Halvparten av jentene strauk

30.1.08

Høg strykprosent på 3000-metertestane bekymrar idrettssjefen, men Forsvaret nektar å lempe på krava.

EIN AV TO: Under fjorårets befalsskuleopptak på Kjevik strauk halvparten av jentene. No har Forsvaret lansert ein ny kampanje: «Jenter i form». Arkivfoto: ARNE FLAATEN.
EIN AV TO: Under fjorårets befalsskuleopptak på Kjevik strauk halvparten av jentene. No har Forsvaret lansert ein ny kampanje: «Jenter i form». Arkivfoto: ARNE FLAATEN.


– Ein strykprosent på 50 for kvinner er urovekkjande høgt, seier Steinar Høgseth, sjef for Forsvaret si avdeling ved Norges Idrettshøgskole (NIH-F).
Jentene skal springa i 3000 meter innan 15 minuttar. Berre halvparten av dei frammøtte greidde det då Forsvaret haldt felles befalsopptak på Kjevik i fjor sommar.
– Me må ikkje lempa på krava. Då er det betre å gjera jentene betre førebudd på testane dei må gjennom på opptaksprøven. Forsvaret har ein jobb å gjera med å informera om opptakskrav og koma med treningsinstruks i god tid før jentene stiller til opptak, meiner oberstløytnanten.

Useriøse. – Mange av dei er ikkje vande med å springa i dagleglivet. Dei er heller ikkje vande med å pressa seg sjølve. Det går nok på motivasjon og seriøsitet, for det er naivt å koma uførebudd på eit befalsopptak, seier Høgseth.
Som følgje av 3000-meterfloppen i fjor har NIH-F fått i oppdrag å vurdera om krava for kvinner er for strenge i høve mennene. Dei fysiske krava Forsvaret stiller har sin bakgrunn frå «Testutvalet 1979» og «Testutvalet 1994». Krava har gjentekne gongar blitt justert i takt med samfunnsutviklinga. Dei første kvinnene som kom inn i Forsvaret, måtte tilfredsstilla dei same fysiske krava som menn.
– Me trur på personleg oppfølgjing frå våre kompetente idrettsoffiserar rundt om i landet. I tillegg etablerer me ein eigen treningsportal på nettsidene til Forsvaret kor søkjarar kan få ei oversikt over krav og testar, fortel major Jon Kirknes, også han frå NIH-F.

Bjørneteneste. Høgseth seier at dei fleste fell av lasset alt innan dei første hundre meterane.
– Det er ikkje mykje intervalltrening som skal til for å koma i mål på 15 minuttar. Dei som ligg nær maksgrensa får sjansen til å retesta seg. Mange greier det på det andre forsøket, fortel han.
Men dei jentene som kjem i mål langt bak krava bør revurdera ambisjonane sine.
– Det er gjort ei studie som syner at dei som er svakare enn 15 minuttar treng meir oppfølging og er meir skadd. Det vil kosta mykje for Forsvaret på sikt. Å ta desse inn vil vera ei bjørneteneste – dei vil falla gjennom heile vegen.

Kampanje. Forsvaret har ikkje vurdert å ta ut 3000-metertesten frå opptakskrava, sjølv om fleire internt har ynskja å fjerne han.
– Sånne standardiserte testar er gode når det er snakk om så store grupper, seier Høgseth som saman med kollegane på NIH-F etablerte ein ny kampanje frå 1. januar.
– «Jenter i form» skal motivera til eigentrening. I tillegg til eit eige jentebilag som skal sendast ut til 10 000 jenter frå Forsvarets mediesenter sin database, skal alle jentene frå 1989-kullet som har søkt seg til befalsskulane få tilstrekkelig informasjon om kva som vert kravd av eigeninnsats før ein møter til opptak, fortel Jon Kirknes.
Og for dei jentene som skulle bli skremd:
– Er du relativt godt trena, blir det ikkje noko problem. Det viktigaste er å møta opp godt nok førebudd, seier Steinar Høgseth.

VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN

Felles befalsskuleopptak 2007:
Menn
Testa personar: 977
Tal på stryk: 125
Strykprosent: 13 %
Kvinner
Testa personar: 148
Tal på stryk: 74
Strykprosent: 50 %

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering