![]() |
|
KULDETEST: Puma under testing i Porsanger i vinter. Foto: PRIVAT
|
Etter 40 års teneste i den tyske hæren skal Marder stormpanservogn – som mellom anna brukast i Afghanistan -– få avløysing. Den nye heiter Puma,
og vogna vert bygd for moderne, mobile scenario «world wide» – med fjernbetjent skyts og betre mobilitet.
– Teknologien har endra seg mykje på 40 år. Puma er også konstruert etter 11/9, tiltenkt ein «task force», seier testsjef
Gerdt Martin Benning, og viser til at tårnet er heilt nytt – med ein 30 mm Mauser maskinkanon som kan ladast innanfrå med
to separate matemekanismar.
Tyskland har så smått byrja innfasinga av Puma. Rett nok er produksjonen redusert litt – til knapt 400 køyrety. Men ein ser
nok for seg eksport av det dei sjølv omtalar som det beste «infantry fighting vehicle» i verda.
Puma er fire meter brei, altså breiare enn Leo 2, og flat i botnen. Tysk ekspertise har – i motsetnad til amerikansk – kome til at god, flat pansring
er å føretrekkje framfor den såkalla v-forma. Vogna skal vere sterk nok til å bli løfta av ei vegbombe utan at dei fastspente
inni blir alvorleg skadde.
Det er tjukt glas i bakdøra, glasgluggar på toppen og fleire kamera på vogna. Sjølvsagt også termisk sikte. Kampklar veg ho
43 tonn med maksimal pansring, og mannskapet på tre sit i same rom som infanterilaget. Pansringa finst i tre utgåver slik
at basismodellen veg berre 29 tonn og vogna kan transporterast luftvegen.
– Vi har skote mykje i Tyskland og testa Pumaen også i streng kulde i klimakammer. Men vi ynskte også å ta ein langtest i
Nord-Noreg, seier testsjef Benning. Han merka kanskje kulda best på eigen kropp då 25 kuldegrader og sterk vind gjorde det
ufyseleg inne i Halkavarre skytefelt. Byte av motor måtte testlaget også gjere.
Ikkje mindre enn 80 testpersonar har vore involverte i kuldetesten. Dei kjem frå Bundeswehr sitt tekniske senter og produsentane
Krauss-Maffei og Rheinmetall, som har etablert prosjektorganisasjonen PSM.
Noreg oppgraderer. Dei norske CV 9030 N, som vart leverte sist på 90-talet, skal no moderniserast:
– Nokre av våre stormpanservogner har fått minetrygging for operasjonar i Afghanistan. Men vi har også starta eit prosjekt
for å modernisere dei rundt 100 vognene vi har, for vogna er i ferd med å oppnå berekna levetid. Vi kjem til å gjenbruke skrog
og tårn i tillegg til å kjøpe nokre nye skrog og vil lage vogner tilpassa fleire behov, som stormingeniørar, transport og
bombekastar i tillegg til oppklaring, leiing- og tradisjonell stormpanser, seier major Gard Ommedal. Han er seksjonssjef kavaleri
på manøverskolen/Hærens våpenskole.
Dei nye vognene vert i tillegg tilpassa for bruk i eit nettverksbasert forsvar, eit viktig steg for auka effekt i framtida.
Den norske moderniseringa av CV 9030 N er planlagd gjennomført i 2014–2015, eit milliard-prosjekt, hjå produsenten BAE Hägglunds.
TORBJØRN LØVLAND tl@fofo.no
Puma
Mannskap: 9 (3+6)
Lengd/breidd/høgd: 7,4//3,7 /3,1 meter
Maks hastighet (revers): 70 km/h (30 km/h)
Effekt: 800 kW (1088 hk)
Hovudvåpen: MK30-2/ABM, cal. 30 mm
Sekundært våpen: MG 4, cal. 5.56 mm
Missilsystem: SPIKE LR (EuroSpike)
Vern: Mot miner, vegbomber, ABC-angrep, missil m.m.
Prislapp: 3 mrd Euro innan 2020



Skriv ut
Tips en venn