![]() |
|
UTRYGG FRAMTID: – For 19-åringane her betyr ikkje flytting så mykje, seier rekruttskulesjef Einar Haarberg. For dei tilsette
på Madla betyr det alt. Arkivfoto: RUNE GUNERIUSEN/FMS.
|
– Å få rekruttane til Ulven leir vil skapa liv og røre og kan heilt sikkert påverke Os-samfunnet. Vi er nøgde med leiren slik han har blitt etter at Sjøforsvaret tok over, og ser positivt på forslaget i forsvarsstudia, seier Terje Søviknes (FrP).
Forsvarssjefen vil dela den felles marine- og luftrekruttskulen KNM Harald Haarfagre på Madla i to, og flytta han til høvesvis Bergen og Kjevik. Det kom fram av forsvarsstudia som blei presentert i november.
Trist. I Madlaleiren utanfor Stavanger er ikkje dei tilsette like oppglødd som ordføraren frå Os. Rekruttskulesjef Einar Haarberg ser ingen god grunn til å leggja ned ein skule som han meiner går godt.
– Det er trist når ein tenkjer på kor bra denne rekruttskulen er og at me har fått ein så pass god standard her no. I lokalmiljøet herskar det naturleg nok forvirring og forundring, men eg vil tru at folk i Bergen ser positivt på eit slikt forslag, seier han.
Ifølgje økonomioffiser Roy Sørlie ved KNM Harald Haarfagre, har rekruttskulen fått nyinvesteringar for om lag 470 millionar kroner dei siste fem åra.
– Nytt messebygg, nye kasernar og oppussing av tre kompani, idrettsanlegget og kleslageret har kosta nesten ein halv milliard. Så skal det leggjast ned?
– Forsvarsstudie 07 har gjort ein dårleg jobb sett med økonomiske augo, og talmaterialet deira kan ein stilla spørsmål ved, fortel han.
– Vi har heller ikkje blitt inkludert i drøftingane i førekant, og vi har ikkje fått tilsyn i studia fordi ho har vore unnateken offentlegheita, hevdar Sørlie.
Støttar Diesen. Flaggkommandør Bernt Grimstvedt, sjef for Sjøforsvarets skoler, seier til F at han stiller seg bak forsvarssjefen si avgjerd.
– Slik eg ser det, kan rekruttutdanninga liggje kor som helst, berre ein har dei fasilitetane som trengs. Men bergensområdet er einaste alternativ dersom rekruttskulen skal flyttast, seier han.
Dei tre alternativa som har vore diskutert er Ulven leir i Os kommune, Sjøkrigsskolen ved Laksevåg eller marinebasen Haakonsvern i Bergen.
– Ulven leir og Haakonsvern er nok dei mest realistiske alternativa, meiner Grimstvedt.
Leiren er underlagt Haakonsvern og kommandør Åsmund Andersen. Også han er viljug til å ta imot rekruttar.
– Vi har ikkje drøfta dette så grundig, men vi veit at Ulven er ein god kandidat. Noko oppussing på bygningsmassen må ein ta, men det er relativt små utgifter, seier han.
Bernt Grimstvedt meiner ein må sjå den totale vurderinga før ein byrjar drøfta kor rekruttskulen skal vera.
– Det er snakk om å flytta både Fellesoperativt hovedkvarter, flybasen på Sola og rekruttskulen på Madla. Vi må sjå det i det perspektivet, seier han.
Innsparingar. KNM Harald Haarfagre blei etablert som Madlamoen ekserserplass i 1871. I dag er leiren Noregs største militære rekruttskule. Skulesjef Haarberg trur det er økonomiske faktorar som spelar inn i forsvarssjefen si avgjerd.
– Det går på innsparingar, noko anna ville vore utenkeleg.
Roy Sørlie stiller seg undrande til forsvarssjefen si analyse.
– Det er til dømes ikkje teke med at Madlaleiren ligg på leigd grunn. Det vil med andre ord kosta dyrt å leggje ned leiren og tilbakeføra han til grunneigar. Generelt er reknestykka dårlege, meiner han.
Sørlie legg til at det heller ikkje er teke omsyn til kor ein ny leir skal plasserast, utan å seia at han skal vera i Bergen ein stad.
– I beste fall kan ein ny rekruttskule i bergensområdet bli like god. Men faren er stor for at han vil bli dårlegare enn den vi har i dag.
Faglege omsyn. Oberst Rune Jomaas i Forsvarsstudia 07 seier at økonomi kom bak i rekka då studia blei utarbeidet.
– Det viktigaste her er faglege omsyn, sikre god rekruttering til vidare teneste i Forsvaret og syte for at generalinspektørane får større grep på heilskapen.
Dei nye rekruttskulane i Bergen og Kristiansand skal vera underlagt dei to forsvarsgreinene sine befalskular, og instruktørane skal brukast både på rekrutten og befalsskulen.
– Vi meiner vi har gjort ein så god jobb som overhovudet mogleg. Med denne løysinga vil rekruttutdanninga bli kvalitativt betre, hevdar han.
– Har tilsette på Madla fått vera med i prosessen?
– Vi har prøvd å inkludere dei fleste avdelingane som vil merke endringar, men nokre i større grad enn andre.
Os-ordføraren har stor tru på at forsvarsstudia får gjennomslag og rekruttskulen flyttar nordover.
– For vår del betyr ikkje nye arbeidsplassar så mykje, men all aktivitet i kommunen vil syte for at hjula går rundt i Os. Det er mange forslag i forsvarsstudia som heilt sikkert ikkje kjem til å bli sett i verk, men å flytte rekruttskulen til Os er ein av dei sakene som verkeleg kan bli gjennomført, seier ein håpefull Terje Søviknes.
For ordens skuld er det Stortinget som til slutt skal ta avgjerda om kor Sjøforsvaret og Luftforsvaret sine rekruttar skal utdannast. Det skjer til våren.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Forslaget
n «Felles rekruttutdanning i Sjøforsvaret og Luftforsvaret på KNM Harald Haarfagre på Madla legges ned, og utdanningen flyttes til henholdsvis Bergen og Luftforsvarets skolesenter på Kjevik. Dette vil gi styrkeprodusentene et helhetlig ende-til-ende-ansvar for den grunnleggende utdanning i egen forsvarsgren»
Frå Forsvarsstudie 07



Skriv ut
Tips en venn