![]() |
|
CLEAN SWEEP: KNM Fridtjof Nansen gjorde reint bord etter denne fulltreffaren på USAs vestkyst. FOTO: SJØFORSVARET.
|
I den amerikanske marinen vert det kalla «a clean sweep» når fartøy skyt full pott på alle skot. Med seks treff av seks moglege i testskyting av ESSM (Evolved Seasparrow Missil) kunne KNM Fridtjof Nansen segle inn til hamna i San Diego med en feiekost hengande frå signallina i masta.
Omfattande. – Det er tryggande å konstatere at desse delane av fartøyets hovudvåpen fungerar, seier generalinspektør Jan Eirik Finseth som har vore med «Nansen»-besetninga på den vellukka testskytinga.
Prøvane og testane er del av den operative evalueringa av luftvernsystemet Aegis på den nye fregattklassa. Perioden har innehalde omfattande teknisk testing av systema langs kai, avanserte øvingar innan luftvern og elektronisk krigføring, samt ei veke med «live» skyteøvingar på havet.
Verdas beste. Testprogrammet blei utført saman med det amerikanske fartøyet USS Gridley og spanske SPS Mendez Nunez på vestkysten av USA. I tillegg til seks skot med ESSM blei det også avfyrt 120 skot med 76 mm-kanona Oto Melara.
Med eit av verdas beste skytefelt med tilhøyrande fasilitetar i California er skipssjef Halvard Flesland imponert over ressursane han og besetninga får låne.
– Fasilitetane omfattar ein eigen flyplass med ei rekkje typar fly og helikopter spesielt utrusta for å gjennomføre testane, seier han.
Reiser heim. KNM Fridtjof Nansen kasta loss frå Haakonsvern 11. april. Fredag 20. juli skal fregatten vere attende i heimehamna. Systerfartøyet KNM Roald Amundsen er venta heim frå verftet i Nord-Spania i september. I tillegg er bygginga av dei tre øvrige fregattane godt i gong.
VIDAR HOPE vh@fofo.no



Skriv ut
Tips en venn