Os til topps i VM

30.4.08

Alexander Os tok med seg gull og bronse frå militær-VM i Austerrike.

SUVEREN: Alexander Os frå Fauske kunne jubla over individuell bronsemedalje på 15 km langrenn og gull på 25 km patruljeløp.
SUVEREN: Alexander Os frå Fauske kunne jubla over individuell bronsemedalje på 15 km langrenn og gull på 25 km patruljeløp.


Dei fleste deltakarnasjonane toppa laga sine då Austerrike inviterte til militært verdsmeisterskap på ski i Hochfilzen. Av dei norske utøvarane har kanskje skiskyttaren Alexander Os størst grunn til å jubla.
– Eg er kjempenøgd med eigen innsats, spesielt på 15 kilometer langrenn kor eg fekk bronse, fortel skiskyttaren, som kom i mål berre eit halvt sekund bak tyske Tobias Angerer.

Høgt nivå. Ikkje uventa stakk dei norske herrane av med gullet på det 25 kilometer lange patruljeløpet. Det sytte kvartetten Os, Lars Berger, Ronny Hafsås og Tor Halvor Bjørnstad for. Eit sterkt fransk lag med Raphaël Poireé i spissen blei parkert i skisporet.
– Meisterskapet var tilnærma eit vanleg verdscuprenn med tanke på dei sterke laga som stilte til start, men me var heldigvis sterkast, seier Os, som har ein militær VM-medalje av gull frå 2003 frå før.

Krevjande. Gode skiforhold og mykje snø gjorde sitt for at det gjekk fort i sporet. Også det norske kvinnelaget viste musklar på patruljeløpet, med sin gullmedalje. Julie Bonnevie-Svendsen hadde med seg Jori Mørkve, Berit Nordstad og Kari Henneseid Eie på det 15 kilometer lange løpet. Å delta på militære meisterskap er noko anna enn det ho er vand med.
– Det er spesielt med militære arrangement, med andre rammer og ikkje minst patruljeløpet som er ein morsam og krevjande disiplin eg trivst godt med, seier ho.

Tre gull.
Det norske herrelaget fekk også med seg ein bronse for laginnsatsen på 15 kilometer langrenn, medan kvinnene gjekk heilt til topps i 7,5 kilometer skiskyting. Med tre gullmedaljar og to bronse er kaptein Øystein Sæther i Forsvarets skiutvalg nøgd med innsatsen.
– Dei konkurrerte mot OL- og VM-vinnarar og presterte over all forventning. Eit anna positivt poeng er at utøvarane legg prestisje i militæridretten, sjølv mot slutten av ein lang sesong, seier Sæther.

VIDAR HOPE vh@fofo.no

 

Idium Portalserver 3.0idium webpublisering