Forsvarsforum
Simon i Setesdal
– Dei norske fjella krev sin mann, seier britiske Simon Piper. Kavaleristen i Queens Royal Husars fekk ein unormal dag på jobben – i Setesdal.
Tips en venn 05.08.2005– Come on you lads! Move it! Come on! Tona er røff, kravet om innsats nådelaust. 15 britiske elitesoldatar frå Queens Royal Husars testar styrka si i Setesdal: fire dagar i norsk fjellheim og fire dagar langs Otravassdraget. 19-åringen Simon Piper fra Aust-Sussex hadde både ein og to aha-opplevingar.– You will do it! You will do it! Simon får klår melding av befalet då han vegrar seg mot å øve balanse og såkalla
bevegelsesendring ståande i kano, noko han aldri har prøvd seg på før.
Enorme vassmengder
Men skal du leve i ein kano langs eit tidvis utemja vassdrag i fleire døger, etter knallharde dagar med marsjering i fjellet, må kunnskapen prentast inn. Simon gjev etter, og ungguten meistrar raskt det grunnleggjande.
– Dei norske fjella krev sin mann, når ein går time etter time med tung ryggsekk og mykje ekstra utstyr i ulendt terreng. For ikkje å snakke om kanoturen, ler Piper, og himlar med augene. Kanoturen var i alt fire dagar med enorme vassmengder i iltre kast nedetter Otravassdraget. Otra, som renn gjennom Setesdal, kan absolutt by på utfordringar for røynde karar i kano, for ikkje å snakke om førstereisgutar.
Stasjonert i Tyskland
– Der var nokre sanningas augneblink i løpet av dagane på elva, det kan eg skrive under på. Men god rettleiing frå
meir røynde folk hjalp veldig. Likevel, når ein nærmar seg eit fossestryk i det som følest som hundre kilometer i timen, eller held på å velte ut av kanoen, då merkar ein at det er ikkje ein vanleg kontorjobb ein har satsa på. Det var nok augneblink der eg hadde likt å vere attende i Tyskland, eller endå betre, heime i England, seier Simon. Simon og resten av gjengen er til vanleg stasjonert i Paderborn, Tyskland. Ungguten er til vanleg vaktmannskap og stridsvognmekanikar. Ekspedisjonen i sommar var hans fyrste vitjing til Noreg.
Vil attende
Fysiske utfordringar, leiing, disiplin og laginnsats var nøkkelord for turen, som frå norsk side er arrangert for det engelske forsvaret av Brian Desmond i Destination Setesdal, ei verksemd som har spesialisert seg på slike ekspedisjonar for militært personell frå heile Europa. Simon likte seg, trass slitet, godt på ekspedisjon i norsk natur:
– Det har vore beint fram beinhardt, men samstundes utruleg morosamt og lærerikt. Får eg sjansen, kjem eg gjerne attende til Noreg. Det som ikkje drep deg, gjer deg sterkare, seier 19-åringen.
OLE BIRGER LIEN
BALANSEKUNST. Kavalerist Simon Piper (tatovering på venstre arm) trener balansering på Otra før fire dagars tur i kano. FOTO: OLE BIRGER LIEN








