![]() |
|
SKO DEG RETT: Sjå på dei gamle skorne dine kvar slitasjen er størst før du kjøper nye, rår Bjørnar Dullum, Øystein Sylta og
Kjersti K. Danielsen.
|
– Kva må ein hugse på?
– Å førebyggja skadar, seier Øystein Sylta, tidlegare europameister i militærfemkamp.
– Feil sko kan gje deg store skadar. Dersom ein overpronerer (landar på innsida av foten når ein spring, red. anm.) utan støtte, er det stor fare for skade på akillessene, kneet og heilt opp til ryggen. Då må du ha rett sko.
Ikkje gel. – I tillegg må ein vurdere kva skoen skal brukast til. Er det til springing i terreng, på asfalt, innandørs eller på ei tredemølle, skyt Kjersti K. Danielsen inn.
Ho har tre år bak seg som skotestar hjå ein forhandlar i Oslo.
Med joggesko på, aukar verdien på føtene deira totalt med 3800 kroner. Det er mykje pengar.
– Det er ikkje alltid den dyraste skoen er den beste, seier Danielsen.
– Men det er mange som tenkjer sånn. Då endar dei ofte opp med eit skopar som er mykje tyngre og kraftigare enn det dei burde hatt.
– For meg på 90 kg, kan sko med gel utelukkast, dei blir for mjuke. Då er kraftigare luftdemparar betre, seier Dullum.
– Medan eg treng lettare sko med mjuk til middels demping, kjem det frå Danielsen.
Skeptisk. Sko som er på tilbod er dei kritiske til, alle tre:
– Ofte kjem slike tilbod på grunn av at forretninga har eit stort overskotslager som har vore i butikken over tid. Men sålar er faktisk ferskvare som mistar effekt og blir stivare når dei har stått i ro ei stund, seier Danielsen.
– Det er litt som med bildekk; sjølv om bilen står i ro i fleire år, blir dekka dårlegare, seier Dullum.
Idrettsoffiseren brukar heller pengar på skikkelege sko enn dyre treningsklede.
– Sko er det viktigaste verktøyet for idrettsutøvarar og mosjonistar. Med tanke på at me har tre til fem gongar kroppsvekta når me landar, seier det seg sjølv at fottøyet er viktig.
VIDAR HOPE vh@fofo.no
Foto: ARNE FLAATEN
![]() |
|
joggesko1.jpg
|
Nike Air
Zoom Skylon
– Denne modellen har eg fire par av. Den er lett og mjuk i dempinga og gir ei god springekjensle. Gummien i såla sit godt i terrenget. Minusen er at den ikkje er så slitesterk.
Pris: 1200 kr.
BJØRNAR DULLUM,
Nike Air
Zoom Vomero
– Eg har brukt Nike dei siste ti åra. Denne modellen gjev maks støytdemping. Den er hard og kraftig og den er brei på tuppen, slik at eg får plass til lange tær. Eg har holfot og tverrplattfot, men denne skoen gir god støtte.
Pris: 1400 kr.
ØYSTEIN SYLTA,
Adidas
Adistar Control
– Dette er min favorittsko til mengdetrening. Eg har vore skadeutsett og treng difor sko som gir stabilitet ved overpronasjon. Skoen er relativt lett i vekt og er behageleg å springe med.
Pris: 1200 kr.




Skriv ut
Tips en venn