![]() |
|
STYRT AV SJØMENN: Flo sin avdeling i Bergen, med Svein Mandelid i spissen, planlegg årets Cold Response sett frå eit logistikkperspektiv.
|
Frå 1. mars og to veker fram blir Troms fylke omgjord til reine konfliktområdet. Forsvarets største øving i år er skreddarsydd avdelingar som skal ut i internasjonale operasjonar. Øvinga er også retta mot logistikkverksemd. Kommandørkaptein Svein Mandelid i Flo Base Bergen har fått utfordringa med å leie og gjennomføre logistikkstøtta til iskalde Cold Response. Førebuinga har halde fram i eitt år.
– Styrkane som skal vera med er avhengig av støtte frå fleire Flo-avdelingar. Både nordmenn og utlendingar treng støtte til forlegning, forpleiing, køyretøy og anna materiell som trengs i arktiske forhold. I tillegg kjem drivstoff, reparasjon av materiell og reint vatn, fortel han.
Det er første gong at sjøfolket frå Flo Base Bergen førebur ei slik storøving. Ansvaret går på rotasjon mellom ulike Flo-avdelingar for å spreie kompetansen, forklarar Mandelid.
– Når vi har funne ut kva dei ulike styrkane treng, er det vårt oppdrag å gå gjennom behova med dei avdelingane som skal stå for leveransen. Dette er nitid arbeid med mange detaljar, seier han.
Flo si støtte under sjølve øvinga vert leia gjennom organisasjonen Joint Logistic Support Group. Denne er sett opp etter Nato sitt konsept for NRF (Nato Response Force) og er ein fellesorganisasjon som tek i mot alle styrkane.
– Den har ein stab som planlegg og gir oppdrag til underlagte einingar som støttar sjølve øvinga, og det er hovudsakleg Flo-avdelingar, fortel Mandelid.
Dei siste åra har Flo i større grad gått over til logistikk som kan flyttast på for å kunne etterforsyne der styrkane er.
– Det er viktig at vi får øvd desse einingane også, og særskild dei som står oppført på NRF-beredskap. For landstyrkane skal vi øve støtteelement for Telemarkbataljonen. Dette omfattar eit nasjonalt støtteelement med avdelingar som transporttropp, forpleiingslag (eit stort feltkjøkken skal forsyne 500 personar kvar dag), vassreinselag, reparasjonslag, drivstofflag, feltbad og stabspersonell. I tillegg skal Flo øve framskoten etterforsyning ved å opprette Forward Supply Area til direkte støtte til nokre av Hærens avdelingar.
– På luftsida øver vi støtte til luftavdelingar som er deployert til flystasjonane Ørland, Bodø, Bardufoss, Evenes og Andøya. Også der øver vi det nasjonale støtteelement, som er skreddarsydd for å kunne støtte Luftforsvaret sine luftvernsystem (Nasams), forklarar orlogskapteinen.
– Sjøforsvaret sitt logistikkfarty KNM Valkyrien er deployert til FN-styrken i Limassol, og det er synd for øvinga sin del. På den maritime sida får vi likevel øvd inn Flo-einingar som går inn i ein Forward Logistic Site. Dette omfattar leiing, reparasjonslag og forsyningspersonell.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN



Skriv ut
Tips en venn