdokumentet. No skal dette først godkjennast hos Forsvarets logistikkorganisasjon før det blir sendt vidare til FD, seier kommandørkaptein Frode Løseth, sjef for Marinens logistikkvåpen.
Må godkjennast. Fartøyet Sjøforsvaret ser for seg vil vera 15.000 tonn tungt og innehalda ei rekke kapasitetar.
– Primæroppgåva blir å støtte havgåande operasjonar, kor først og fremst fregattar og motortorpedobåtar er involvert. Difor blir drivstoffkapasiteten viktig. I tillegg skal fartøyet ha helikopterdekk, verkstadkapasitet, sanitetsforhold som tilsvarar eit lite sjukehus med kirurgisk kapasitet og areal som kan ta i mot mindre køyretøy og småfartøy, fortel kommandørkaptein Christian Irgens, prosjektleiar for nye støtte- og logistikkfartøy i Flo.
Fartøyet skal også gi etterforsyning av mat, vatn, ammunisjon og reservedelar, ha kommando-, kontroll- og informasjonssystem og eit mindre våpensystem. Dette skal syte for at Sjøforsvaret sine styrkar kan operere på havet over lang tid, både i heimlege farvatn og i internasjonale operasjonar.
Dobbeltskrog. Prosjektet ser for seg at gjennomføringsoppdraget kan vera klart innan 1. september – så sant krava blir godkjent i Stortinget. Logistikkfartøy er ein etterspurd kapasitet i Nato, og det spesielt i ei tid kor fleire europeiske mariner er i ferd med å oppgradera logistikkflåten.
– Det er eit stort pågåande program for å skifte ut støtte- og logistikkfartøy. For det første er fleire av fartøya gamle, og dessutan vert det stilt krav til at fartøy med drivstofflast må ha dobbeltskrog, noko fleire fartøy manglar, seier han.
![]() |
|
DRIVSTOFF TIL SJØS: Dei nye fregattane i Fridtjof Nansen-klassa kan operera på havet over lengre tid når det nye logistikkfartøy
kjem på plass. Illustrasjon: SJØFORSVARET
|
Liten erfaring. Det er første gang at Noreg investerer i ein logistikkapasitet som denne. Prosjektet har difor forhøyrt seg hos meir røynde nasjonar.
– Me har hatt ein god dialog med England, Canada og Frankrike, i tillegg til Tyskland som er eit hovud framfor dei andre innan logistikk til sjøs. Tyskarane har blant anna gjort gode erfaringar med Berlin-klassa i Nato- og FN-oppdrag, seier Irgens.
Eit av krava som vert stilt er at det nye fartøyet skal forsyne styrkane i fart. Dette er noko Sjøforsvaret har øvd på dei siste åra.
– Me har etter kvart fått god erfaring som mottakar av drivstoff frå allierte logistikkfartøy, men det å stå på den andre sida og levera blir nytt for oss.
Dilemma heime. Etter planen kan gigantfartøyet vera klart i 2014. Først året etter vil det vera operativt. Bruksområdet er omfattande, ifølgje Frode Løseth.
– Det er alt frå operasjonar langs vår eigen kyst til Nato-oppdrag. Ettersom dette er ein etterspurd kapasitet, er det ikkje utenkeleg at Nato vil ha behov for å bruke fartøyet som ein sjølvstendig kapasitet. Dersom dette vil gå over lang tid blir dilemma vårt kva me skal gjera her heime, forklarar han.
Han legg til at det med andre ord er behov for eit mindre støttefartøy i tillegg.
– Fartøyet har også stort potensial i sivile katastrofar og ulukker. Det er store areal om bord, og fartøyet har ein vesentleg sanitetskapasitet som kjem til nytte i til dømes evakueringsoperasjonar, seier Løseth.
Får full effekt. I kravdokumentasjonen er kjernebesetninga på 50 personar, men det er og plass til ein tilleggsbesetning på 70 personar.
– Me skal kunne tilpassa besetninga etter behov, seier Irgens.
Eit nytt logistikkfartøy vil kosta mellom 1 og 1,5 milliardar kroner. Det har vore forsvarspolitisk forståing for fartøybehovet, seier Irgens legg til at ein må sjå Sjøforsvaret sine styrkar i heilskap.
– Skal me få full effekt av den nye marinen lyt me ei ha logistikkstøtte der styrkane er – anten det er i kystnære operasjonar eller på havet.
Kravdokumentet som snart blir levert til FD har vore gjennom ein ekstern kvalitetskontroll. Der har kostnadsbilete og usikkerheitsbilete blitt lagt vekt på. Dokumentet er basert på krav frå brukarane av fartøyet. Prosjektgruppa tek høgde for at det nye fartøyet kjem inn i vårproposisjonen. Først etter avstemming i Stortinget vil Flo ta i mot gjennomføringsoppdraget.
– Det er då prosjektet formelt startar, seier Irgens.
VIDAR HOPE vh@fofo.no




Skriv ut
Tips en venn