Gåvmild snopekiosk

30.1.08

Fjoråret blei eit godt år for KNM Fridtjof Nansen sin eigen fregattkiosk. Så godt at Kirkens Bymisjon får overskotet på 25 000.

I SNOPEKIOSKEN: Henning Høiner i Kirkens Bymisjon og Ole Morten Sandquist på KNM Fridtjof Nansen fann tonen då dei møttest om bord på fregatten. Foto: Ragnhild T. Thornam.
I SNOPEKIOSKEN: Henning Høiner i Kirkens Bymisjon og Ole Morten Sandquist på KNM Fridtjof Nansen fann tonen då dei møttest om bord på fregatten. Foto: Ragnhild T. Thornam.


– Me ville gi noko tilbake til KNM Fridtjof Nansen sin adopsjonsby som er Oslo, fortel skipssjef Ole Morten Sandquist.
I samråd med resten av fregattbesetninga valde han ut Kirkens Bymisjon som mottakar av overskotet.
– Du kan godt seia at det er eit utradisjonelt samarbeid. Me ville gje noko tilbake til byen som har adoptert oss. Eit forpliktande samarbeid med ein organisasjon som yter noko godt for byen, som har hjartet på den rette staden.

Signaleffekt. Henning Høiner i Kirkens Bymisjon kan ikkje minnast å ha teke i mot ei pengegåve frå ein forsvarsavdeling før.
– Dette var ei hyggjeleg overrasking. Signaleffekten betyr mykje fordi pengane kjem frå eit miljø som me ikkje forventar skal rette merksemd mot vårt arbeid, fortel han.
Kirkens Bymisjon tek ikkje imot gåver frå organisasjonar som produserer våpen eller rusmidlar. Å bli tildelt pengar frå ei militær avdeling har dei inga problem med.
– Me samarbeidar med Forsvaret også på andre måtar, blant anna ved at me får soveposar og liggjeunderlag som Forsvaret ikkje lenger kan bruka, seier Høiner.

God omsetnad. Det er halvanna år sidan KNM Fridtjof Nansen kom til Oslo for første gongen. Sidan den gong har omsetnaden frå kiosken vore svært god.
– Me har så godt me kan innreia eit rom om bord til ein god, gamaldags snopekiosk. Der sel me godteri, chips, brus og snus. I tillegg til ulike artiklar med logoen til fregatten, seier skipssjefen.
Overskotet frå kiosken plar tradisjonelt sett brukast til velferd for besetninga, anten i form av ein fest, eller til innkjøp av sportsutstyr og musikk. Men ikkje no lenger.
– Me kan ikkje bruka skattebetalarane sine pengar på dette, heller ikkje driftsmidlane me er tildelt. Det er difor kvart enkelt besetningsmedlem som er med og bidrar her, seier Sandquist.
– Så det blir dårlig stelt med velferda framover?
– Hehe, både ja og nei. Me går nok glipp av noko, men me har jo avsette midlar til velferd, seier han.

«NANSEN»: Den nye fregatten tel 123 snopeglade besetningsmedlem. For tida blir fartøyet testa før det kan segla inn i operativ teneste ytst i havet. Arkivfoto: SJØFORSVARET.
«NANSEN»: Den nye fregatten tel 123 snopeglade besetningsmedlem. For tida blir fartøyet testa før det kan segla inn i operativ teneste ytst i havet. Arkivfoto: SJØFORSVARET.


Lovar meir pengar. I samråd med Henning Høiner har besetninga blitt samde om å bruka pengane i prostitusjonsstrøket som er rundt Akershus festning.
– Kontoret vårt er ikkje så langt frå festninga, i tillegg er det jo her fregatten legg til kai når ho er i Oslo. I dette området slit byen med eit tungt rus- og prostitusjonsmiljø, fortel Høiner.
– Eg synes dette er ein god idé. Det er eit område dei ville brukt tid og pengar på uansett, seier Sandquist som alt har lova vekk endå meir pengar til organisasjonen:
– Når dette året er omme vil me gjera likeeins og gi vekk overskotet frå snopekiosken, seier han.

Snart operativ. – Kva skjer med fregatten framover?
– Det blir først eit tokt til Kiel, så skal me førebu oss på det som blir den største marineøvinga i Noreg i år. Den heiter Armatura Borealis og vil telje mange utlandske fartøy. Det blir den første verkelege øvinga KNM Fridtjof Nansen deltek på.
– Men de er jo halvoperative. Kva kan de bidra med?
– Det er sant. Men me er ikkje så langt ifrå no. Mange system er testa og funne gode nok og besetninga har trent godt saman. Dette er noko me ser fram til.
– Og imellom slaga skal de handla i kiosken?
– Det stemmer.
– Bør andre marinefartøy gje overskotet frå snopekioskane sine?
– Eg meiner det er ein god idé, men det er jo sjølvsagt opp til kvar einskild besetning. Me får ein moglegheit til å gjera noko for folk som ikkje har det så bra som oss. Du skal ikkje sjå bort ifrå at KNM Roald Amundsen gjer det same med sin adopsjonsby, seier skipssjefen.
Og den byen heiter Narvik.

VIDAR HOPE vh@fofo.no
RAGNHILD T. THORNAM



Idium Portalserver 3.0idium webpublisering