– Soldatane er for unge

28.10.08

I «Simons historie» tek Stig Ryste Amdam eit oppgjer med dei norske styrke-bidraga i internasjonale operasjonar.

 

AKTUELT: Rollefiguren Simon må gjennom tøffe avhør når han vender tilbake etter innsats i Afghanistan. Eirik del Barco Soleglad og Ingvild Torkelsen har spelar soldat og etterforskar. Foto: TOR ERIK H. MAthiesen
AKTUELT: Rollefiguren Simon må gjennom tøffe avhør når han vender tilbake etter innsats i Afghanistan. Eirik del Barco Soleglad og Ingvild Torkelsen har spelar soldat og etterforskar. Foto: TOR ERIK H. MAthiesen


Teaterstykket «Simons historie» er ein psykologisk thriller om ein soldats heimkomst til kjærasten og kvardagen etter teneste i Afghanistan. Etter ein fire år lang prosess er det klart for premiere på Den Nationale Scene i Bergen fredag 14. november. Manusforfattar Stig Amdam har også regien. Opphavet til stykket kjem frå ein avisartikkel.
– Det var ein tidlegare soldat som hadde teke ei kvinne til gissel. Eg har hatt eit inntrykk av FN-soldatar som positive bidragsytarar i fredsbevarande styrkar. Paradokset i dette gjorde at eg fekk bilete i hovudet av menneska dette dreier seg om, fortel Amdam.

Vervar seg. F fekk vera med på ei prøveførestilling av stykket i Bergen med elevar frå 10. klasse som publikum. 19-åringen Simon vervar seg til det norske styrkebidraget i Afghanistan etter førstegongstenesta. Han gjer dette mest av eventyrlyst og god løn, men det ligg også ein plan bak – å bli lege. Erfaringa som sanitetssoldat vil difor koma godt med. Men perioden i det krigsherja landet skal visa seg å bli farlegare enn det Simon hadde førestilt seg.
– Me har også hatt ei prøveførestilling for elevar frå den vidaregåande skulen. Tilbakemeldingane har vore nær sagt ekstatiske, seier regissøren.

For unge. Med «Simons historie» vil Amdam få i gang debatten om soldatane Noreg sender ut er erfarne nok.
– Eg skulle ynskje at dei vurderingane 18–19-åringane gjer før dei reiser ut var grundigare. Eg trur mange får seg ein smell i trynet når dei kjem heim att. Eg veit sjølv korleis eg var då eg var i den alderen. Hadde eg ikkje kome inn på teaterskulen, ville eg verva meg og teke russiskkurset, fortel 47-åringen.
Amdam understrekar at han har forståing for behovet for personell.
– Så lenge me er med i internasjonale organisasjonar, må me senda ut folk. Eg meiner det er rett at me er i Afghanistan. Men eg stiller spørsmål ved om samfunnet er tent med å senda såpass unge kvinner og menn ut.

Vet ikkje alt. Gjennom «Simons historie» får me også eit innblikk i ei side av saka som mange ikkje veit om, ifølgje Amdam. Han trur at det blir lagt lokk på mykje informasjon som demokratiet burde ha kjennskap til.
– Problemet er at moderne krigføring medfører ekstremt høge tal på drap av sivile, det gjeld også journalistar. Det fører til at den kritiske journalistikken frå dei områda norske styrkar opererer i vert svekka. Tidlegare var journalistane «freda». Det er dei ikkje i dag. Ein del av dei skarpe oppdraga føregår i ei sone som det norske samfunnet ikkje har innblikk i.

Dialog med Hærstaben. Simon sitt liv tek ei brå endring då han blir arrestert, kasta på glattcelle og vert påført knallharde forhør. Han vert skulda for å stå bak ei frykteleg handling. Gjennom forhør og scenar med tilbakeblikk kjem Simon si historie fram, litt etter litt.
«Simons historie» har allereie fått spalteplass i aviser. Ti månader før stykket har sin premiere, fekk Amdam inn ein førespurnad frå Hærstaben som ville diskutere rammene for oppsetjinga. Gjennom Bergens Tidende nekta Amdam Forsvaret innsyn i manuset. I dag er forholdet til dei grønkledde betre, og generalinspektør Robert Mood er venta til førpremiera i Oslo.
– Eg har hatt lange og interessante samtalar med Hærstaben. Det er klart ein tenkjer sitt med ein gong. Er dette eit forsøk på sensur? Me er jo kjende me slike episodar tidlegare. Men no har altså både Forsvaret og tidlegare FN-soldat Anders Grindaker lese gjennom stykket.

Faktiske hendingar. Gjennom stykket kjem det fram hendingar kor Forsvaret held tilbake informasjon. Rollefiguren Simon sine påstandar vert ikkje trudd.
– Alle hendingane i stykket har skjedd, men kanskje ikkje med Simon. Samanhengane er fri fiksjon, medan hendingane er faktiske hendingar, fortel han.
Regissøren seier han har liten tiltru til den psykiatriske oppfølginga soldatane får når dei returnerer etter utlandsteneste.
– Dette har me jo tydelege prov på frå tidlegare tider. Eg trur nok oppfølginga er betre i dag, men illusjonen om at berre ein får snakka med psykolog så blir alt så mykje betre, trur eg ikkje på. Eg meiner motiveringa og førebuinga av soldatane må gå over lengre tid enn førstegongstenesta. Eg vonar «Simons historie» får i gong debatten, seier Stig Ryste Amdam.

VIDAR HOPE vh@fofo.no

Simons historie
– Er skrive og regissert av skodespelar Stig Ryste Amdam ved Den Nationale Scene (DNS).
– Tek utgangspunkt i ein 19 år gamal soldat som har hatt teneste i Afghanistan.
– Er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane teater, DNS og Hordaland teater.
– Har urpremiere 14. november på DNS.
– Blir framført for ungdomsskuleelevar og elevar i den vidaregåande skulen, men har også kveldsframsyning på DNS ut november og desember.
– Stykket skal på turné i Sogn og Fjordane over nyttår.
– Eirik del Barco Soleglad har hovudrolla. Med seg har han Ragnhild Hiorthøy, Ingvild Torkelsen og Stine Varvin.

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering