![]() |
|
HOPPLA: Sjølv med mange års livsrøynsle er det første gongen Espen Simonsen freistar seg på hesteryggen. Det var ikkje berre
enkelt. Foto: CHRISTIAN NØRSTEBØ
|
– Eg freista å klamre meg fast så godt eg kunne. Eg har ikkje sete på ein hest sidan speidaren, smiler Espen Simonsen (43) og rettar på ridehjelmen.
Vi er på Krogsrud gard og ridesenter der ein handfull veteranar sit breibeinte på kvar sin gamp. Etter ein nølande start skal
dei ferske ryttarane no få prøve galopp for første gong. Ein etter ein fyk ekvipasjane nedover langsida. Somme meir grasiøse
enn andre.
– Kvifor ser det så enkelt ut på cowboyfilmar, undrar Simonsen, med eit godt tak om taumane. Veteranen frå Balkan og Libanon
har fleire opphald på Bæreia bak seg.
Men det er første gong han vågar seg opp i salen.
– Dette er jo eit ganske nytt tilbod. Men til våren skal det arrangerast rideturar ute i marka med høve til overnatting. Ulvesafari
frå hesteryggen - det hadde vore noko, tenkjer han høgt.
Meistringskjensle. Riding er ein av dei mest populære aktivitetane våre. Dessutan kan vi tilby eit moderne treningssenter, turterreng med moglegheiter
for jakt og fiske, kanoutlån, langrennsløyper, tilgang til golfbane, bowling og symjebasseng, seier nestkommanderande ved
Bæreia,
Arnstein Hestnes.
To offiserar jobbar på fulltid med å leggje til rette for aktivitetar eller med å drive med treningsrettleiing. Og det
er fleire grunnar til at ulike fysiske aktivitetar er så høgt prioriterte på veteransenteret.
– Vi har mange gjester som slit med posttraumar og søvnproblem. Da er trening og frisk luft eit veldig bra verkemiddel. Ein
får tankane bort frå vonde minne. For dei med sosial angst er idretten også ein viktig arena for å møte andre menneske, seier
aktivitetsoffiser Ola Tomter.
Han understrekar at det er opp til den einskilde om dei ønskjer å vere med. Målet er likevel at så mange veteranar som mogleg
skal ta del i fysiske aktivitetar.
– Dersom vi ser nokon som berre sit i sola med kaffikoppen, freistar vi å gi dei eit omsorgsfullt dytt i baken. Det treng
ikkje vere snakk om meir enn ein kort spasertur ned til innsjøen. Andre er svært aktive og ønskjer spesialtilpassa treningsprogram.
Det er ein klar samanheng mellom god mental helse og fysisk aktivitet. Folk blomstrar opp og blir meir sosiale. Dessutan opplever
mange ei kjensle av meistring
som ein ikkje får på andre arenaer, seier Tomter.
Terapi. Tilbake på Krogsrud ridesenter er det definitivt ei ny oppleving for mange å ta styringa over ein gammal travhest.
– Mange trur det berre er å sitje rett opp og ned. Dei får seg nok ei overrasking. Det er også eit treningsutbytte ved å ri.
Forutan koordinasjon og balanse kjenner ein det både i ryggen og låra etter nokre minutt på hesteryggen, seier
Line Brodahl som driv Krogsrud gard. Ho får ofte besøk av veteranar frå Bæreia.
– Eg kallar det trening og terapi på ein gong. Det er dokumentert at ein blir roligare av å halde på med dyr,
seier ho og klør ein gammal travar bak øyret.
Til vanleg vert det arrangert turar i skog og mark på hesteryggen. Men i dag har kombinasjonen vårsol og kalde netter dekt
stigane med eit tjukt lag is. Med hestar som ikkje er skodde for vinterføre, blir det derfor berre ein kort tur langs bilvegen
leidd av feltprest Christian Skovdahl. Aktivitetsoffiser Tomter på den andre sida trivst best med begge beina godt planta
på jorda. Rett nok er han tidlegare noregsmeister i vass-skihopp, men i dag vil han heller sjå på hestane på trygg avstand.
– Vi må ha eit breitt aktivitetstilbod fordi veteranane har ulike interesser og behov. Alt frå kosthaldsrettleiing for dei
som vil slanke seg, til smørjekurs for langrennsløparane. Rideturar har også blitt it svært populært tilbod. Det er ei heilt
spesiell kjensle å ha ein 800-kilos gamp mellom beina, konstaterer han mens to veteranar travar forbi.
SVEIN ARSTAD sa@fofo.no



Skriv ut
Tips en venn