Forsvarsforum

Treng Noreg ubåtar?

No skal behovet for eit ubåtvåpen vurderast.

Tips en venn6.2.2008Skal dagens seks undervassbåtar av Ulaklassen
oppgraderast for eit forlenga liv etter
2020, eller skal Forsvaret leggje ned heile
ubåtvåpenet? Det er slike spørsmål som står
i hovudet på kommandørkaptein Petter Eik-
Andresen om dagen. Prosjektleiaren i
Forsvarsdepartementet har starta dei konseptuelle
studiane knytt til ubåtkapasitetar
etter år 2020.
– Forsvarets logistikkorganisasjon ser på
moglegheitene for å oppdatera Ula-klassen,
medan vi ser etter behovet for ein slik kapasitet,
seier Eik-Andresen.
Prosjekt «Undervannsbåtkapasitet etter år
2020» skal utarbeide ei konseptuell løysing
som skal kvalitetssikrast av eksterne konsulentar.
Dette kan ta to år, ifølge Eik-
Andresen.
– I eit tenkt tilfelle kor Ula-klassen vert
anbefalt utfasa, vil ein definisjonsfase ta frå
to til tre år å gjennomføre, mens det deretter
tek seks til sju år å framskaffa ein ny ubåt av
ferdigutvikla design, dersom det er det som
vert anbefalt.
Vurderer behovet. Finansdepartementet
stiller strenge krav til store, statlege investeringar
som vil kunne koste meir enn 500
millionar kroner. Då skal det gjennomførast
ei konseptuell studie.
– Vi er fire personar som jobbar med dette
prosjektet. Vi skal fyrst og fremst vurdera
om Forsvaret har behov for denne type kapasitetar.
Vi går fram ved hjelp av behovsanalysar.
Eit døme er å gå gjennom framtidige
scenario utvikla av Forsvarets forskingsinstitutt
og Forsvarsstudia og sjå om ubåtane
spelar ei viktig rolle der. Ein annan måte
er å intervjue interessentar, som forsvarssjefen
eller sjefen for Fellesoperativt hovedkvarter,
kor vi stiller konkrete spørsmål om
deira syn på kapasiteten.
I løpet av 2009 får vi svar på om Noreg
verkeleg treng ha ubåtar.
– Kva for alternativ som ligg i denne anbefalinga
veit ingen før analysane er utført,
seier Petter Eik-Andresen.

VIDAR HOPE vh@fofo.no