![]() |
|
SNART KLAR: Bak stengde portar ligg verdas raskaste militærfartøy. KNM Storm blei sjøsett 30. november. Om eitt år skal den
etter planen stå klar til overlevering.
|
Dei kan bli verdas raskaste militærfartøy når dei skal vera klare til bruk om tre år. Gjennom Forsvarsstudia 2007 er Skjold-prosjektet, som alle andre strukturar i Forsvaret, igjen under lupa. Mens krefter i Forsvaret ynskjer dei nye fartøya nord og ned, vil andre berre sende dei nord. Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen meiner det bør vera takhøgd i Forsvaret når det gjeld debattane om investeringsprosjekta.
– Det bør ikkje vera overraskande eller uvanleg at det kan eksistere ulike syn på ulike spørsmål og problemstillingar i ein såpass stor organisasjon som Forsvaret er, seier ho, men legg til:
– Å fase inn Skjold-klassen har sitt utgangspunkt i eit gjeldande stortingsvedtak.
![]() |
|
GISMERØYA: KNM Storm er det første fartøyet som blir levert klar til Sjøforsvaret. Verftet i Mandal har også bygd ni mineryddingsfartøy
for Sjøforsvaret.
|
Byggjer for Forsvaret. Umoe Mandal sitt båtverft på Gismerøya er designa for å produsera krigsskip. Det var der dei ni mineryddarfartøya bygd i glasfiber såg dagens lys frå 1994 til 1997. Kort tid etter sette verftet i gong med å oppgradera 14 missiltorpedobåtar i Hauk-klassen. Prislappen blei på over ein milliard kroner. I dag vert morgondagens krigsfartøy bygd i sørlandsbyen, mens Hauk-klassen held stø kurs mot avhending. Så langt er Umoe Mandal i gong med fartøy nummer fire. Forsvarsministeren seier ho ikkje kan svare på kva som blir framtida til desse.
– Det er altså slik at det, med mindre forsvarsbudsjettet vert auka, må bli føreteke kutt i strukturen etter 2008. Kva for delar av strukturen dette vil gjelde, er det ikkje mogleg å seie noko om no. Dette vert vurdert av forsvarssjefen gjennom forsvarsstudia 2007 og gjennom Forsvarspolitisk utval, seier ho.
Regjeringa sine anbefalingar vil bli fremja for Stortinget i neste langtidsplan for Forsvaret, til neste vår.
![]() |
|
TRENAR: Besetninga til KNM Skjold er allereie i gong med brann- og havariøvingar, sjølv om fartøyet manglar våpen og samband.
|
Som normalt. På Gismerøya er besetninga til KNM Skjold i ferd med å gjennomføra ei havariøving. Det er kapteinløytnant Marius Resberg Olsen som leiar øvinga. Han er skipssjef på KNM Skjold og nektar å la seg påverke av rykte.
– Vi har fått retning og marsjordre og held fram med førebuinga som normalt. Ser vi på tal på søkjarar til MTB-våpenet, ser det ikkje ut som at folk blir særleg forstyrra av debatten, seier han.
På den andre sida av båtverftet er kommandørkaptein Rune Andersen om bord på KNM Storm, som har vorten sjøsett. Andersen var skipssjef på prototypen KNM Skjold då fartøyet var på atlanterhavstokt i 2002, og imponerte amerikanarane med den ekstreme farten og den reduserte radarsignaturen som følgje av stealth-teknologien Skjold-klassen blir bygd i. No er han sjef for MTB treningssenter på Haakonsvern i Bergen.
– I MTB-våpenet er vi travelt opptekne med å leggje til rette for å fasa inn Skjold-klassen på ein vellukka måte, slik som Stortinget har vedteke. Debatten om Skjold eller ikkje Skjold tek vi ikkje. Den høyrer heime på eit anna nivå, seier han.
![]() |
|
GAMAL STYREBRU: Richard Salomonsen jobbar om bord på originalfartøyet. KNM Skjold skal attende til Mandal og bli oppgradert
før den kjem ut som siste seriefartøy.
|
Liten marine. I løpet av ti år går Sjøforsvaret frå tjuefem til fem seglande missiltorpedobåtar. Reduksjonen blir blant anna forklart med at Sjøforsvaret kvittar seg med kvantitet – for å satsa på kvalitet. «Ein liten, men robust marine», er ordlyden frå Sjøforsvarsstaben. Både Rune Andersen og Marius Resberg Olsen er sikre på at det er kvalitet Sjøforsvaret no får. Kvaliteten på besetningane som skal operere fartøya er også på høgt nivå, ifølgje dei to offiserane. Så langt er tre besetningar klare.
– Det er mykje avanserte, høgteknologiske system her, men vi har eit kompetansenivå som ligg over det ein kan forvente, seier Resberg Olsen.
For enkelte har det blitt 280-290 kursdøgn i året. Kursa har vore haldne hos leverandørar i USA, Canada, Sveits, Tyskland og Sverige.
– No når vi er her i Mandal må vi tenkje konsept. Vi må ta dei tekniske dingsane over i ein maritim setting, skrive prosedyrar og dokumentere det vi gjer, forklarar Andersen.
![]() |
|
NY STYREBRU: Rune Andersen (t.v.) og Marius Resberg Olsen er imponerte over endringane på KNM Storm si bru, kontra originalen
på KNM Skjold.
|
Forsinkingar. Olsen sitt mannskap har vore i Mandal i snart eit år. Båten deira skal koma ut som siste fartøy om tre år, men før den skal attende til verkstadhallen for siste oppgradering, seglar den som oppøvingsfartøy for dei andre besetningane. Båt nummer to, KNM Storm, startar sine sjøtestar i februar, mens KNM Steil og KNM Glimt byrjar ta form inne på verkstaden. Som med fregattprosjektet er det også forsinkingar i Skjold-prosjektet. Ifølgje prosjektleiar Knut Stormoen i Forsvarets logistikkorganisasjon er det det første fartøyet som vil ha størst forsinkingar.
– Det har teke lengre tid enn planlagt med KNM Storm. Og KNM Skjold skulle vore levert til Sjøforsvaret i mai i fjor, men dei tek ikkje over den før no, seier han.
Til tross for at fartøyet seglar utan våpen- og sambandssystem blir den brukt til opplæring. Besetningane skal gjera seg kjend med fartøyet.
– Skilnadane på KNM Skjold i dag, kontra dei fem andre seriefartøya, er at det har kome nytt framdriftsmaskineri, ny bru og ny rampe til NSM-missilet på akterdekk, fortel Stormoen.
![]() |
|
STORPRODUKSJON: Produksjonen hjå Umoe Mandal er så stor at verftet manglar arbeidskraft. Kapteinløytnant Marius Resberg Olsen
konstaterer at komande KNM Steil byrjar ta form.
|
Setter standarden. Kapteinløytnant Richard Salomonsen er ein av få att i Sjøforsvaret som har segla KNM Skjold. Etter tre år på Hauk-klassen er han attende på båten som navigasjonsoffiser. Å vera med på å setja standarden har han ingenting imot.
– Her er vi med frå byrjinga av. Vi må opne sinnet og prøve og feile. Det finns ikkje fasitsvar – vi er med på å forme vår eiga framtid, seier han.
Korleis framtida blir kan bli avgjort til neste år: Om Skjold-prosjektet skal verte ein salderingspost for Forsvaret, eller om dei nye fartøya går inn som planlagt for operasjonar i eige farvatn og i internasjonale operasjonar. Då F var i Limassol hos det norske MTB-bidraget til UNIFIL 2 i november, gav mannskapa der klart uttrykk for at Skjold-klassen vil vera ein god plattform for slike operasjonar. I mellomtida held Umoe Mandal fram bygginga, mens besetningane førebur seg på å ta i mot.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN








Skriv ut
Tips en venn