Syng for å koma vidare

30.4.08

Platedebutant og major Roger Helmers har skrive musikken sin ute i felt.

MUSIKKTERAPI: Med hjelp frå Atle Rovik i Babysteps productions har Roger Helmers spelt inn album. Plata skal vera klar i slutten av mai.
MUSIKKTERAPI: Med hjelp frå Atle Rovik i Babysteps productions har Roger Helmers spelt inn album. Plata skal vera klar i slutten av mai.


– Eg har hatt med meg keyboard og blyant når eg har vore ute i internasjonale operasjonar. For to år sidan gjekk eg gjennom musikken og fann ut at eg ikkje berre har skrive min eigen historie, men også alle andre veteranar sin, fortel major Roger Helmers (46).
Med støtte frå FN-veteranenes landsforbund, Hæren og Forsvarets musikkorps kjem debutalbumet hans ut i mai.

Sorg og glede. Melodiane er komponert i, eller i tilknyting, til operasjonar i Libanon, Makedonia, Kosovo og Irak. Helmers har brukt låtskrivinga som terapi for opplevingane frå konfliktområda på godt og vondt. No håpar han at andre får den same opplevinga av musikken. 
– Det er min måte å uttrykka kjenslene på. Bodskapen er at fred har sin pris, og at nokre må betala han. Eg skildrar sorgene over å tapa kollegar eller fattigdom og naud, men og gleda, lagnadsfellesskapet og venskapen.

Følsamt bilete. F møter Helmers og produsent Atle Rovik i Babysteps productions i Oslo idet dei legg på siste vokalinnspeling. Tekstane er engelske og lydbilete er stort og følsamt.  
– Du kan godt kalla musikken symfonisk poprock. Me har jobba med plata sidan august i fjor, og eg har halv prosjektstilling for å få tid å gjennomføra dette prosjektet, fortel Helmers.
Medmusikantane på albumet er utelukkande profesjonelle. Det einaste dei manglar no er strykearrangement fra Forsvarets musikkorps som skal på heilt til slutt.

Blir hekta. Majoren er til dagleg i teneste for Hærens styrker i Bardufoss. Den siste utlandsoperasjonen så langt var i Bagdad for tre år sidan, kor han hadde ansvaret for trening av irakiske styrkar.
– Eg prøver å synleggjere menneske bak soldaten. Det er det dette handlar om, å vera menneske. Kvart år kjem det personell med problem heim frå operasjonar, folk som har mista kollegar, som har vore i dramatiske konfliktområde. Paradokset er at når me reiser ut, så føler me at me ikkje kjem heilt heim igjen, fortel platedebutanten.
– Me utgjer ein skilnad når me er ute, men me mistar det ofte når me kjem heim att. Saknet etter den rolla gjer at mange av oss reiser ut igjen – dei blir hekta og blir etterkvart det som me kallar «intops-junkies».

Evne til å fortelja. I år er det 30-årsjubileum for Unifil. Det skal mellom anna markerast med konsert i Oslo 24. mai. På scenen står også Roger Helmers med band.
– Det eg vil fortelja er ingen unik historie, men eg har evne til å fortelja han. Eg har snakka med andre kollegar som seier at eg greier å fortelja det dei ikkje får ut. Slikt gjev meg motivasjon.
Han fortel at den siste misjonen i Irak blei ein tøff påkjenning for den erfarne hæroffiseren.
– Gud blir liten i Bagdad. Overgrep, vald og kriminalitet set ein dempar på trua om at det finns høgare makter. Eg var heilt nedkjørt etter eit halvt år, sov maks fire timar om nettene, og det var kamphandlingar rundt oss heile tida, i form av sjølvmords- og rakketangrep. Når ein har opplevd å mista kollegar og elevar er det ein styrke å vera open om det. Eg får ut mykje ved å setje meg ned med keyboardet, fortel offiseren som har følt konsekvensane av krig også i familien.
– Det at eg har ein bror som er mentalt seinskadd etter internasjonale operasjonar, har gjeve meg inspirasjon til å gjennomføre dette prosjektet og bringa denne viktige bodskapen ut til dei som bør høyra det.

Bekymra. I plateomslaget skal Helmers skriva om korleis musikken og tekstane blei til.
– Musikken har vore stor terapi for meg når eg har vore nede, men eg trur musikken og tekstane har eit breiare nedslagsfelt enn berre hos krigsveteranar, seier han, og viser til dei som ventar heime.    
– Eg har snudd det og fått fram at me som er ute er like bekymra for dei heime. Og det er ei tøff påkjenning å også vera pårørande. Uttrykket «All gave some, and some gave all» seier mykje. Me som reiser ut, fortener kanskje meir heider. Det same gjer dei pårørande som ofte får heim familiemedlem med problem – som til dømes mor mi.
Informasjonssjef Kristin Bjerkli i FN-veteranenes landsforbund var ikkje i tvil om å vera med på prosjektet då ho fekk ein demotape av Helmers.
– Musikken står stødig for seg sjølv, i tillegg kan mange kjenne seg att i tekstane. Ikkje berre veteranar, men også menneske som har opplevd noko tungt. Konseptet hans er veldig spanande, seier ho.

VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN

 

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering