![]() |
«Klokka var kvart over to da åtaket starta. Halv fem var vi ferdige.»
Christian Hammer (26)
Det var natt i Afghanistan. Christian Hammer og ei handfull andre norske mentorar var på patrulje. Dei var i Qustepah saman
med soldatar frå den svenske PRT-styrken, afghanske politifolk, afghansk grensepoliti og afghanske soldatar. Nå hadde dei
slått leir. Så vakna dei av at heile himmelen var dekt av sporlys. Dei var under åtak.
– Vi fekk på oss utstyret. Vi kom oss ut i posisjonar, og vi svara på elden. Klokka var kvart over to da åtaket starta. Halv
fem var vi ferdige. Det eg hugsar best, er at alt fungerte. Alle gjorde det dei hadde trena på. Og ingen av våre soldatar
vart skadde. Kjøretøyet vårt ble derimot råka.
– Kvar var du?
– Inni kjøretøyet. Dei råka vindaugskarmen.
– Kva tenkte du da?
– At det var flaks at vi sat i eit pansra kjøretøy, fortel Hammer, som kom heim frå Afghanistan i april. Det var første gong
han drog dit.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– Det tykkjer eg absolutt. Eg opplever at folk viser respekt for det vi gjer der. Og eg har fått god støtte frå familien min.
– Kva tenkjer dei om at de vart angripne?
– Dei synest jo ikkje det er koseleg å tenkje på. Men dei er glade for at det gjekk bra. Slik har det vore heile tida.
![]() |
|
CHRISTIAN HAMMER, AFGHANISTAN, 2011: Etter åtaka i USA 11. september i 2001 mobiliserte USA styrkar til å setje inn ein motoffensiv
i Afghanistan, Operation Enduring Freedom. Noreg kom med frå årsskiftet 2001/2002 med transportfly, spesialstyrkar og mine
ryddarar. Samtidig vart stabiliseringsstyrken ISAF skipa etter vedtak i FNs tryggingsråd. Styrken skulle støtte afghanske
styresmakter i Kabul-området. Norske F16-fly gjorde også innsats, med base i Kirgisistan. ISAF sørgde for at parlamentsval
kunne gjennomførast. Oppdraget, under Nato-kommando, vart utvida til heile landet for å hindre Taliban-kontroll og hjelpe
afghansk politi og militære styrkar til å kunne ta tryggingsansvar.
|
![]() |
«Etter kvart skjønar eg at det er faren til guten som har lagt ut mina»
Vibeke Strand (36)
– I Bosnia hadde vi mykje kontakt med ein mineskadd gut. Berre nokre månader tidlegare hadde norske soldatar vore med på å
redde livet hans. Dessverre måtte beinet likevel amputerast under kneet. Og fordi guten voks så fort, måtte vi fleire gonger
køyre han til sjukehuset for å få tilpassa protesar, fortel Vibeke Strand.
Ho jobba som sanitetssoldat i Tuzla-området i 1996, like etter borgarkrigen i Jugoslavia.
– På veg heim frå eit av desse oppdraga byrja mora til guten plutseleg å gråte. Eg kan ikkje serbokroatisk og prøver derfor
å kommunisere med teiknspråk. Etter kvart skjønar eg at det er faren til guten som har lagt ut mina. Det vart nokre tårer
bak i «sisuen». Men også glede over at guten trass alt overlevde, fortel Strand.
Dei norske soldatane vart etter kvart godt kjende med den vesle familien.
– Han var litt sjenert i starten, men tydeleg stolt når vi kom for å hente han. Da sprang alle barna i nabolaget ut for å
sjå kva som skjedde. Å få det svære, flotte, pansra kjøretøyet inn på tunet tykte han var veldig tøft. Dersom eg får sjansen,
skulle eg gjerne vitja familien igjen, fortel Strand.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– Det er ei spesiell kjensle å gå med det norske flagget på skuldra i utlandet. Eg opplever også at familie og vener er stolte
av det eg har gjort. Sjølv treng eg ikkje så mykje meir enn ei kompanioppstilling, middag og nokre gode ord, seier Strand.
Ho opplever også at politikarane har innsett at einskilde kan få problem i etterkant av tenesta.
– Det har kome positive signal frå politikarane blant anna med ei stortingsmelding om ivaretaking av veteranar. Eg vonar og
trur at alle skal få den oppfølginga dei treng.
![]() |
|
VIBEKE STRAND, BALKAN, 1996: Etter at det tidlegare Jugoslavia gjekk i oppløysing frå 1991, starta kampane på Balkan mellom
i hovudsak serbarar, muslimar og kroatar. FN sette inn observatørar og etter kvart ein vernestyrke, UNPROFOR. Noreg deltok
med ei rekkje bidrag frå 1992 og heldt fram da Nato overtok ansvaret etter fredsavtalen i Bosnia i 1995. Nato starta med IFOR
(Implementation Force) og deretter SFOR (Secutity Force). Innsatsen på Balkan omfatta også ein førebyggjande styrke i Makedonia
(UNPREDEP) og Natos tryggingsstyrkei Kosovo, KFOR.
|
![]() |
«Eg var heilt sikker på at jenta ikkje ville overleve»
Berit Karita Mørseth (43)
– Eg jobba som akuttsjukepleiar på det norske feltsjukehuset i Tsjad i nesten åtte månader. Den primære arbeidsoppgåva vår
var medisinsk støtte til FN-soldatane. Men i samarbeid med Røde Kors behandla vi også sivile. Mitt sterkaste minne er ei jente
på seks år som fekk behandling hos oss, fortel Berit Karita Mørseth, som var i Tsjad i 2009/2010.
Pasienten hadde reist frå ein liten landsby saman med faren. Ho hadde store pustevanskar, men røntgenbilde avslørte ikkje
årsaka. Det var likevel klart at situasjonen var livstrugande.
– Det einaste eg kunne gjere, var å ta henne på fanget og gi oksygen mens vi venta på at legane skulle ta ei avgjerd. Det
enda til slutt med operasjon.
I halsen fann dei ein limkork som hadde sperra for luftvegane i fleire dagar.
– Det gjorde sterkt inntrykk å oppleve mangelen på kvalifisert medisinsk personell i Tsjad. Eg var heilt sikker på at jenta
ikkje ville overleve. Men berre to dagar etter operasjonen var ho frisk og kunne nesten ikkje vente med å kome seg ut or sjukehuset.
Det er den mest utrolige opplevinga eg har hatt som sjukepleiar. Eg kjem aldri til å gløyme andletsuttrykket hennar.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– Familien har heile tid støtta valet mitt om å dra til Tsjad. Men eg var heilt medviten på å vente til ungane var så store
at dei hadde forståing for kvifor eg reiste og var trygge på det.
Men ho har også reagert på kritikken i etterkant av oppdraget.
– Det er lett i etterpåklokskapen sitt namn å seie at feltsjukehuset var overdimensjonert og dyrt. Men det var umogleg å sjå
på førehand korleis oppdraget ville utvikle seg. Og vi løyste det på ein måte som har hausta skryt frå FN, seier Mørseth.
![]() |
|
tchad-1.jpg BERIT KARITA MØRSETH, TSJAD, 2010: Situasjonen i Tsjad ble påverka av flyktningstraumen på grunn av konflikten
i Sudan og Darfur-området. Derfor etablerte FN MINURCAT for å hindre at konflikten spreidde seg. Det norske bidraget bestod
av eit feltsjukehus og eit brønnborarlag. Styrken bestod av 148 nordmenn og 21 serbarar.
|
![]() |
«Plutselig vart matsalen rista av eit dumpt brak»
Svein Bolstad (55)
Den 6. juni 1982 invaderte israelske styrkar Libanon. FN-soldat Svein Bolstad var stasjonert like ved grensa og opplevde sjølv
kamphandlingane på kroppen.
– Natta i førevegen kunne vi høyre rasling av belte og motorstøy frå artilleriet som vart flytta i stilling. Israelarane hadde
gitt klar beskjed – å gjere motstand var nyttelaust.
Det var ein søndag med strålande solskin. Men alle venta i spenning på den komande invasjonen.
– Vi fekk beskjed om å få oss noko mat, så eg tok jeepen ned til matsalen. Det var røykt svinekam til middag. Eg putta bestikket
som vanleg i baklomma og byrja å forsyne meg. Men plutseleg vart matsalen rista av eit dumpt brak. Ein katusjarakett hadde
landa på fotballbanen berre nokre meter unna.
– Eg kasta frå meg matbrettet og sprang for å bemanne forsvarsstillingane. Det vart ei valdsam eldgjeving med artilleri mellom
PLO og israelske styrkar. Blant ofra var ein norsk soldat som vart råka av ein granatsplint og mista livet.
Slik starta krigen som skulle føre til store lidingar for sivilbefolkninga. Også for dei norske soldatane vart det innleiinga
på ein hektisk periode.
– To dagar etter invasjonen gjekk eg framleis med spisebestikket i baklomma, fortel Bolstad.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– Dei fleste som tenestegjer i utanlandsoperasjonar, kjem frå det utan varige skadar. Eit lite mindretal får likevel problem
og har saman med dei pårørande krav på ei verdig oppfølging fysisk, psykisk, økonomisk og sosialt, seier Bolstad.
– Samtidig må det ikkje stigmatiserast slik at det blir ei allmenn oppfatning at alle veteranar er «skadde». Majoriteten er
faktisk friske og sit med unike røynsler som gjer dei til viktige ressurspersonar i dagens samfunn.
![]() |
|
SVEIN BOLSTAD, LIBANON, 1982: UNIFIL (United Nations Interim Force in Lebanon) vart skipa av FNs tryggingsråd i 1978. Føremålet
var å stadfeste dei israelske styrkane si attendedraging frå Sør-Libanon og å gjenopprette fred og stabilitet i regionen.
Forutan dette mandatet bidro styrkane på det humanitære området. UNIFIL hadde ei sterk norsk deltaking med blant anna ein
infanteribataljon, verkstadkompani, helikopterving og feltsjukehus. Til saman 34 166 norske soldatar tenestegjorde i perioden
1978-1998. Av desse mista 21 livet.
|
![]() |
«Dei to første vekene var eg heilt matt og orka mest ingenting»
Knut Olerud (61)
– Eg har ei kjensle av at vi gjorde veldig mykje bra for sivilbefolkninga, seier Knut Olerud.
I 2003 var han prosjektoffiser i ingeniørkompaniet som hadde ansvaret for delar av vatningskanalane i Sør-Irak. Ein av episodane
han hugsar best, var eit møte med irakiske styresmakter.
– Da dei skjøna at vi ønskte å bruke lokale entreprenørar, fekk vi eit veldig godt forhold. Saman reparerte og heldt vi ved
like vatningssystem og kanalar. Og med temperaturar opp mot 60 grader var dette heilt naudsynt for å transportere ferskvatn
ut på jorda. Vi opplevde at arbeidet vårt var til stor hjelp for dei lokale bøndene, seier Olerud.
Dei norske soldatane vart tekne godt imot av lokalbefolkninga. Men når dei køyrde gjennom Basra, kunne det likevel hende at
folk kasta stein. Og faren for vegbomber var alltid til stades.
– Det var slitsamt at ein aldri visste kvar og når det small. Du går rundt og er spent mykje av tida. Eg tenkte ikkje over
det før eg kom heim. Men dei to første vekene var eg heilt matt og orka mest ingenting. Berre det å kome seg over dørstokken
vart ei utfordring, fortel han.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– Det var ein periode da vi nesten kjende oss dolka i ryggen av enkelte parti på Stortinget. Det kjendest litt urettvist med
den kritikken som kom frå enkelte politikarar. Det var ikkje spesielt imponerande, seier Olerud.
![]() |
|
KNUT OLERUD, IRAK, 2003: USA og Storbritannia gjekk våren 2003 saman om å styrte Saddam Hussein og stogge hans moglege atomvåpenproduksjon.
For å hjelpe Irak med infrastrukturen da kampane var over, sende Noreg eit ingeniørkompani frå Telemark bataljon til Sør-Irak.
Tolv år tidlegare hadde Noreg også militært personell i området – etter Irak-krigen i 1991, da med eit feltsjukehus i FN-misjonen
UNIKOM. Seinare har nordmenn tenestegjort i Irak i Nato-stillingar.
|
![]() |
«Kva hadde skjedd dersom eg kom kjøyrande først?»
Kjell-Erik Kleven (71)
Sommaren 1963 byrja norske soldatar å dra seg ut or Kongo. Kleven var knytt til ein Luftvernbataljon og deltok i transporten
av utstyret tilbake til Noreg.
– Det er spesielt ein episode som har brent seg fast, fortel han.
Kleven og ein offiser åt middag da det kom beskjed om eit fly som hadde landa på flyplassen utanfor Leopoldville. Kleven åt
ferdig. Løytnant Lund drog i førevegen.
– Det byrja å bli mørkt da eg var på veg utover. Plutselig låg det eit rør og betongfundament i vegbanen. Eg svinga utanom
og tenkte ikkje meir over det. Men ute på flyplassen møtte eg Lund som var oppskaka.
Han hadde blitt overfallen undervegs. Da han bremsa opp for hindringane på motorvegen, krydde det plutselig av folk som freista
å rive han ut or jeepen. Det var berre så vidt han fekk tak i løpet på tenesterevolveren. Med eit realt slag med våpenet fekk
han frigjort seg og gav full gass vekk frå overfallsmennene.
– Kva hadde skjedd dersom eg kom køyrande først? Eg var utan våpen og vart truleg redda av at det låg to bilar like bak meg.
Etter dette køyrde eg alltid med ein US Carabin innan ei armlengds avstand.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– På ein måte føler eg at Kongo-veteranane har blitt gløymde av Forsvaret. Eg har ikkje hatt nokon traume eller behov for
hjelp etter tenesta. Men hadde det vore tilfelle, ville eg nok ønskt meg ei tettare oppfølging, seier Kleven.
Det var først i fjor at han følte seg ordentleg ivareteken som veteran.
– Eg var med på 50-årsmarkeringa for Kongo-operasjonen på Akershus festning. Det var første gong eg opplevde at det offentlege
sette pris på tenesta vi utførte.
![]() |
|
KJELL-ERIK KLEIVEN, KONGO, 1963: Den tidlegare belgiske kolonien Kongo fekk sitt sjølvstende 30. juni 1960. Berre dagar seinare
vart belgiske troppar sette inn med det uttala føremålet å verne eigne statsborgarar. FNs tryggingsråd vedtok derfor resolusjon
143 som kravde at Belgia drar ut styrkane sine. For å setje makt bak krava vert den fredsbevarande styrken ONUC skipa. Han
består på det meste av 20 000 FN-personell. Av desse var 1173 nordmenn.
|
![]() |
|
20110413_0384.jpg
|
«Ved dødsfall hadde vi ei ordning kalla kameratforsikring»
Odd Stensrud (80)
– Eg hugsar spesielt ein episode frå tida i Tysklandsbrigaden. Det var februar 1952, og vi var stasjonerte ved eit øvingsområde
i Nord-Tyskland. Her skulle vi trene bataljonsåtak med skarp ammunisjon, fortel Odd Stensrud.
Under øvinga var nordmennene støtta av ein britisk stridsvogneskadron. Dei låg i ytterkant av framrykkingsaksen der det vart
skote med tunge mitraljøser.
– Plutselig oppdaga eg at det stakk eit hovud opp av den eine stridsvogna. Den britiske vognkommandøren køyrde med open luke
midt i den kraftige skytinga! Det var eit eldhav av ei anna verd så det var umogleg å få varsla britane. Og like etter stupte
vognkommandøren ut av syne.
Stensrud fekk sjølv sjå stridsvogna i etterkant. På kanontårnet og kroppen var det kvite flekker overalt etter kulene som
hadde råka stålkolossen. Den britiske løytnanten døydde momentant.
– Dette var ein episode som gjorde sterkt inntrykk på alle. Heldigvis var det svært få ulykker av denne typen. Men ved dødsfall
hadde vi ei ordning kalla kameratforsikring. Det innebar at alle soldatane gav ein liten sum til dei pårørande. Dette sterke
samhaldet er noko av det eg hugsar best frå tida i Tyskland.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– Tysklandsveteranane har til tider følt seg ganske gløymde. Vi har tidlegare kjempa valdsamt for å bli anerkjende. Men dette
har blitt betre etter at Forsvarets veteranadministrasjon vart skipa. Nå føler eg at vi blir tekne godt vare på, seier Stensrud.
Spesielt gledeleg er det at mange veteranar har tatt vare på det gode samhaldet frå tenesta.
– Sjølv etter at vi har blitt pensjonistar, har mange framleis kontakt gjennom lokale veteranforeiningar. Det tykkjer eg er
ganske eineståande, fortel Stensrud.
![]() |
|
ODD STENSRUD, TYSKLANDSBRIGADENE, 1952: Brigaden var under norsk administrasjon og jurisdiksjon, men stod under britisk kommando.
Det norske bidraget til den allierte okkupasjonsstyrken etter andre verdskrig. Etter grunnleggjande utdanning i Noreg tenestegjorde
soldatane i seks månader i Tyskland. Totalt gjorde 50 000 norske menn si pliktteneste i Tyskland.
|
![]() |
«Eg plukka ut eit Heinkel 111 bombefly og stupte ned medan eg skaut»
Per Waaler (93)
Det er tidleg om morgonen den 9. april 1940. Ein stor formasjon tyske fly nærmar seg Oslo. Sersjant Per Waaler lettar frå
Fornebu saman med fire andre pilotar og set kursen sørover. Ved Drøbaksundet passerer dei ei enorm røyksøyle som veltar opp
frå den søkkande Blücher. Like etter får dei auge på dei første fiendtlege flya.
– Vi låg i ein glimrande åtaksposisjon. Sjefen gav ordren: «Vi går til åtak. Alle mann for seg.» Eg plukka ut eit Heinkel
111 bombefly og stupte ned medan eg skaut. Eg kom så nær at eg kunne sjå den svære halefinnen like framføre meg, fortel Waaler.
Det tyske flyet gjekk i spinn og styrta like etter. Men Waalers Gloster Gladiator hadde også fått fleire treffar som skadde
motoren og smadra radioen.
– Eg sette kursen mot Fornebu. Men på veg ned stoppa motoren, fortel han.
Waaler får likevel landa for å etterfylle drivstoff og ammunisjon. Men plutselig stuper ein tysk Messerschmitt ned mot rullebanen.
Han hoppar ut av cockpiten og spring mot ei grøft mens flyet vert skote i brann. Nesten alle dei norske flya gjekk tapte.
Men dei beit godt frå seg. Til saman klarte jagarvingen på Fornebu å skyte ned fire tyske fly den 9. april.
– Føler du at innsatsen din har blitt verdsett av samfunnet og påskjøna av dine nærmaste?
– Flyvåpenet har vore veldig flinke til å lage arrangement for å minnast det som skjedde under krigen. Den 9. april i fjor
var eg blant anna oppe i eit helikopter for å fly den same ruta vi tok i 1940. Det var ei stor oppleving. Eg har også fått
offisiell invitasjon frå Forsvaret om å delta på Veterandagen den 8. mai. Det set eg sjølvsagt stor pris på, seier Waaler.
![]() |
|
PER WAALER, ANNEN VERDSKRIG: Krigsutbrot da Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Polen. Mot Noreg kom åtaket 9. april 1940. Motstandsorganisasjonane,
sivile og militære, oppstod same år. Krigsseglarane stod for viktig innsats. Heimestyrkane stod direkte under Hærens, seinare
Forsvarets - overkommando i London, og var del av dei norske, væpna styrkar. Av dei norske militære styrkane fall 877 i heimlandet,
1123 i utlandet. Meir enn 4000 krigsseglare mista livet.
|
TEKST: SVEIN ARSTAD
Foto: BEATHE SCHIELDROP


















Skriv ut
Tips en venn