![]() |
|
SAMKØYRING: Tre veker med integrering, var det som trengtes. No leverer Noreg og Nederlands felles styrkebidrag til Nato.
Her er ein norsk stridsbåt og eit nederlandsk landgangsfartøy. Foto: SJØFORSVARET
|
Når Nato Respone Force (NRF) sin rotasjon nummer 12 trer i kraft i januar, har Noreg og Nederland eit felles amfibiestyrkebidrag. Gjennom tre haustveker har norske offiserar vore på Hebridane utanfor Skottland og gjort siste finpuss før samarbeidet kan erklærast operativ.
– Eit norsk mannskap på 45 personar segla med det nederlandske fartøyet «Johan de Witt». Me har hatt med oss tre stridsbåtar og ein mindre stab, fortel orlogskaptein Lars Larson, prosjektansvarleg for NRF12 i Norwegian Task Group (NorTG).
Nordmennene deltok i storøvinga Joint Warrior.
Naturleg samarbeidspartnar. Kommandør Henning Amundsen, sjef for NorTG, meiner Nederland er ein naturleg samarbeidspartnar.
– Noreg har ein liten marine. Difor er det naturleg å samarbeida med andre nasjonar på øving. Når Nato i tillegg har gjort grep for å forenkla påmelding til NRF-styrkar, ved å la nasjonar stilla saman, var det naturleg for oss å gjera dette med Nederland, seier han.
Den tolvte NRF-styrken skal vera i beredskap fram til juni 2009. Det er seks år sidan Nato etablerte den hurtige reaksjonsstyrken. Amundsen ser for seg vidare samarbeid også utanfor Nato-oppgåvene.
– For at me skal få optimal trening er me avhengig av å øva med andre. Det kan vera på vinterøvingar i norsk farvatn, eller på øvingar utanriks. Erfaringane me fekk frå Joint Warrior no i haust stadfesta at me jobbar godt med den nederlandske styrken.
Godt integrert. Dei norske stridsbåtane SB90 har vore delaktig i ilandsetting av mannskap. Det er operasjonar i strandsona som er fagfeltet til den norsk-nederlandske kapasiteten.
– I konseptet ligg det rekognoseringsarbeid med kystjegerar, ilandsetting med stridsbåtar og styrkebeskytting i regi av minedykkarar. Alt dette skjer før dei nederlandske marinesoldatane kan setjast inn, fortel Larson.
Han meiner at dei to nasjonane er så godt integrert at dei er førebudd på Nato-oppgåver over nyttår.
– Det var ein grei jobb å integrere styrkane. Øvinga var ei god gjennomkøyring, meiner han.
Det er Nederland som skal ha kommando over styrken.
VIDAR HOPE vh@fofo.no



Skriv ut
Tips en venn