![]() |
|
DANS PÅ ROSER? Skilsmissetala i Forsvaret har ikkje vore god lesnad. Nina og Anders Lekven dansa brurevals i 1981. No meiner
dei å ha danna grunnlaget for fleire år saman. FOTO: VIDAR HOPE.
|
Det kan sjå harmonisk ut når Nina og Anders Lekven svingar seg romantisk inn i kvarandre sine hjerter akkompagnert av deLillos’ «Smak av honning». Sanninga er at ekteparet var skeptiske til heile greia.
– Me var avventande i første omgang. Du veit, ein har jo ei frykt for å utlevera og blottlegga seg sjølv og ekteskapet, fortel kommandør Anders Lekven.
Nestkommanderende i Kysteska-
dren, kona Nina og seks andre par frå Sjøforsvaret tok likevel sjansen og møtte fram til samlivskurs i Bergen. Det angrar dei ikkje på etter ei helg med tull og kos, som dei sjølv seier.
Alle får tilbod. Ei undersøking gjort av Arbeidsforskingsinstituttet i 2006, viser at samlivsbrot blant forsvarstilsette er større enn i den sysselsette befolkninga elles.
I dag får alle som skal ut i internasjonale operasjonar tilbod om samlivs- og kommunikasjonskurs.
– I Kysteskadren har me eit anna tenestemønster, spesielt belastande er det for dei som er på fartøy, difor har alle tilsette fått tilbod om å vera med på kurset, fortel stabsoffiser for personell- og familiestøtte i Kysteskadren, Cathrine Lie Otteråen.
Nina og Anders Lekven har vore gifte i 27 år. På den tida har dei fått tre jenter og budd i Bodø, Oslo og Bergen, samt byar i Belgia, England og USA.
– Ekteskapet er nok ekstra utfordrande for dei som har ein partnar i Forsvaret. Det er forventa at me skal kunne reagera raskt og flytta på oss. I somme tilfeller er det snakk om dramatiske endringar. Å etablera seg i eit nytt nærmiljø gong på gong kan vera tøft. Ein blir jo fort usikker, fortel Lekven.
Tilpassa Sjøforsvaret. Tal frå samlivssenteret ved Modum bad viser at par som har gjennomgått eit samlivskurs har 50 prosent større sannsyn for å halda fram som par enn dei som ikkje har delteke.
– Kurset me tilbyr Kysteskadren-tilsette er utvida og tilpassa Sjøforsvaret. Me skal leggja til rette for fleire kurs utover året, for dette er ei billeg investering, seier Lie Otteråen.
Kommandør Anders Lekven er sjølv i leiargruppa i Kysteskadren og har ansvar for å leggja til rette for ein god familiepolitikk i organisasjonen.
– Det har ikkje vore særleg bra tidlegare, men no har me gjort fleire tiltak. Me er på rett veg, men ikkje heilt i mål, seier han.
– Når me utarbeidar årsprogrammet, legg me seglinga i bolkar for å unngå kollisjonar med feriar. Det er viktig at tilsette får ro når resten av familien har det. Målet er å vera så føreseigelege at folk kan tinga ferien eit år i førevegen. Me har jo større leveranseansvar overfor familien enn systemet.
Le meir. På samlivskurset i Bergen fortel kursleiar Eiel Holten at barn i snitt ler 400 gongar per dag, før han spør deltakarane kor mange gongar dei trur vaksne ler. Svaret er 15 gongar. «Er ikkje det utruleg trist», spør Holten, og brettar opp smilebandet på forsamlinga. Lekven påpeiker at samlivskurset er eit førebyggjande tiltak.
– Ein lyt ikkje satsa på dette kurset dersom ein går inn for å redda eit allereie slitt ekteskap, seier han.
– Kurset skal danna grunnlaget for det å bli gamle saman. Det er deg og partnaren din all merksemd er retta mot. Då er det jo berre til å ta imot og læra, på ein konstruktiv og god måte.
![]() |
|
FAMILIEOFFISER: Catrine Lie Otteråen.
|
Kosekurs. Cathrine Lie Otteråen meiner Sjøforsvaret er på god veg i kampen mot låge skilsmissetala.
– Det kan vera tøft og utfordrande å leva saman som forsvarsfamilie. Tilsette som har vore med på dette kurset er utelukkande positive. Me får stadig gode tilbakemeldingar og interessa har spreidd seg rundt i Kysteskadren, seier ho.
Anders Lekven meiner han og kona gjorde eit godt val då dei fekk fingeren ut og gjekk på kurs.
– Dei som vil leva sama,n lyt ta dette kurset. Det er jo eit kosekurs, seier han.
VIDAR HOPE vh@fofo.no




Skriv ut
Tips en venn