Jomfrusmellen

30.4.08

KNM Roald Amundsen var sentral då Sjøforsvaret terpa skytedugleiken.


SJØLVFORSVAR: Luftvernmissilet ESSM blei testa ut då fregatten KNM Roald Amundsen var på skytefeltet. På grunn av dårleg vêr blei øvinga redusert i høve til ambisjonane. Foto: TORBJØRN KJOSVOLD/FMS.
SJØLVFORSVAR: Luftvernmissilet ESSM blei testa ut då fregatten KNM Roald Amundsen var på skytefeltet. På grunn av dårleg vêr blei øvinga redusert i høve til ambisjonane. Foto: TORBJØRN KJOSVOLD/FMS.


Den nye fregatten fekk testa både våpen- og sensorsystem då han for første gongen deltok på ei skyteøving med luftvernmissilet ESSM i bruk. Skipssjef Hans Petter Midttun hadde ein hektisk dag på jobben.
– Me fekk ei realistisk tilnærming til slike operasjonar, og resultata er gode, seier han.

Redusert skyting. Fregattbesetningen var samla på Træna i Nordland då KNM Roald Amundsen og MTB-ane KNM Ravn og KNM Tjeld hadde fellestrening. Dei to sistnemnde har stø kurs mot avhending ettersom Skjold-klassa nærmar seg å bli ferdig, men hadde likevel ein viktig rolle på øvinga, ifølgje Midttun.
– Målet var å skyta ned Penguin-missil frå MTB-ar med vårt luftvernmissil. På grunn av tryggleiksrutinane me har med avstand og bølgjeforhold, fekk me ikkje gjort det. Likevel fekk me følgt prosedyrane om bord og registrert dei 13 innkomande missila på vårt radarsystem, seier han.
KNM Roald Amundsen fyrte også av eit missil, men med drone som mål. For MTB-ane sin del var føremålet å dra med seg erfaring frå Hauk-klassa til dei nye fartøya i Skjold-klassen.

Samarbeidsmissil. Evolved Sea Sparrow Missile (ESSM) er eit sjølvforsvarsmissil som skal nedkjempa innkomande trugslar frå lufta. Produksjonen av missilet er eit samarbeidsprosjekt kor Noreg og ni andre land er involverte. Sidan det første missilet blei produsert i 2000, har fleire andre nasjonar teke det i bruk. Sjøforsvaret fekk hjelp av kollegane i Luftforsvaret på skyteøvinga, som stilte med Sea King-redningshelikopter og F-16-jagarfly.
– For oss var dette verdifull erfaring me tar med oss vidare i evalueringa av fregatten, seier skipssjefen.

VIDAR HOPE vh@fofo.no



FYRER LAUS: Dei 13 Penguin MK2-missila brølte over fjorden då Sjøforsvaret hadde skyteøving. Dette er noko av det siste missiltorpedobåten KNM Ravn gjer før han går i opplag. KNM Roald Amundsen si besetning registrerte «pingvinen» frå sin posisjon på havet. Foto: SJØFORSVARET.
FYRER LAUS: Dei 13 Penguin MK2-missila brølte over fjorden då Sjøforsvaret hadde skyteøving. Dette er noko av det siste missiltorpedobåten KNM Ravn gjer før han går i opplag. KNM Roald Amundsen si besetning registrerte «pingvinen» frå sin posisjon på havet. Foto: SJØFORSVARET.

 

Må ordne feil
KNM Roald Amundsen seglar til Spania for å utbetre manglar. Eittårsgarantien er i ferd med å gå ut, og fregatten skal innom byggeverftet for å retta opp på feil som er oppdaga i testperioden.
– Me finn mange feil heile tida, men det er mindre enn ein skulle tru, fortel skipssjef Hans Petter Midttun.
For tida er også KNM Fridtjof Nansen, den første fregatten i klassa, ved skipsverftet i Ferrol for å gå gjennom fartøyet då toårsgarantien nærmar seg slutten. KNM Roald Amundsen har kortare garantiperiode. I fjor haust valde Midttun å leggje fregatten til kai på grunn av feil i framdriftsmaskineriet.
– No får me byta ut baugtrøstaren, i tillegg er det fleire andre småting som skal utbetrast, men eg vil ikkje gå inn på kva det gjeld, seier skipssjefen.
Fregattvåpenet har også problem med det Midttun meiner er en bekymringsfull personellsituasjon.
– Det er tynt med folk i marinen, og me har ikkje personell i alle stillingane. Me har likevel tru på at dette skal bli betre til hausten, seier han.
Han legg til at det kan bli nye seglingskanselleringar dersom han skulle mangla tilstrekkeleg personell.

VIDAR HOPE vh@fofo.no

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering