Seglar sin eigen sjø

01.7.08

Kadettar har gått lei dei tradisjonelle rekrutteringsmetodane til Forsvaret.

MARINEAMBASSADØRAR: Kadettane Odd Sveinung Hareide, Preben Kristiansen, Morten Vaage og Eivind August Kavlie-Borge er fire av sju besetningsmedlem på marinen sin sommarpatrulje. Toktet startar 20. juli. Foto: VIDAR HOPE.
MARINEAMBASSADØRAR: Kadettane Odd Sveinung Hareide, Preben Kristiansen, Morten Vaage og Eivind August Kavlie-Borge er fire av sju besetningsmedlem på marinen sin sommarpatrulje. Toktet startar 20. juli. Foto: VIDAR HOPE.


På eige initiativ legg sju kadettar ut på tokt 20. juli i ein innleidd seglbåt. På ei veke skal dei møta mest mogleg ungdom langs sørlandskysten – på ungdomen sine premiss. Kaptein om bord er fenrik Preben Kristiansen.
– Me meiner at utdanningsmuligheitene i Sjøforsvaret er underkommunisert, seier kadetten, og får støtte frå tre av medseglarane.
Mellom eksamenslesing har dei kartlagt kor «Sjøforsvarets sommarpatrulje» skal gå i hamn. Festivalar blir prioritert, då sjansen for å treffa målgruppa der er stor.
– I tillegg brukar me dei ressursane som er i Forsvarets mediesenter. Lokalradio og aviser er også kanalar me tar i bruk, fortel kapteinen om bord.

Veit for lite. – Utdanning i Forsvaret er mykje, seier Odd Sveinung Hareide, og fortset:
– Eg gjekk fem år i Hæren før eg visste at det fanst økonomiutdanning i Sjøforsvaret.
– Når me snakkar med folk som ikkje kjenner til Sjøkrigsskolen, veit dei ikkje om oss, fortel Kristiansen.
Han oppdaga utdanningsmoglegheitene i Sjøforsvaret då han såg ein av Sjøkrigsskolen sine seglbåtar på havet. Hareide meiner Forsvaret lyt tenkja lengre enn avisannonsar og tradisjonelle rekrutteringsstands når dei skal nå ungdomen.
– Det er viktig at me som tar utdanninga i dag, er ute og snakkar med ungdom, og ikkje ein major frå Hæren. Det blir meir uformelt, seier han, og legg til at det blir meir avslappa når dei møter opp i feriemiljøet.
– Me treff også foreldre. Dei har framleis stor påverkingskraft, og difor er det viktig å nå ut med bodskapen til dei òg.

Ærleg framstilling. Mannskapet skal forklara om korleis kadettlivet utartar seg og gje ærleg og god informasjon om utdanning i Sjøforsvaret og Sjøkrigsskolen.
– Me skal ha ein hovudaktivitet for å samla folk rundt båten og standen. Målet er at me blir eit naturleg midtpunkt i bybildet. Båten i seg sjølv er jo ein stand, i tillegg skal me ha rebusløp for barn på kaien og gjera dei kjende med marinen, held Kristiansen fram.
Han ser det som særs viktig at dei kjem seg vekk frå Forsvaret sin eigedom og tenkjer utanfor boksen.
– Nedbygginga av Forsvaret får konsekvensen at me er mindre synleg. No er jo heile marinen i Bergen, men det er viktig å nå ut til ungdom i andre byar også.

Likar å segle. Difor skal Tønsberg, Oslo, Sandefjord, Kragerø, Risør, Arendal og Kristiansand avleggast ein visitt. Kadettane brukar ferien sin på prosjektet, men vil bli løna for den ei veke lange arbeidsinnsatsen.
– Me er sjømenn som likar å segle. Ein så stor seglbåt krev eit mannskap, og når me er så mange, kan me ta oss tid til kvar enkelt. I tillegg har me interesse av at Sjøforsvaret ikkje må leggje til kai på grunn av mangel på folk. Også me kadettar har eit ansvar, her bidrar me med noko. Kanskje det inspirerer til andre idear, seier Eivind August Kavlie-Borge.

Gode søkjartal. I maiutgåva av F uttrykte skipssjef Hans Petter Midttun bekymring for personellsituasjonen i Sjøforsvaret.
– Det er tynt med folk i marinen, og me har ikkje personell i alle stillingar, sa han.
Etter eit godt rekrutteringsår ser det likevel ut som at marinen vil få betre kår dei neste åra. I høve fjorårets søkjartal har det vore ei auke på nesten 150 personar. Då fristen for felles opptak og seleksjon gjekk ut, hadde 740 personar søkt.
– Dette handlar ikkje om å få inn søknader der og då, men å vekke interesse. Målgruppa er i alderen 16 til 24 år. To av oss blei jo interessert i Sjøforsvaret nettopp då me såg ein av sjøkrigsskulen sine seglbåtar, seier Kristiansen.
Han legg til at moglegheitene er store
i ein kystnasjon som Norge. Berre Kragerø åleine har 40 000 sommargjester.  
– Alle i Forsvaret er rekrutteringsoffiserar, då gjeld det å klekka ut dei gode ideane. Det vil løna seg på sikt, meiner han.
Kadettane har også fått med seg Kystvakten på deler av toktet som startar 20. juli i Tønsberg.

VIDAR HOPE vh@fofo.no

Slik seglar dei
«Sjøforsvarets sommarpatrulje» startar sundag 20. juli og vert avslutta 27. juli. Den planlagde seglingsplanen ser slik ut:
– Sundag 20. juli: Tønsberg
– Måndag 21. juli: Oslo
– Tysdag 22. juli: Sandefjord
– Onsdag 23. juli: Kragerø
– Torsdag 24. juli: Risør
– Fredag 25. juli: Arendal
– Laurdag 26. juli: Kristiansand
– Sundag 27. juli: Oppskvær og tilbakelevering av båt 

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering