![]() |
|
RYDDAR HAVET: Minevåpenet satsar sterkt på minerydding langs Finnmarkskysten også til neste år. Her frå årets ryddeaksjon.
FOTO: SJØFORSVARET
|
No skal gamle miner og andre typar eksplosivar frå andre verdskrig kartleggjast.
– Med eventuell framtidig utbygging av maritim infrastruktur i landsdelen knytt til olje, gass og sjøtransport, er det viktig
å kartleggje og eventuelt uskadeleggjere slike eksplosivar, fortel kommandør Per Kartvedt, sjef for Minevåpenet.
To fartøy. Over nyttår skal to mineryddarfartøy førebu seg til vårens tokt i nord. Tidlegare i år fant Sjøforsvaret tre miner i området.
Den eine vart funnen under to kilometer frå eit gassmottak på Melkøya.
– Me har fått tilbakemeldingar både frå operative og lokale myndigheiter om at me er ønskja også til neste år. Dette er ei
viktig oppgåve som me må ta på alvor, seier Kartvedt.
Nytt utstyr. Tekniske problem med framdrifta har ført til uføresett mykje stilleligge for Minevåpenet sine fartøy denne hausten. Per Kartvedt
meiner 2009 vil bli eit travlare år for mineryddarane.
– Framdriftsproblemet har påverka seglingsprogrammet vårt, men desse har no funne si løysing. Akkurat no er me inne i ei spanande
tid med innkøyring av nye sonarar, nytt kommando-, kontroll- og informasjonssystem og ny Hugin AUV (autonom undervassfarkost).
Dette er utstyr som skal gjera oss rusta til å gjera ein endå betre jobb på havet, fortel han.
Nytt Nato-fartøy. Samstundes har minejaktfartøyet KNM Karmøy segla i Nato si ståande mineryddarstyrke denne hausten. Den kjem tilbake til Haakonsvern
i god tid før jul.
– Me førebur allereie ny besetning og fartøy til å vidareføra norsk deltaking i styrken neste år. Fartøyet KNM Rauma går inn
i styrken frå neste haust.
Styrken har denne hausten operert i Middelhavet frå Hellas til Gibraltar. Siste del av toktet hadde dei utanfor Frankrike
ved Den engelske kanal.
Nytt perspektiv. Våpensjef Per Kartvedt ser fram til ein travel periode etter årsskiftet.
– Me kjem til å delta tungt på dei fleste øvingane og treningsvekene i regi av Norwegian Task Group, kor me spesielt fokuserer
på å integrere minerydding i større maritime operasjonar. Med nytt utstyr vert det samstundes opna nye perspektiv på korleis
me gjennomfører maritim minerydding, seier han.
Ein av dei mest spanande og kanskje viktigaste utfordringane i neste års program er likevel eksplosivrydding på Finnmarkskysten,
i følgje våpensjefen.
– Eksplosivryddinga i nord kan sjåast på som eit bidrag frå Minevåpenet i nordområdesatsinga, slår komman-
døren fast.
VIDAR HOPE vh@fofo.no



Skriv ut
Tips en venn