![]() |
Det bles i hamnebassenget på Haakonsvern på morgonkvisten idet 5300 tonn spanskbygd fregatt bakkar ut frå kaien med måsar og verkstadarbeidarar
som tilskodarar. På bruvinga står 43-åringen med caps og ser at alt går som det skal. Ole Morten Sandquist er roleg og følgjer
med når milliardbåten snur seg 180 grader og 41 400 hestekrefter sett fart mot Korsfjorden, nokre sjømil sør for marinebasen.
Skipssjefen set seg ned ved sida av eit par store skillingsbollar i sin private lugar, eit dekk under styrbrua. Stolane er
festa til bordet med tau. Smart, tenkjer me når manøvreringsøvinga er i gong.
– Eg har som ein del andre ungdomar spelt i rockeband, og me vann vestlandsmeisterskapen i rock, får me høyra.
Året er 1985, Bobbysocks har ført Noreg til topps i Melodi Grand Prix for første gong, og ein ung bergensar er svolten på
musikalsk suksess.
– Gruppa heitte Conside, og premien var å få gi ut ein singel på tusen eksemplarar.
Men dei klissete kjærleikssongane «Come with me» og «Stay with me» blei aldri nokon landeplage. Etter ein liten periode med
speling i bergensområdet forsvann lengda på håret, og sju veker med rekruttskule på Madla stod for tur, fortel han motvillig.
Debuterer mot piratar. Besetninga er inne i nok ei treningsveke for å førebu seg på oppdraget. Medan somaliske piratar trappar opp aktiviteten
i Adenbukta, blir fartøyet meir og meir klar for operasjonen. Den auka aktiviteten ved Afrikas horn har fått Nato til å senda
fregattstyrken SNMG1 til området. Men det er med EU-flagg den norske fregatten deltar. 24 år etter singelutgjevinga er Sandquist
øvst på næringskjeda om bord på Sjøforsvaret sitt flaggskip. Og får sin debut mot nådelause piratar. Gitaren støvar ned heime
i Åsane.
– Å få segla med KNM Fridtjof Nansen til Somalia og vera med i operasjon Atalanta er krona på verket for mine år i fregattvåpenet,
fortel Sjøforsvarets tilsynelatande stoltaste offiser.
– Det er første gong me er med i ein slik operasjon med dette fartøyet, så det er sjølvsagt spennande tider for oss, seier
han.
Sandquist vil ikkje innrømma det med ein gong. Vemodet over at dette blir det siste året som skipssjef i Den kongelege norske marinen. Kor han
hamnar neste sommar, er det ingen som veit. Det som er sikkert, er at fleire av hans forgjengarar tok av seg uniforma og forsvann
ut i sivilt næringsliv då ei kontorstilling på land var alt Forsvaret kunne by på.
– Å vera skipssjef på fregatt avgrensar seg til to år. Men for å få kontinuitet i fregattvåpenet med innfasinga av nye fartøy,
blei det bestemt at ein av oss fem sjefar fekk eit ekstra år til sjøs. Heldigvis fekk eg den tilliten.
Skillingsbollane kjempar ein hard kamp på tallerkenen når KNM Fridtjof Nansen testar ut svingradiusen. Det er sånn han har
hatt det nesten heile karrieren. Ute blant sjøfugl, dieseleksos, hissige missil og taktiske vurderingar. Og øvst på ønskjelista
stod det å bli skipssjef. Han er inne i sjarmøretappen.
– Det er kompleksiteten i det me held på me som gjer denne jobben så spanande. Og så er me ein ganske stor norsk bedrift.
Det er mange tilsette og store budsjett, fortel han på utpust i von om at praten om musikkfortida og jobbframtida er over.
Mobbar kollegar. Me må tilbake til 1966, året då helten hans, Bob Dylan, gjorde seg upopulær ved å spela elektrisk gitar saman med The Band.
Det var det året Ole Morten Sandquist blei fødd, og oppveksten like ved Brann stadion på Minde tok til.
– Eg spelte fotball frå eg var seks år gamal til eg vart juniorspelar. Først for Nymark og så var det Åsane. Av alle dei uviktige
ting trur eg at fotball er det viktigaste, fortel Brann-tilhengaren.
Det skal visstnok vera nervar og spenning om bord når det er serierundar. Besetninga på 123 personar kjem frå heile landet.
– Du kan kalla det sunn rivalisering. Det blir litt småmobbing her og der når det eine laget vinn eller tapar. Og det var
spesielt hyggeleg å slå moldensarane i vår.
Når oss andre kjem tilbake frå fellesferien, er KNM Fridtjof Nansen og mannskapet på god veg til Afrikas horn, og med ordre om å trygga
Adenbukta for sivil skipsfart. Det skal ta tre veker å passera Den engelske kanal, kryssa Middelhavet, gli forbi Egypt, gjennom
Suezkanalen – før nordmennene rundar svingen og plasserer seg strategisk i operasjonsområdet. Under seglasen møter dei på
allierte fartøy og trenar saman. Medieinteressa for den norske fregatten har vore stor og Sandquist har teke mål av seg å
svara på dei aller fleste førespurnadane.
– Basert på erfaring frå andre fartøy i området er pressepågangen så stor at me tek med eigen presseoffiser. For me veit at
journalistane kjem.
Men det trengs meir enn mediefolk om bord når oppdraget kjem i gang. Spesialstyrkar og auka sanitetspersonell er to kategoriar.
– I tillegg kjem militærpoliti, sidan det er eit politioppdrag me skal inn i. Me skal og ha med ein jurist som blir min rådgjevar
i situasjonar kor me må tolke lovar og reglar. Og så har me med oss to tolkar, ein arabisk og ein somali. Og minedykkarar.
![]() |
Vil sakna familien. Skipssjefen er på ein svipptur i eit møte i operasjonsrommet. Det er helikopterpreik. Om kort tid skal Kystvakta sin Lynx-maskin
opp i nordavinden og så ned igjen. Og så opp igjen. Innflygingar på dekket er noko mannskapet ikkje har altfor god erfaring
med. «Nansen» sitt bestilte NH90-helikopter er ikkje levert enno og ligg fleire år bak skjema. I offisersmessa held ein fagforeiningsrepresentant
informasjonsmøte om løn under utlandsoperasjonar. Atalanta-oppdraget kan halda fram i opptil seks månader for det norske mannskapet.
Det er i lengste laget for kona Inger og borna Morten (10) og Mie (7).
– Eg trur at tankane deira rundt dette er todelt, fortel sjefen, som er tilbake ved skillingsbollane.
– Borna er nok stolte over at pappa skal ned til Afrika, og at han er sjef på båten. Men dei er store nok no til å forstå
at seks månader er lenge.
Tenesta har forandra seg i takt med resten av samfunnet. I dag er det familien som er det viktigaste for offiserar. Og det
har kommandørkapteinen merka under førebuingane. Så då gjer det vel kanskje ikkje noko at han om eit års tid er landkrabbe
igjen.
– Det er mykje eg ser fram til å ta igjen. Å vera med fotballaget til gutungen som hjelpetrenar, eller vera ute på sjøen
med familien på fine dagar. Det er slike ting eg ikkje har fått gjort dei siste åra.
Rapportane frå Adenbukta har kome jamt denne våren, og nettavisene har vist oss videosnuttar med små fiskebåtar som held kursen mot handelsflåten.
Om den amerikanske kapteinen Richard Phillips som blei kidnappa. Og om skotvekslingar og stadig meir aggressive piratar.
– Situasjonen har dreia noko, frå å vera berre kapring og krav om løysepengar til å hardna. Det som skjedde med Maersk Alabama,
er eit døme på at det har spissa seg. Piratane er ikkje terroristar eller stridande. Det er snakk om væpna ran til sjøs, som
me kallar det når det er innanfor territorialfarvatnet til ein stat. Når du er ute på det frie opne havet, vert det kalla
sjørøveri.
Han utelukkar ikkje at det norske mannskapet kan bli skadde.
– Det er alltid ein viss risiko når ein er med i slike oppdrag. Ein veit aldri kva motstandaren vil gjere eller korleis han
oppfører seg. Kanskje han oppfører seg irrasjonelt – det har me sett døme på. Og det er fleire grunnar: frykt eller bruk av
narkotika som gjer at ein kanskje ikkje tenkjer heilt logisk, fortel han.
– Men det er framleis eit fredstidsoppdrag. Me er langt på veg politi.
Nachspielmusikar. Afrikas horn og Adenbukta har vore eit område som har blitt oppfatta med viss interesse i militære krinsar i lengre tid.
Men Sandquist vil ikkje kalla seg spesialist på piratoperasjonar. Noreg har ikkje erfaring med slike operasjonar og tek difor
fleire forholdsreglar. Det var andre dagar på 80-talet då bergensaren og Conside skulle ta verda med storm. Singelopplaget
forsvann. Men det gjorde også interessa for å vera utøvande artist. I dag lyt ein vera på det rette nachspielet for å få med
seg skipssjefen og gitaren. Dersom Sjøforsvaret ikkje hadde fenga like bra, kunne han like greitt vore lærar, eller politi.
Myndige yrke. Men han skal visst ikkje vera særleg streng.
– Eg håpar eg blir oppfatta som ærleg, rettvis, men krevjande. Eg er oppteken av å ha eit profesjonelt fartøy, stram orlogsmessig
besetning. Det krev gode førebuingar og innsats. Men me må tenkje oss om etterpå og – finna ut korleis me kan blir betre neste
gong. Og så skal det gjerast med eit smil om munnen og humør. Happy ship er det beste ein marine kan ha.
Det er eit enormt geografisk område KNM Fridtjof Nansen skal patruljera i, kystlinja til Somalia er på 1600 nautiske mil. Det viktigaste
for 43-åringen er å verna FN sitt matvareprogram som skal kome inn til Somalia med forsyningar.
– 40 prosent av somaliarane er avhengig av at desse varene kjem trygt fram, og store deler av styrken eskorterer difor desse
forsyningane som ein konvoi.
Det blir noko anna å patruljere meir tilfeldig i område kor det er kjend at det er mykje piratverksemd.
– Det er mange fiskarar og mykje aktivitet ute på havet. Dei færraste har ureint mjøl i posen, så å skilja desse frå piratane
blir utfordrande.
I småbåtane har dei stigar, kasteslyngar og våpen. Men ein radar er ikkje nok for å oppdaga dette frå avstand.
– Skrekkscenarioet? Det er fare for uføresette hendingar i nærkontakt med piratar. Til dømes at det vert skote ukontrollert.
Kunsten er å halde dei langt nok på avstand og kommunisera med lydkanon. Det er viktig å få fram bodskapen, og der kjem tolkane
inn i biletet. Men det er godt å ha med spesialstyrke om bord.
Marinefrelst. Helikopteret til Kystvakta er pakka inn i hangaren igjen, og dekkmannskapet er vonleg blitt endå litt klokare. Skillingsbollane
har forsvunne, og offiserane i messa har lært eit og anna om utlandstillegg og heimreiseordninga. Sandquist har vore med
denne fregatten sidan den var ei skisse på eit stykke papir. Men eit fregattliv tek fortare slutt enn mange kan tenka seg.
– Det høyres kanskje litt frelst ut, men eg har ingenting å klaga over her, seier skipssjefen.
Me spør om han er litt frelst.
– Eg er glad i jobben min, og akkurat no ville eg ikkje byta han ut for noko i verda.
Me fortel at det sa forgjengaren Hallvard Flesland og, han som no er sivilist. Og spør om han har fått gode tilbod frå næringslivet.
Eit lurt smil.
– Ingen kommentar.
Me spør om han har tenkt å bli igjen etter at han har parkert fregatten for siste gong. Eit endå lurare smil.
– Sidan eg sa ingen kommentar på den førre, vil eg ikkje svara på den heller.
Me spør om Sjøforsvaret er flinke nok til å ta vare på gamle skipssjefar. Smilet er vekke.
– Det må du nesten spørja sjefen min og hans sjef om. Eg meiner at dei som går i land med denne kompetansa, er svært verdifulle.
Og så drøymer han om fritidsbåten han skal kjøpa til neste sommar. Og nei, den skal ikkje ha segl.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN
Namn: Ole Morten Sandquist
Fødd: 1966
Stad: Bergen
Sivil status: Gift med Inger, to barn: Morten (10) og Mie (7)
Aktuell: Skipssjef på fregatten som 1. august reiser til Afrikas horn
MILEPÅLAR
10 ÅR: Ung fotballgutt og fjerdeklassing på Fridalen skole ved Brann stadion.
20 ÅR: Rockestjernedraumen er parkert. No er han i førstegangsteneste på
KNM Ægir og KNM Sleipner, og har fått smaken på Sjøforsvaret.
30 ÅR: Kadett på Sjøkrigsskolen sin andreavdeling, tek vidareutdanning og er klar for sjøteneste som operasjonsoffiser på fregatt.
Offiserskarrieren er for alvor i gang.
40 ÅR: Går på stabsskule i England, samstundes som han får melding om at han er vald som ny sjef på KNM Fridtjof Nansen. – Eit
høgdepunkt!




Skriv ut
Tips en venn