Kansellerer øvingar

26.9.07

Sparing i Forsvaret går ut over øvingsaktiviteten i Sjøforsvaret.

ENDRING I PLANEN: Inge André Utåker og staben hans må endre i planane etter at fleire øvingar har blitt kansellert.
ENDRING I PLANEN: Inge André Utåker og staben hans må endre i planane etter at fleire øvingar har blitt kansellert.
Først blei marineøvinga «Flotex» kansellert. Så var det reserveløysinga «Marinen i nord» som blei vraka. No står Kysteskadren att med ei kraftig nedjustert øving med tittelen «Marinens haustøving» som skal føregå i Trøndelag og områda rundt Haakonsvern.
– Det er klart at for kvar gong me må endra planane våre, så blir dei dårlegare, og det er noko me er førebudd på, men denne gongen har det vore uvanleg mange endringar, seier kommandørkaptein Inge André Utåker, stabsoffiser i Norwegian Task Group (NorTG). 

Sparing. Det er pengesparing som gjer at Sjøforsvaret må kutte ned på øvingsaktiviteten. Også Forsvarets vinterøving, som skulle gått føre seg neste år, er kansellert. Der hadde Utåker og NorTG planar om eit bilateralt samarbeid med britiske og nederlandske amfibiestyrkar.
– Dette er ikkje gunstig, men me er i dialog med Fellesoperativt hovudkvarter om å få til øvingsutbyte med dei to nasjonane, seier han.
– I den perioden Sjøforsvaret no er inne i, med utfasing av gamle og innfasing av nye fartøy, vil eit sånt samarbeid vera ideelt for oss. Me planlegg ein avtale kor me går inn med Marinens jegervåpen, mineryddingsfartøy og ubåt i ein nederlandsk styrke som skal stå på beredskap for Nato Response Force, fortel han.

Vert dårlegare. Så langt har Forsvaret også kansellert fleire Nato Response Force-bidrag, samt bidrag til operasjon «Active Endeavour» i Middelhavet. For NorTG er kontinuitet eit viktig stikkord når marinen er i overgangsfasen.
– Ambisjonen er å stilla ein truverdig NorTG i 2011 med nye fregattar, nye MTB-ar og stab.
Utåker understrekar at Sjøforsvaret har fått øvingsutbytte på vårparten i år; treningsveker med NorTG, deltaking på vinterøvinga Cold Response og Nato-øvinga Noble Mariner. Reserveøvinga «Marinens haustøving» startar i veke 41 i Trøndelag. Veka etter seglar styrken sørover til Haakonsvern der øvinga held fram.

Samtrening.
At «Flotex» er kansellert, får mindre konsekvensar for Sjøforsvaret enn det gjer for Fellesoperativt hovudkvarter, meiner stabsoffiseren. Han legg til at Sjøforsvaret går glipp av samtrening med Hæren og Luftforsvaret.
– Marinens haustøving blir noko mindre enn Marinen i nord og Flotex, men me får med oss KNM Fridtjof Nansen, MTB-ar, mineryddingsfartøy, marinejegerar, kystjegerar og flaggskipet KV Andenes, seier Utåker.

VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN

NorTG n Norwegian Task Group planlegg og gjennomfører aktiviteten til Kysteskadrens styrkar, og er underordna Fellesoperativt hovudkvarter.
* På marineøvingar stiller NorTG ein stab om bord på det mellombelse flaggskipet KV Andenes.
* Sjefen for Kysteskadren er også sjef for NorTG.
* Målsettinga er å stilla NorTG klar for internasjonale operasjonar i 2011.
Idium Portalserver 3.0idium webpublisering