Minejakt i Normandie

29.8.07

KNM Karmøy har med seg fulltalig besetning når ho seglar inn i Nato sin ståande mineryddarstyrke.

I NATO-TJENESTE: Det er ingen ledige lugarer om bord på KNM Karmøy når minejaktfartøyet setter kurs for Normandie og Nato-patrulje. Arkivfoto: LARS SKJEGSTAD/FMS
I NATO-TJENESTE: Det er ingen ledige lugarer om bord på KNM Karmøy når minejaktfartøyet setter kurs for Normandie og Nato-patrulje. Arkivfoto: LARS SKJEGSTAD/FMS
– Vi skal vera ein del av eit aktivt seglingsprogram fram mot juleferien, seier KNM Karmøy sin ferske skipssjef, kapteinløytnant Tor Inge Lie.
Fyrste tokt går til Normandie ved kysten av Nord-Frankrike, kor Nato-styrken på seks fartøy skal delta i ein mineryddingsoperasjon.
– Det finns mykje forskjellig sprengstoff frå fyrste og andre verdskrigen på havbotnen der, granatar og antiinvasjonsminer som er ufarlege som miner, men sprengstoff er jo sprengstoff, fortel han.

Reduserer bidraget. Noreg har delteke kontinuerleg i Nato sin mineryddarstyrke (SNMCMG1) sidan 1997. Etter ti år går Sjøforsvaret inn i ein rolegare periode utan like stor deltaking. Skvadronsjef Per Arne Bakkeli og resten av minevåpenet treng tid til å oppgradera fartøyparken.
– Deltakinga vert redusert frå to fartøy i året, med seks månaders seglas av gongen, til eitt. Dette gjer vi fordi nye og oppgraderte sonarar og taktiske system om bord på alle fem fartøya skal fasast inn, fortel orlogskapteinen.
I tillegg skal den autonome miniubåten Hugin bli installert på fartøya. Bakkeli presiserar at dei norske fartøya kjem attende i Nato-styrken for fullt 1. januar 2010.

Erfarent mannskap. KNM Karmøy tel 41 personar når ho kastar loss frå Haakonsvern 10. oktober for å møte Nato-styrken utanfor Cherbourg i Frankrike. Det inkluderar 14 gastar i fyrstegongsteneste og fire minedykkarar.
– Erfaringsnivået hjå besetningsmedlemmene er veldig bra. Mange har vore med på dette før, seier Lie, som sjølv skal inn i sitt fjerde Nato-engasjement.
Skipssjefen meiner norsk marinepersonell har mykje å tilføra den internasjonale flåten.
– Vi har raskast båt og vi har mest stabil plattform. Difor kan vi gå ut i tøffare vêr og operere over tid. Norske besetningar gjer størst minefunn i denne styrken.

VIDAR HOPE vh@fofo.no

Natos minerydderstyrke
- SNMCMG1 står for Standing Nato Mine Countermeasures Group 1 og er ein av to mineryddarstyrkar i Nato. Denne held seg i nordleg farvatn, medan den andre seglar i Middelhavet.
- SNMCMG1 er også mineryddingskapasiteten i Natos reaksjonsstyrke (NRF).
- Tidlegare i år har KNM Hinnøy segla i styrken, som i dag tel seks internasjonale Nato-fartøy.
- Frå januar 2008 skal Noreg halvere si deltaking i styrken. Likevel vil Sjøforsvaret stå på beredskap for NRF. KNM Karmøy står for beredskapen, sjølv om fartøyet er fysisk attende ved skvadronen på Haakonsvern.
- Noreg har leia SNMCMG1 to gongar, sist i 2004. I dag har Belgia flaggskip og styrkesjef.
Idium Portalserver 3.0idium webpublisering