![]() |
|
KV FARM: Kystvakta sitt nyaste fartøy har fått på plass utstyret frå depotet på Haakonsvern i det ruskete vestlandsvêret.
No ber det rett til havs.FOTO: VIDAR HOPE
|
KV Farm heng godt fast i kystvaktkaia på Haakonsvern, sjølv om den friske nordavinden vil det annleis. Den nye båten er kledd i kystvaktgrå uniform. Det luktar framleis måling av den. For få dagar sidan kasta skipssjef Einar Andreassen loss ved byggjeverftet Gryfia i den polske middelalderbyen Stettin. No er også resten av besetninga kome om bord – for fyrste gong.
– Opphaldet på Haakonsvern blir kortvarig, seier ein travel Andreassen mellom to telefonsamtalar.
– Det er jo i Nord-Noreg me skal operera. No skal me berre få på plass alt utstyret frå depotet her på marinebasen, montera det og koma oss nordover.
Det er om å gjere å koma seg ut på havet, få gjort unna tryggleiksmønstringane og setja i gong med kystvaktoppgåver. Nornen-prosjektet er allereie fire månader forseinka, og kontraktane med dei gamle kystvaktfartøya i nord er i ferd med å gå ut.
– Forseinkingane er eit resultat av at det generelt går bra i verftsindustrien. Det ser me i byggjeprosjekt i Noreg og fregattbygginga i Spania, seier kommandørkaptein Knut A. Hustad i kystvaktstaben.
Opsjon på fleire. KV Farm er fartøy nummer to av fem som så langt er levert. Fyrst ut var KV Nornen som no er operativ og patruljerar for kystvaktskvadronen i sør. Kystvakta har signert ein 15-årskontrakt med reiarane Remøy Shipping og Remøy Managment. I tillegg har dei opsjon på å byggja fem nye.
Det indre kystvaktfartøyet KV Farm skal patruljere i sone ein, det vil seia frå russargrensa i aust til Hammerfest i nordvest. Besetninga likar dei store vindauga om bord, men trur det kan bli kaldt ein vinterdag i Barentshavet.
– Det er mogleg me må justera litt undervegs. Vindauga gjev frå seg mykje varme og bakken (dekket framme på båten, red. anm.) kunne godt hatt eit overbygg, seier fenrik Torgeir N. Vaular.
Kommandørkaptein Hustad i staben i Oslo stadfestar at justeringar kan bli gjort.
– Det tek me etter kvart. Eit slikt verkstadopphald tek ikkje meir enn eit par veker. No må me fyrst bli kjende med fartøyet.
![]() |
|
STOLT SJEF I NY BÅT: Det blir lange telefonsamtalar på skipssjef Einar Andreassen framover når han skal klargjera Kystvakta
sitt andre Nornen-fartøy for operasjonar langs russargrensa.FOTO: VIDAR HOPE.
|
Ser fin ut. Kristoffer Refseth har vore ute ei kald vinternatt før. Saman med seks andre meinige har han blitt plukka ut til å vera del av den fyrste besetninga til KV Farm. Han ser fram til å plukke opp fiskeskurkar i Barentshavet og smuglarar frå grensa. Kan hende skal han også redde menneskeliv på havet.
– Me kom inn med KV Svalbard til Tromsø i går, og så sette eg meg på flyet til Bergen. Eg har faktisk ikkje sett båten i dagslys før no. Men den ser fin ut, seier han frå bryggjekanten på Haakonsvern.
Gastane tek utstyr om bord: oljelensutstyr, oppsamlingsutstyr, slepetrommel, sambandsutstyr og havari- og brannutstyr.
– Alt som trengs for at me skal kunne setje i gong med operasjonane på sjøen, seier skipssjef Andreassen.
Tilpassa toll og politi. Det er fleire aktørar som har vore på banen i førebuinga av byggjeprosjektet. Alt frå toll og politi til Kystverket og Fiskeridirektoratet har vore med på idédugnaden – resultatet er ein plattform spesialdesigna for alle typar kystvaktoppgåver. Prisen? Mellom 60 og 70 millionar kroner per stykk.
– Det nye er at me no har to operasjonsrom om bord. Med ei integrert matriseløysing kan fleire samarbeidsetatar operera sjølvstendig under patrulje. Det kunne me ikkje med dei gamle fartøya, seier Hustad.
– Ein annan ting er lettbåten. Den har overbygg, kan nå ein fart på 50 knop og vil vera ein viktig ressurs for moderskipet, seier Andreassen.
Sivile styrmenn. Fartøyet har elleve mann om bord. Det er det same talet som for dei gamle indre kystvaktfartøya og ikkje meir enn det som trengs, meiner Andreassen.
– Forskjellen er at me no har to sivile styrmenn som avløysar befalet vårt, seier kommandørkaptein Yngve Kristiansen, sjef for kystvaktskvadron sør.
– Eg ser ikkje vekk frå at me kjem til å auke med eit par stillingar til. Me har sett det med KV Nornen at den produserar mykje meir kystvakt for skattebetalarane sine kroner enn forgjengaren. Med eit par hovud til kan me bli endå meir effektive, meiner han.
– Blir det kulturkrasj når sivile frå reiaren skal jobbe på ein uniformert båt?
– Nei, snarare tvert imot. Eg meiner det er mange fordelar med å leige. For det fyrste så slepp me å ha ein stor organisasjon, og me slepp å tenke på vedlikehald. Me har blitt levert ein pakke og ferdig med det, seier Andreassen.
– Og dei sivile som er om bord har vore på sjøen i mange år. Fleire har erfaring frå Kystvakta, seier skipssjefen.
Meir synleg. Meinig Daniel Veglo har også funne seg til rette på KV Farm, etter berre to dagar.
– Det blei mykje vasking i helga, men no har me fått det meste på plass. Eg merker det allereie at det er eit mykje meir ope miljø her. Eg er vand med å vera ein av 30 meinige på det havgåande fartøyet KV Senja. Her er eg meir synleg, noko som gjer at jobben min på ein måte blir viktigare, meiner han.
I skrivande stund held KV Farm kurs mot kystvaktskvadron nord og patrulje langs Finnmarkskysten. Der erstattar fartøyet den 40 år gamle travaren KV Nysleppen. Ein ny generasjon tek over kystoppsynet.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
KV FARM
- Lengd: 47,2 meter
- Breidd: 10,3 meter
- Djupgong: 3,25 meter
- Bruttotonnasje: 700 tonn
- Slepekraft: Vinsj på 40 tonn
- Oljelensutstyr: 200 meter
- Lettbåtar: 2 stk
- Fart: 17 knop
- Besetning: 11
- Sengeplassar: 21
- Fartøyet er også utstyrt med brannkanon
Nornen-prosjektet
- Kystvakta leiger inn fem nybygde fartøy. To eigd av Remøy Shipping, tre av Remøy Managment.
- Fartøya er KV Nornen, KV Farm, KV Heimdal, KV Njord og KV Tor.
- Leigekontraktane er på 15 år. Kystvakta har opsjon på fem nye fartøy.
- Nornen-klassen skal operere i indre kystfarvatn. Frå russargrensa i nord til svenskegrensa i sør.
- Prosjektet er del av ein større modernisering av Kystvakta. Siste fartøy skal etter planen stå klar i desember – fire-fem månader bak skjema.




Skriv ut
Tips en venn