Krigsbøker i julepapir

01.12.10

Ny generasjon lesarar har gjeve krigslitteraturen eit oppsving.

SESONGSAL: Forlagssjef Per Nordanger synest krigsbøker har fått ein ny vår, sjølv om den beste boksesongen er om hausten.
SESONGSAL: Forlagssjef Per Nordanger synest krigsbøker har fått ein ny vår, sjølv om den beste boksesongen er om hausten.


– Vi reknar med at krigslitteratur vert å finne under ein del juletre i år, for bøker om andre verdskrigen har fått eit oppsving igjen dei seinare åra. Men konkurransen er hard mellom forlaga, fortel forlagssjef Per Nordanger i Spartacus.
Han representerer eit av forlaga som har spesialisert seg på fakta og dokumentar innafor krigssjangeren og konkurrerer med mange mindre forlag, som til dømes Kagge, Pirat, Nova, Vigmostad & Bjørke og Pantagruel. For ikkje å snakke om nokre av dei store: Cappelen Damm, Aschehoug, Schibsted og Gyldendal.
– Kva er grunnen til oppsvinget?
– Det kjem blant anna av at det har kome til ein ny generasjon lesarar som er nysgjerrig på det som hende under krigen. Dessutan er det blitt merksemd rundt nye sider ved krigen – som Austfronten og dei som kjempa på den andre sida. Bøkene har også vorte annleis med meir dramaturgi – tett opp til spaningslitteraturen, fortel Nordanger.
– Eit anna moment som vekkjer interesse, er titlane og kva slags historier som vert fortalde. Det hjelper godt at bøkene har lokal forankring, slik som boka «Bare kirka sto igjen», seier forlagssjefen.
Forteljinga skildrar tyskarane si nedbrenning av busetnaden i Kvalsund under den tyske tilbaketrekkinga i 1944, da spesielt Finnmark vart råka. Personforteljingar er også svært populære. Spartacus kan til dømes skilte med ein biografi om «Ørkenreven» Erwin Rommel.
–  Kva kan vi vente oss neste år?
– Da kjem vi med ein biografi om Hitlers propagandaminister Joseph Goebbels, røper Nordanger.
Vinterkrigen i Finland trur han også blir populær.
– Når det gjeld utanlandske forfattarar, freistar vi å halde tritt med eit svensk forlag. I nabolandet har dei meir tradisjon for å gje ut krigshistoriske bøker. Boka om 9. april og åtaket på Noreg sel godt i Sverige, fortel han.
Ikkje overraskande er hausten den beste tida på året for nye bøker, mens billigbøkene kjem på våren. Spartacus-sjefen meiner at det er meir å hente frå tida for 65 til 70 år sidan når ny informasjon vert tilgjengeleg – for eksempel frå russiske og austtyske arkiv.

JAHN RØNNE jr@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering