![]() |
|
KJENT FARVATN: Vêrgud Petter Lunde styrer KNM Fridtjof Nansen med stø hand ut frå Bryggen i Bergen.
|
Tenk deg ti meter høge bølgjer og tette snøbyer i Byfjorden i Bergen. Prøv så å manøvrere deg forbi båtar og bryggjekantar. Orlogskaptein Petter Lunde er ein vêrgud når han med få tastetrykk skaper tidenes storm i det bergenske hamnebassenget. F står med sjøbein på brua «om bord» i Sjøforsvarets nyaste og største navigasjonssimulator, det gigantiske dataspelet med panoramaoversikt – og ein prislapp på 20 millionar kroner. Ifølgje Lunde er det den mest avanserte navigasjonssimulatoren i Europa.
– Me har merka større etterspurnad til simulatoren det siste året. Det kjem av internasjonale krav til sertifikat også for militære sjømenn, investering i heilt nye og avanserte fartøy med høg fart, og at det vert segla mindre i marinen, berre sjå denne hausten. I tillegg er det meir lønsamt å gjere ting i simulator. Å drive basistrening på KNM Fridtjof Nansen er dyrt.
Det seier kommandørkaptein Jan Otto Hammersland, sjef for Sjøforsvarets navigasjons- og kompetansesenter (Navkomp).
PC-trening. Den nye simulatoren kan gå inn i rolla som kva krigsfartøy som helst. Men den kan og spela sivile fartøy som ferjer, små hurtigbåtar og større skip. For augeblikket skal han vera fregatten KNM Fridtjof Nansen.
– Me har tolv PC-ar som gir kvar sitt bilete til tolv prosjektørar, i tillegg kjem fem andre PC-ar til kvar av konsollane på brua, forklarar kapteinløytnant Frode Voll Mjelde, som saman med Petter Lunde har vore med å designa den nye simulatoren.
I september kunne Navkomp installere nyvinninga og ta han i bruk. Frå før finns det fem mindre simulatorar ved Sjøkrigsskolen. Voll Mjelde meiner det vil løna seg å bruka PC-teknologi.
– No brukar me standard PC-hyllevarer, men på den gamle simulatoren brukte me ein annan teknologi. Berre det eine grafikkortet til ein av dei 14 gamle prosjektørane kosta ein halv million kroner, og resultatet hadde tilsvarande kapasitet som ein Play Station 1. Systemet me har oppe no, kostar ein brøkdel og gir mykje betre grafikk.
Lyskastar og kikkert. Petter Lunde skrur opp volumet, og torebrak gir brøl frå seg i veggene.
– Me har dei verkemidla som trengs for å gjere det mest mogleg realistisk. Så lenge elevane føler at dei styrer ei verkeleg skute, vil øvingsutbytet bli mykje betre, men me er avhengig av gode instruktørar, seier han.
Forut på Byfjorden i Bergen ser ein tankskip, militære fartøy som Skjold-klassen og mineryddarar og helikopter passere. Vêrguden syt for at sola går ned i vest, og Frode Voll Mjelde må bruke lyskastar for å sjå fartøya rundt. Han har også ein kikkert tilgjengeleg, som blir styrt frå ein eigen PC.
![]() |
|
HJELPEMIDDEL: Petter Lunde er som ein vêrgud, når han frå kontrollrom kan skapa uvêr for elevane i dei seks simulatorane.
|
Identiske farvatn. Navigasjonsinstruktørane kan ta med seg fartøyet til Oslofjorden eller ei hamn i Singapore, men alle detaljar er ikkje på plass der enno. Så langt er ein femdel av norskekysten plotta inn i systemet, men målet er å få inn heile kysten, inkludert Jan Mayen og Svalbard.
– Frå Måløy til Trondheim og frå Marstein til Mongstad, er det heilt oppdatert, det har me kjøpt frå Høgskulen i Ålesund. Målet er å få til eit forpliktande samarbeid med alle norske maritime skular som nyttar Kongsberg sin navigasjonssimulator, fortel Voll Mjelde.
– Farvatnet skal vera heilt identisk. Det vil seia at byter dei ut ei lykt på kysten ein stad, så gjer me det og, skyt Hammersland inn.
Øving for internasjonale operasjonar. Navkomp blei etablert i 1996 for å samla ressursane innan navigasjon i Sjøforsvaret. I dag er senteret generalinspektøren sin ekspertise innan navigasjon. I tillegg til kadettar frå Sjøkrigsskolen, kjem også mannskap frå dei operative avdelingane for å halda vedlike navigasjonskunnskapen.
– Det kan vera i samband med mønstringar, utsjekk og kvalitetssikring. Og så skal det seiast at simulatoren kan brukast til meir enn navigasjonstrening. Me har blant anna hatt øvingar som omhandlar internasjonale operasjonar og bordingsoppdrag. I tillegg til å trene styrkebeskyttelse og søk og redning, seier Hammersland.
Ved større øvingar kan Navkomp kople saman dei fem mindre og den nye store simulatoren i det same spelet. Elevane held då kontakt gjennom sambandsutstyr.
– Ein av fordelane ved å bruke PC-ar er at det då blir brukarvenleg. Elevane kan sjølve kople opp systemet og øve på fritida, seier Petter Lunde.
![]() |
|
REALISTISK: KNM Skjold frå fugleperspektiv skal ut på haustpatrulje.
|
Skjold-simulator. Jan Otto Hammersland ynskjer at fleire i marinen skal ta i bruk ressursane ved Navkomp.
– På sikt ynskjer me at simulatortrening skal komma spesifikt inn som ein del av oppøvinga. Med teknikken me no har tilgjengeleg nærmar me oss røynda. Men simulatorar er no ein gong berre simulatorar, dei kan ikkje erstatte verkeleg seglas, fortel han.
Til neste år skal det siste tomme rommet ved senteret fyllast opp. Då kjem ein Skjold-simulator som er heilt identisk med brua på dei nye MTB-ane.
– Den ser me verkeleg fram til å få på plass. Simulatoren er finansiert gjennom Skjold-prosjektet og vil vera ein flott ressurs for Sjøforsvaret, seier Hammersland.
Sjøsjuke. Petter Lunde har vore borti tastaturet igjen. No er Vågen i Bergen stille, det er berre måkeskrik og nokre regnbyer igjen i lufta, som seg hør og bør i Bergen by.
– Me har opplevd sjøsjuke elevar i simulatoren. Men det går fort over. Det er verre for besøkande som skal sjå anlegget, seier Hammersland.
Frode Voll Mjelde og Petter Lunde nikkar samd. Dei to regissørane som skal få simulatoropplevinga mest mogleg realistisk, ser ut til å ha det bra på jobben.
– Vi har heilt klart ein morosam jobb, seier Lunde.
– Men Play Station 3 er hakket betre, kjem det frå Mjelde.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: BJØRN ERIK LARSEN
Visste du?
I dag er dei fleste simulatorsystema basert på den same utviklinga som ein finn i spelmarknaden. Men heilt fram til slutten på 90-talet var det vanleg at simulatorleverandørar leverte såkalla proprietære løysingar på grafikksystema. Det førte til høgare utgifter både ved innkjøp, vedlikehald og oppgraderingar.
Prosjektørane
– 12 prosjektørar, Sim 5R DLP frå Barco, viser eit kontinuerleg bilete av den sirkulære veggen som omsluttar brubygningen.
– Prosjektørane inneheld geometrikorreksjon, for å gje eit korrekt bilete på ein bua vegg.
– Optisk kantjustering; kvar prosjektør vert overlappa med 5-10 prosent, slik at den visuelle framsyninga vert oppfatta som kontinuerleg.
– Justerbar lysintensitet; prosjektørane innstiller seg automatisk i forhold til kvarandre, slik at alle lysar like sterkt.
– For kvar prosjektør er det ein vanleg pc.
– Resten av simulatorsystemet er spesialdesigna av leverandørar slik at det skal sjå mest mogleg ut som ei ekte bru.
– Enkelt forklart inneheld det to radarar (DB-10), to ECDIS (Electronic Chart Display and Information System), ein rorstand, ein sambandsstasjon og eiin hovudkonsoll for styring og operering av fartøyet.
– Navkomp har fem mindre simulatorar i tillegg til den store.
– Til neste år kjem den nye Skjold-simulatoren.





Skriv ut
Tips en venn