![]() |
|
SMEDASUNDET: Hamna fekk vera i fred då sjøfolket var på fotballbanen. Seinare blei det ope skip for publikum i sjøfartsbyen.
|
Støyen frå idrettsanlegget like utanfor Haugesund sentrum er ikkje til å ta feil av: Dunk-dunk-musikk, supporterar med flagg og heiarop i megafon er lyden av marinen, i alle fall når sjøfolket er på marinemeisterskapen.
– Han er tilbake for godt no, slår flaggkommandør Håkon Tronstad fast, fire år etter at forgjengaren hans la tevlinga på is grunna skral økonomi.
![]() |
|
HIVELINE: Robert Hjelseth frå marinefartøyet KNM Tyr debuterer i den maritime øvinga hivelinekast. Han seier seg nøgd med
eigen innsats.
|
Første gong. I Smedasundet ligg elleve marinefartøy klappa til kai, men det er stille i hamna. Rundt fotballbanane er det derimot full trøkk. Meinig Tonje Istad (19) frå minejaktfartøyet KNM Måløy er med for første gong. Ho stiller på fartøyet sitt femtelag.
– Det er kjekt å gjera noko anna enn å liggja til kai på Haakonsvern, for det er verkeleg keisamt, seier ho i ein kort kvilepause på plenen.
Gjennom fire dagar tevlar 292 påmelde deltakarar i alt frå fotball, roing, symjing, tautrekking til hivelinekast og 3000-metertest. Då F tok pulsen på arrangementet, var det totalt 380 marinefolk til stade.
– Med dette skapar me idrettsleg aktivitet, lagand, teamarbeid og ikkje minst eit høve til å treffa kollegaer i andre omgjevnadar, seier arrangementssjef Ove Godtfred Opperud.
Orlogskapteinen var også i førarsetet i fjor då marinen konkurrerte i Fredrikstad. Han er glad for signala om at marinemeisterskapen blir satsa på også i åra framover.
– Det manglar ein del fartøy i dag av forskjellige årsaker, men på den andre sida er det ein fordel å vera så få når me skal gjennomføra dette på fire dagar, fortel han.
Tidlegare var det nemleg ikkje uvanleg å setje av eit par veker til marinemeisterskapen.
Måtte avlysa. Me må heilt tilbake til 1956 for å finna den første marinemeisterskapen. Vertsbyane var Oslo og Horten. Sidan den gong har tevlinga gått føre seg kvart år fram til 2003, med unntak av 1983 og 1997. Frå 2004 til 2006 valde marineleiinga å avlysa konkurransen på grunn av den økonomiske situasjonen i Forsvaret.
Den pensjonerte marineoffiseren Arne Johan Søyland deltok på sin første marinemeisterskap på 60-talet.
– Samhald er det viktigaste stikkordet her. Men det har tidlegare vore viktig å ha kunnskap i dei maritime øvingane som sjømannskap, tautrekking og roing. Desse disiplinane har vore nedprioritert dei siste åra, men er no inne i varmen igjen til trass for at dei nye marinefartøya har ein heilt annan teknologi enn det me hadde, seier han.
Likefullt, når startskotet for rokonkurransen med travaljer (livbåter) i Smedasundet går, er teknologien på sitt mest fråverande. Søyland saknar øvingar med knutar og knop.
– Konkurransen om å laga den beste knutetavla er ute, og det er synd. Eg vonar den blir teken inn att til neste år, seier han.
![]() |
|
PUST I BAKKEN: Det er eit hektisk program Christina Monge (f.v), Cecilie Snyen, Tonje Istad og Thomas Steine måtte gjennom.
Gjengen frå KNM Måløy tek ein fortent pause.
|
Slengde med leppa. Prestisjen heng høgt i Haugesund. Det ser me når Kysteskadren sin administrasjonsstab, som er med for første gong, spelar fotballkamp mot minevåpenet. Håkon Tronstad er ikkje åleine om å koma med oppmuntrande ord til laget sitt frå sidelina.
– Det er dette folket vil ha. Og så lenge dei vil det, ser eg ingen grunn til å ikkje ha marinemeisterskap. Me har eit spesielt yrke og treng å gjera ting saman, kjenna kvarandre og ikkje minst stola på kvarandre. Me jobbar med idrett heile året, og då synes eg det er på sin plass å gjera det skikkelig éin gong i året, seier Kysteskadresjefen.
Den same sjefen var i førekant av meisterskapen ute og slengde med leppa. Flaggkommandøren tok mål av seg å slå alle skipssjefane på 3000-meteren. Så vel gjekk det ikkje, til trass for hardtrening i førekant.
– Skipssjefane var meir lettbeinte enn eg hadde trudd, så det er litt overraskande. Men det er tydeleg at eg har undervurdert motstandarane, smilar Tronstad.
– Til neste år får eg anten bli mindre stor i kjeften, eller trena endå hardare. Det blir nok det siste.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: MARIUS KNUTSEN/FMS
Marinemeisterskap
– Eit årleg arrangement i regi av Kysteskadren sin stab.
– Blei arrangert for første gong i 1956 i Oslo/Horten.
– Skal vera ein motivasjonsfaktor for fysisk aktivitet gjennom året.
– Årets meisterskap fann stad i Haugesund 19. til 23. mai og var den 49. i rekka.





Skriv ut
Tips en venn