Forsvarsforum

Salar seg fast til Forsvaret

NAMN: Terje Sandlie (62)
BUSTAD: Hønefoss
SISTE STILLING I FORSVARET: Salmakar på Hvalsmoen

I mars i fjor hadde salmakar Terje Sandlie (62) sin siste arbeidsdag i Forsvaret. Men han var tilbake i verkstaden på Hvalsmoen allereie
1. april, og jobba for Forsvaret.

Tips en venn 21.01.2005Forvirra? Vel, Terje Sandlie syntes rett og slett det var for tidleg å gå inn i pensjonisttilværet då Forsvaret la ned leiren på Hvalsmoen i Hønefoss. Dermed starta han si eiga verksemd i dei same lokala han hadde jobba i dei siste 20 åra.
– Det som er paradoksalt er at det siste året eg var tilsett i Forsvaret, så hadde dei ikkje råd til å bruka meg. Men straks eg starta opp privat, fekk eg mange oppdrag frå Forsvaret, ler 62-åringen.

Blind
Blind på venstre auga vart han friteken frå verneplikta. Sandlie synes likevel han har gjort si plikt etter nesten 20 år som salmakar på Hvalsmoen. Han starta i 1985 etter fleire år på Blystad sin syfabrikk på Hønefoss. Då det gjekk nedover for fabrikken, såg han seg om etter andre ting. Og slik hamna han altså i Forsvaret.
– Heldigvis. Bare eit år etterpå var det nemleg slutt for Blystad, fortel Sandlie. I Forsvaret hadde han nok å
gjera som salmakar. Fram til 1996 var det faktisk to salmakarar på Hvalsmoen. Dei siste åra var Sandlie aleine, men liv i leiren var det likevel.
– Ja, det var jo mange folk her, og det skjedde stadig noko. No er her derimot stille. Det er faktisk blitt slik at eg spring bort til vindauga bare eg høyrer lyden av ein bil, smiler han. Men bak smilet saknar han dei tider då alle bygningane var fulle av travle soldatar, offiserar og sivile. I dag er det bare han og hans tidlegare leirsjef igjen.
Leirsjefen sitter i andre enden av brakka.
– Det er fint å ha nokon å dela lunsjpausen med, seier salmakaren.

– Hadde det meste
Terje Sandlie synes det er stusseleg med all nedlegginga i Forsvaret. Særleg for ein stad som Hønefoss, som hadde fleire leirar.
– Det blir jo ringverknadar av det. Eg veit ikkje om det var rett eller ikkje, men mange seier det
var feil. Her hadde dei det aller meste – inkludert elva som renn forbi, og eit skytefelt. På Rena bygger dei alt nytt, medan dei kranglar om det meste. Ein kan jo lura på om det var det rette å gjera, undrar han. Når det først er skjedd, håpar Sandlie at fleire vil etablera verksemder i den nedlagte leiren.
– Eigentleg skulle eg starte for meg sjølv heime, men så ville Skifte Eiendom at eg skulle vera her. Dei håpar å få etablert ei handverksgate her. Det hadde vore fint med litt leven igjen.

Sel ikkje mykje
I dag kombinerer Sandlie salmakerverkstad med eit lite utsal. Kona Brit driver med rosemåling, sjølv putlar han på med litt porselen innimellom. Desse tinga er stilt ut for sal i verkstaden.
– Det blir jo ikkje til at eg sel så mykje, sidan så få kjem innom. Men litt blir det no alltid. Og sjølv om verken utsalet eller verkstaden er ei økonomisk gullgruve, så klarar eg meg fint. Eg har jo trass alt pensjonen å leva av. Derfor kan eg helda på her så lenge helsa er god, og så lenge eg synes det er kjekt.

JOSTEIN MATRE
MARIANN DYBDAHL/FMS (FOTO)

TRUFAST. Terje Sandlie vart friteken frå verneplikt. Han har likevel jobba for Forsvaret i 20 år – som salmakar på Hvalsmoen.
MOT TOPPEN. Terje Sandlie og kona Brit frå dei tider då begge jobba i Hvalsmoen leir. ARKIVFOTO: PRIVAT