Spy-økta

02.6.09

Trond Iversen (33) har to verdscupsigrar i langrenn. No skal han syte for at Ida Hole (22) klarar opptaksprøvane til befalsskulen i juli. På andre forsøket.

 

KLART MÅL: Treningsøktene i skogen ved Mjøndalen har sitt føremål: Trond Iversen skal syte for at Ida Hole greier dei fysiske testane under befalsskule opptaket i juli. Foto: ANDREAS FADUM
KLART MÅL: Treningsøktene i skogen ved Mjøndalen har sitt føremål: Trond Iversen skal syte for at Ida Hole greier dei fysiske testane under befalsskule opptaket i juli. Foto: ANDREAS FADUM


Så bestemt er Hole på å klare testane at ho har engasjert langrennsløpar Trond Iversen (33) for å pushe henne til å komma i form. Utstyr til seg sjølv – og løn til sprintspesialisten – fekk ho etter å ha søkt ei sportskjede om stipend. Iversen har spesialtilpassa eit treningsprogram for Hole. No er ho inne i dei siste vekene med hardtrening før opptaket til befalsskulen startar på Kjevik.
– Eg SKAL klare det, seier 22-åringen bestemt.

Intervalltrening. Det er ettermiddagssola som lyser opp Årbogen idrettspark i Nedre Eiker utanfor Drammen. Dagens ettermiddagsøkt med Trond Iversen skal ta til. Dei to skal spring på turstiane i området. Treninga går for seg i intervall – harde intervall. Så harde er dei at ho får helse på mageinnhaldet enkelte gonger.
– Ein av intervalltreningane er så hard at Trond seier eg sikkert kjem til å kaste opp. Og det har eg gjort, seier Ida Hole.
Eitt minutt knallhard springing opp ein motbakke og eitt minutt kvile. Det vert gjenteke ti gongar.
– Det var sååå hardt. Eg la meg på bakken, blei kvalm og spydde til slutt, seier Hole.
Ni veker med intensiv intervalltrening skal gjera Hole i så bra form at 3 000-meterkravet på befalsskulen skal gjennomførast med god margin. Også dei fysiske og psykiske testane reknar ho med å klare. Føresetnadane er ­gode: Forma er på ingen måte dårleg etter mange år med turn, symjing og friidrett.

Måtte gi seg. Spolar vi tida tre år tilbake, er 22-åringen på opptak til befalsskulen for første gong. Ho måtte gi opp å komme inn. Akutt senebetennelse i beina førte til at legen sa stopp då ho skulle springe 3 000-meteren. Dermed greidde ho ikkje kravet og kom heller ikkje inn som elev.
– Det var ein nedtur, fortel Hole.
Ekstra ille var nedturen fordi familien har ein tradisjon for å jobbe i Forsvaret. Broren Lars Petter (24) har jobba som fenrik i Sjøforsvaret, faren Tom Erik var løytnant i Heimevernet og kjærasten går på Krigsskolen.
– Til og med onklane mine – og bestemor (78) – har jobba i Forsvaret. Så eg har noko å streve etter.
– Er det familien og kjærasten som pushar deg mest?
– Dei òg. Men eg har lyst til å gjera ein karriere i Forsvaret. I første omgang vil eg gjerne komme innanfor saniteten, seier 22-åringen, som i dag studerer ernæringsfysiologi ved Atlantis medisinske høgskole i Oslo.
Der lærer ho mykje om anatomi, sjukdomslære og fysiologi. Med andre ord nyttige element for ei som tenkjer teneste i Forsvarets sanitet.

Rodals program. Det ni veker lange treningsprogrammet – med tre harde, tre middels og tre lette veker – er lagt opp slik at Hole skal bli endå betre til å presse sine grenser. Sjølve intervalltreninga har Trond Iversen kopiert av mellomdistanseløparen Vebjørn Rodal. Rodal tok gull på 800 meter under OL i Atlanta i 1996.
– Treninga legg vekt på særlig løpsstyrke og uthald. Følgjer ho øktene til punkt og prikke, skal det vere slik at mjølkesyra kjem så å seie opp halsen, fortel Iversen, som har to verdscupsigrar i sprintlangrenn å vise til i karrieren. Sjølv satsar 33-åringen mot OL i Vancouver etter å ha stått utanfor landslaget ein periode.

Må gjera det sjølv. Er det éin person dei fleste befalsspirene på Kjevik møter, er det kaptein Ole Myhrmoen (40). Han leier dei ­fysiske testane når felles befalsskuleopptak finn stad på Kjevik. Han blir positivt overraska når F fortel han om Ida Hole si trening og målsettingar:
– Eg har tidlegare høyrt om dei som engasjerer ein personleg trener fram mot opptaka, men ikkje ein toppidrettsutøvar. Det høyrest jo lovande ut. Men toppidrettsutøvaren kan ikkje skape gode prestasjonar åleine. Den ­viktigaste personen er framleis kandidaten sjølv. Det er ho som må gjere jobben og vere i god fysisk form når ho kjem til oss, ­seier han. Kapteinen peiker på at ­skulen kvart år får heile spekteret av ungdomar til opptaksprøvane – og at dei fysiske føresetnadene er svært forskjellige. 19– og 20–åringane er blitt tregare og tjukkare – og det merker han:
– Det er ikkje alle det går vegen for. Men eg vil jo ønskje henne lukke til med førebuingane, seier Myhrmoen.

Paal Ravnaas pr@fofo.no

 

Forsvarets felles opptak og seleksjon (FOS)

Felles befalsskuleopptak har halde fram sidan 2003. Skulene som er med er:
– Forsvarets ingeniørhøgskole
– Forsvarets tekniske befalsskole
– Heimevernets befalsskole
– Hærens befalsskole
– Luftforsvarets befalsskole
– Befalsskolen for Sjøforsvaret
– Befalsskolen for etterretning og språk

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering