Hysj! Det er haust!

26.9.07

No er dei i skogen igjen - Asle Kjelsberg og elgen.

IKKJE EIT KNYST: Tre timar sit brigader og jeger Asle Kjelsberg på ein post, blikket skjerpa, øyro kvessa.
IKKJE EIT KNYST: Tre timar sit brigader og jeger Asle Kjelsberg på ein post, blikket skjerpa, øyro kvessa.
På ein parkeringsplass ved Krigsskolen i Oslo står ein halvnaken brigader i overgangen frå militæruniform til friluftsklede. Det blir ikkje betre for Asle Kjelsberg:
– Kollegane mine veit at dei ikkje treng rekne med meg under elgjaktsesongen, humrar han.
Det er få dagar att til elgjakta startar, og jaktlaget til Kjelsberg byrjar å bli klare for eit par veker i felten. Kjelsberg har vore i gamet lenge.
– Elgjakt har eg heldt på med i 32 år. Einaste unntaket var i 1991, då eg hadde militærteneste i USA, fortel han.
Han er ikkje åleine om entusiasmen. Over 400 000 nordmenn står oppført i jegerregisteret, og i fjor betalte 191 500 jegeravgifta. Årleg vert det teke ut om lag 7 000 tonn kjøt frå norsk natur.
– Eg brukar ferievekene mine på å jakte, i staden for ein sydentur. For meg er det som å vera på øving med Forsvaret. Me bur tett saman og får med oss fantastiske naturopplevingar.
 
Skytetrening. – Kva lyt ein tenkje på før ein dreg til skogs?
– Gode klede er avgjerande. Ullundertøyet til Forsvaret er meir enn godt nok. Det same gjeld ryggsekken. Det mange kanskje ikkje tenkjer på, er at jaktførebuingane startar allereie om våren. Me terpar på skytedugleiken, trenar opp bikkjene og saumfarar områda me skal jakte i, fortel offiseren som til dagleg styrer FLO si investeringsavdeling på Kolsås.
Me går i ulent terreng utanfor Krigsskolen på Linderud. Kjelsberg brøytar seg veg inn mellom haustlege buskar og tre. Jaktrifla har 41 knivhakk i kolben.
– Eit hakk for kvar elg eg har felt. Oss eldste i laget brukar å la dei yngre få koma meir til og skyta, så det er år kor eg ikkje skyt eit einaste storfe. Å skyta elgen kjem i tredje rekke. Venskap og naturen er drivkrafta, forklarar 53-åringen.
Alle som driv med jakt eller fangst må bestå ein jegerprøve – eit obligatorisk 30 timars kurs, samt dokumentere skytedugleiken. For å jakte må ein og ha løyve hjå grunneigar på førehand. Når det er gjort, kan ein sikte inn både hjort, elg og 60 andre artar av fugl og pattedyr.

merker.jpgMERKA: Jaktrifla har 41 knivhakk i kolben, eit for kvar elg han har felt.
merker.jpgMERKA: Jaktrifla har 41 knivhakk i kolben, eit for kvar elg han har felt.
Gamle forsvarsfolk. – Den beste tida å jakte på er definitivt om morgonen før sola har kome opp. Å sitje på post og oppleve at sløret av lett morgondis lettar når sola kjem, og ein ser perlar av dogg og fuglane byrjar å spela medan grågåsa trekk sørover – det er fantastisk.
– Kor lenge kan du bli verande på ein post?
– Me brukar rundt tre timar. Jakta startar i sekstida og held fram til rundt ni om kvelden.
– Korleis er det å stå andlet til andlet med eit halvt tonn stort dyr?
– Ein lyt ha stor respekt. Det hender at me skyt dyr som me ser rett inn i augo. Jo større dyret er, jo meir kjem ærefrykta, fortel han.
– Og kva er det beste med å dra ut på jakt?
– Å ikkje vera tilgjengeleg.

VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN

Elg- og hjortejakt
* Under elgjakta hausten 2006 blei det felt i underkant av 35 000 elgar, som er ein nedgong.
* Samstundes blei 29 200 hjort felt, auke frå føregåande år.
* Årleg vert det teke ut om lag 7 000 tonn kjøt.
* Hjortejakta byrja 10. september, elgjakta 25. september og 5. oktober (landet er delt inn i to soner).
* Les meir om jakt og friluft på www.inatur.no, eller kontakt di lokale jeger- og fiskeforeining.
Kjelder: SSB, njff.no

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering